Ja, vi elskar
kongen vår
 

Dei fleste i Noreg er glade i monarkiet og kongen vår. Vi kan vel ikkje tenkje oss Noreg utan ein konge. Kven skulle då helse på alle som vann medaljar i Holmenkollen?

Men korleis vart Noreg eit monarki?

Offisielt portrett av Hans Majestet Kong Harald i uniform

Noreg vart samla til eitt rike 

Noreg har vore monarki i over 1000 år. Den første kongen vi meiner samla Noreg til eitt kongerike, var Harald Hårfagre. Han vann eit avgjerande slag i Hafrsfjord utanfor Stavanger i 872.

Harald Hårfagre i slaget ved Hafrsfjord. Maleri av Ole Peter Hansen Balling fra 1870
Harald Hårfagre i slaget ved Hafrsfjord. Maleri av Ole Peter Hansen Balling fra 1870

Ny måte å styre Noreg på

Før var Noreg delt og styrt av mange hovdingar. Ideen om å samle landet til eit kongerike kom frå Europa. Norske hovdingar som drog på vikingtokt, lærte at land i Vest-Europa hadde éin konge, og tok med seg den ideen heim.

Mange hovdingar ønskte seg meir makt, og ein av dei var Harald Hårfagre. Då han vann slaget ved Hafrsfjord, seier vi at han samla Noreg til eitt rike.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
«Sverd i fjell» er et monument innerst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Monumentet er laget av skulptøren Fritz Røed fra Bryne. Det er tre store sverd som er satt ned i svaberget til minne om slaget i Hafrsfjord i 872.
«Sverd i fjell» er et monument innerst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Monumentet er laget av skulptøren Fritz Røed fra Bryne. Det er tre store sverd som er satt ned i svaberget til minne om slaget i Hafrsfjord i 872.

Noreg blir eit arverike

I vikingtida og mellomalderen kunne alle kongens søner krevje trona, men tinget bestemte kven som vart konge. Dette førte ofte til usemje og krig mellom sønene.

 

4o

Tronfølgjelova

I 1163 vart Tronfølgjelova laga, slik at kongssønene ikkje skulle krige om trona. Det vart bestemt at eldste son skulle bli konge.

Den første tronfølgjaren var Magnus Erlingsson.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kroning av Magnus Erlingsson. Litografi av Erik Werenskiold hentet fra Heimskringla.
Kroning av Magnus Erlingsson. Litografi av Erik Werenskiold hentet fra Heimskringla.

Kva skjer om kongen ikkje får born?

I 1814 var det eldste son som arva trona, men denne lova vart endra i 1990. No er det eldste barn som arvar trona, uansett kjønn. Difor skal Prinsesse Ingrid Alexandra bli dronning etter Kronprins Haakon.

Om kongen ikkje har born, er det Stortinget som bestemmer kven som blir den neste kongen, men kongen kan foreslå ein kandidat.

Prinsesse Ingrid Alexandra på 16-årsdagen sin den 21. januar 2020.

 

Prinsesse Ingrid Alexandra i kjole i anledning hennes 16-års dag

Kvifor er Noreg eit monarki?

Då Noreg gjekk ut av unionen med Sverige i 1905, måtte vi velje om vi ville vere eit monarki eller ein republikk. På den tida var det berre to republikker i Europa: Frankrike og Sveits.

 

Regjeringa føreslo at den danske prinsen Carl skulle bli konge i Noreg, men han ville ikkje ta trona utan folkets støtte. Difor vart det halde ei folkeavstemming, der monarkiet vann med 79 % av røystene.

 

Prins Carl tok namnet Haakon då han vart konge. Kona hans, Maud, behalde sitt eige namn, og sonen Alexander tok namnet Olav.

Offisielt kroningsbilde av kong Haakon VII og dronning Maud
Offisielt kroningsbilde av kong Haakon VII og dronning Maud

Kva er ein republikk?

