Religionsfridom
Du har rett til å velje kva du vil tru på, eller å la vere å tru. Dette blir kalla religionsfridom. Religionsfridom er ein menneskerett, altså ein rett alle menneske har berre fordi dei er menneske. I Noreg er denne retten også skriven inn i Grunnlova, som er dei viktigaste reglane for korleis landet blir styrt og kva rettar vi har.
Men det har ikkje alltid vore slik, og mange stader i verda har menneske framleis ikkje religionsfridom. I nokre land er det forbode å byte religion eller å velje å ikkje tru. Menneske kan bli straffa av styresmaktene fordi dei tilhøyrer «feil» religion, eller fordi dei ikkje følgjer den religionen staten ønskjer.
I nokre land er religion strengt kontrollert av staten, og berre nokre religiøse grupper er tillatne. Det er styresmaktene som bestemmer korleis religion kan praktiserast. Til dømes kan staten bestemme kva som får lærast bort, eller kven som får vere religiøse leiarar. Menneske som tilhøyrer uoffisielle trussamfunn kan bli overvakte eller straffa.
I andre land, der berre nokre få religionar er godkjende av staten, har ikkje andre religiøse grupper lov til å samlast. Det betyr at menneske ikkje kan møtast for å be eller feire høgtider saman. Mange truande har vorte fengsla fordi dei praktiserer trua si.
Religionsfridom har også grenser. Vi kan ikkje gjere kva som helst i namnet til religionen. I denne teksten skal vi utforske kva religionsfridom betyr, og kvar grensene går.
Dette viser at manglande religionsfridom kan sjå svært ulik ut:
Nokre stader forbyr staten religion, andre stader kontrollerer staten religion, og nokre stader blir religiøse minoritetar ikkje beskytta.