 

Ein republikk er det motsette av eit monarki.

I staden for ein konge eller dronning, vel folket ein president.

 

USA, Frankrike, Island og Finland har president. Dei som ønskjer republikk i landet, blir kalla republikanarar.

Strenge krav

I ein republikk kan fleire kandidatar stille til val. I USA må ein vere fødd i landet og minst 35 år gammal for å stille som presidentkandidat.

Presidentens oppgåver

 

USA lagar Kongressen lovene, medan presidenten leiar regjeringa og militæret. Presidenten kan seie nei til nye lover med veto og har ei viktig rolle i utanrikspolitikken.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mount Rushmore National Memorial, i dagligtale Mount Rushmore, er et nasjonalt minnesmerke som ligger i Keystone, Sør-Dakota, USA.
Mount Rushmore National Memorial, i dagligtale Mount Rushmore, er et nasjonalt minnesmerke som ligger i Keystone, Sør-Dakota, USA.

Kva er skilnaden på monarki og republikk?

Val eller arv 

I ein republikk blir leiaren vald av folket, som i Frankrike og Finland. I eit monarki arvar ein son eller dotter rolla som konge eller dronning, som i Noreg og Sverige.

 

Konge til ein døyr 

I ein republikk har ikkje statsleiaren jobben sin på livstid. Ein president blir vald til ein viss periode, til dømes fire eller seks år. Ein konge har som oftast jobben til han døyr. Nokre gongar kan ein konge slutte før det. Det kallar vi å abdisere. Då overtar kronprinsen eller kronprinsessa.

Ikkje alle burde vere konge

I eit monarki må folket ta den kongen eller dronninga dei får. Opp gjennom historia har det vore monarkar som absolutt ikkje burde hatt jobben. Eit døme på det er kong Karl VI av Frankrike, som var konge frå 1380 til 1422. Han vart kalt «den galne».

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stemmesedler som blir lagt i stemmeurne
Stemmesedler som blir lagt i stemmeurne

Kva gjer kongen?

Hans Majestet Kongen er landets øvste leiar.

I Grunnlova står det at den utøvande makta ligg hos Kongen, men i dag er det eigentleg regjeringa som har denne makta.

Kongen opnar Stortinget kvar haust og leiar statsråd på slottet kvar fredag. Her møtest regjeringa for å få Kongens godkjenning av vedtaka deira. Dette er mest ein formalitet og ei høgtideleg hending.

Hans Majestet Kong Harald i uniform på vei ut av Stortinget.
Hans Majestet Kong Harald i uniform på vei ut av Stortinget.

Motstand mot monarkiet

Mykje motstand

Monarkiet har møtt mykje motstand gjennom historia. Ikkje minst på 1700-talet. Då bestemte kongen absolutt alt, og det vart mange lei av. Dei ville sjølve vere med på å velje statsoverhovud.

Få monarki i dag

I verda i dag er det berre 46 monarki. Sju av dei ligg i Europa. Monarkiet som statsform står derfor ikkje like sterkt som før.

Kongen framleis populær

I 2019 stemte 38 representantar på Stortinget mot monarkiet. 130 representantar stemte for å behalde det. Kongen er framleis svært populær.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Offisielt bilde av Deres Majesteter Kongen og Dronningen, Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen. Kongen og Kronprinsen i uniform, og Dronningen og Kronprinsessen i gallakjoler.
Offisielt bilde av Deres Majesteter Kongen og Dronningen, Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen. Kongen og Kronprinsen i uniform, og Dronningen og Kronprinsessen i gallakjoler.

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilet- og videorettar:

    1. Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff
    2. Ole Peter Hansen Balling / Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
    3. NRK Skole
    4. Getty Images
    5. Erik Werenskiold
    6. Ann Cathrin Buchardt, Det kongelige hoff
    7. Peder O. Aune (CC BY 2.0
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Sverre Chr. Jarild / Stortinget (CC BY-ND 2.0)
    11. Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff