Velkommen til arbeidslivet!

Det er viktig å forstå kva rettar og plikter du har når du skal begynne i den første jobben din. Alt du treng å vite, skal stå i arbeidskontrakten din.

Arbeidskontrakten viser at du og arbeidsgivaren din er samde om kva reglar som gjeld på arbeidsplassen. Ein slik avtale gjer arbeidskvardagen tryggare og meir føreseieleg for alle.

Arbeidskontrakt – eit viktig dokument

Når du begynner i ny jobb, får du noko som blir kalla ein arbeidskontrakt. Lat oss sjå kva han inneheld og kvifor han er så viktig.

Kva er ein arbeidskontrakt?

Ein arbeidskontrakt beskriv kva reglar som gjeld på arbeidsplassen og kva rettar du har.

Arbeidskontrakten er som ein vegvisar i arbeidslivet. Det er viktig å forstå kva som står i kontrakten.

Viktige detaljar i ein arbeidskontrakt:

  • Arbeidsgivar og arbeidsstad: Kven er sjefen din, og kvar skal du jobbe?
  • Stilling og arbeidsoppgåver: Kva skal du gjere på jobben?
  • Startdato og prøvetid: Når skal du begynne? Har du ein prøveperiode?
  • Arbeidstid: Kor lenge jobbar du kvar dag?
  • Lønn og andre gode: Kva får du betalt, og når får du lønn?
  • Ferie og feriepengar: Kor mykje ferie får du? Kor mykje får du i feriepengar?
  • Oppseiingstid: Kor lang tid i førevegen må du eller arbeidsgivaren varsle om oppseiing?
  • Tariffavtalar eller andre avtalar: Er det spesielle reglar på jobben din som du må vite om?
    ?

Pliktar og ansvar

Arbeidskontrakten inneheld ikkje berre rettar, du har òg nokre plikter:

  • Arbeidstid: Du må jobbe dei timane som er avtalt. Nokre jobbar turnus og/eller skiftarbeid.
  • Timelistar: Nokre stader må du skrive opp kor mange timar du jobbar.
  • Instruksar og rutinar: Du må gjere dei oppgåvene du har avtalt med sjefen, og du må følgje reglane på arbeidsplassen.
  • Gjer ditt beste: Du må gjere ditt beste  og vere ærleg.
  • Kle deg passande: Viss du ikkje skal bruke uniform, må du ha på deg reine og heile klede som passar til jobben.
  • Gi beskjed: Viss du er sjuk eller forsinka, må du seie ifrå til sjefen.

Arbeidskontrakten vernar både deg og arbeidsgivaren din. Kontrakten skal vere skriftleg og følgje lova, og han skal forklare kva rettar og plikter du har.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Lønn –  belønninga for arbeidet

Lønn er pengane du får for å jobbe. Lønna hjelper deg å kjøpe det du treng, som mat og husleie, eller andre ting. Pass på at du forstår kor mykje du skal ha i lønn, og at du får det du har krav på.

Kven bestemmer lønna di?

Arbeidsgivaren bestemmer lønna di. Nokre gongar kan ein diskutere seg fram til betre lønn, særleg viss det finst ein tariffavtale.

Minstelønn: Nokre jobbar har ei fastsett minstelønn. Du kan ikkje få betalt mindre enn det.

Ulike måtar å få lønn på:

  • Månadslønn: Det er vanlegast å få lønn ein gong i månaden.
  • Timelønn: Det blir brukt ofte for vikarar.
  • Provisjon eller bonus: Det er noko ein får i tillegg til lønn viss ein til dømes jobbar med sal.
  • Lønn per oppdrag: Viss du er frilansar, får du betalt per oppdrag.

Viktig å vite

  • Bankkonto: Lønna di skal setjast inn på ein konto. Det er ulovleg å få lønna i kontantar.
  • Lønnstjuveri er viss arbeidsgivaren din ikkje betaler lønna di. Det er ulovleg.

Sosial dumping: Sosial dumping er å betale deg mindre enn minstelønn. Det er ulovleg.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ferie – tid til å lade opp

Ferie er pausen du får frå jobben for å gjere andre ting, som å reise, eller slappe av. Ferie er viktig for å kvile ut og lade opp, så det er smart å kjenne rettane dine.

I Noreg har alle som jobbar rett til minst 25 feriedager kvart år. Laurdagar blir rekna som vanlege arbeidsdagar.

I Noreg har alle som jobbar rett til minst 25 feriedagar kvart år. Laurdagar blir rekna som vanlege arbeidsdagar.

Det er viktig å ta ferie sjølv om du byter jobb.

Grunnleggjande om ferie

  • Talet på feriedagar: Du har rett til fire veker og éin ekstra feriedag kvart år.
  • Ei femte ferieveke: Mange har rett til ei ekstra ferieveke, takka vere ei lov som vart vedteken i 2000/2001.
  • Ekstra ferie for dei som er 60+: Du får ei ekstra ferieveke frå det året du fyller 60.

Viss du jobbar deltid, til dømes 50 %, betyr ikkje det at du kan ta fri i over åtte veker. Du har framleis berre fire veker + 1 dag fri.

Når kan du ta ferie?

Det er sjefen din som bestemmer når du kan ta ferie, men arbeidsplassen skal prøve å tilpasse ferien etter kva som passar for deg. Likevel er det ikkje sikkert at du kan få ferie akkurat når du ønskjer. Vanlegvis får du beskjed om når du kan ta ferie omtrent to månader før ferien startar.

Sjukdom og ferie

  • Sjuk før ferien: Viss du blir sjuk før ferien begynner, og du har ei legeerklæring, kan du utsetje ferien til seinare.
  • Sjuk i ferien: Viss du blir sjuk i ferien, kan du be om å få ta igjen dei dagane du var sjuk som ferie seinare. Hugs å ha ei sjukmelding, og seie frå så tidleg som mogleg.

Viss du ikkje rekk å ta ut all ferien

Du kan be sjefen din om å flytte inntil 12 feriedagar til året etter, viss du ikkje får tatt ut all ferien din i år.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Feriepengar – korleis verkar det?

Du tener opp feriepengar året før du skal ha ferie. Feriepengane dine er 10,2 % av lønna du fekk året før.

Viss du tente 100.000 i fjor, vil du få utbetalt 10.200 i feriepengar i år. Dei fleste arbeidsplassar betaler ut feriepengar i mai eller juni månad.

Viss du har krav på 5 veker ferie, får du utbetalt 12 % av lønna du fekk året før.

Viss du ikkje jobba året før, har du ikkje opptent feriepengar. Då må du ta ferie utan lønn.

Skattefrie feriepengar?

Det blir ikkje trekt skatt av feriepengane når dei blir betalte ut, men du betaler litt skatt av feriepengane dine kvar månad heile resten av året.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Når du blir sjuk

Viss du blir sjuk, er det best å bli heime og heller komme tilbake på jobb når du er frisk igjen. Vanlegvis får ein lønn sjølv om ein er sjuk.

Hvis du kjenner rettighetene og pliktene dine, er det lettere å ta vare på di eiga helse. Husk at du alltid skal gi beskjed til sjefen om at du er sjuk, og det skal du helst gjøre før arbeidsdagen starter.

Hvis du har eit barn som er sjukt, har du også rett til å vere heime med barnet. Snakk med sjefen din og gi beskjed om at du ikkje kjem på jobb. 

På neste side skal du bli kjend med omgrepa eigenmelding, sjukmelding og velferdspermisjon.

Eigenmelding

Eigenmelding er når du seier ifrå til sjefen at du er sjuk, utan at du leverer ei sjukmelding frå lege.

Du kan bruke eigenmelding i inntil tre kalenderdagar om gongen, og maksimalt fire gonger i løpet av eitt år.

Du må ha vore tilsett minst to månader for å bruke eigenmelding for eigen sjukdom.

Sjukmelding

Viss du ikkje kan bruke eigenmelding, eller viss du er sjuk i meir enn tre dagar, må du få sjukmelding frå legen.

Velferdspermisjon

Du kan få velferdspermisjon for kortare fråvære frå jobben, til dømes når:

  • Du har legetime.
  • Ved flytting.
  • Ved dødsfall eller gravferd for nokon som står deg nær.

Velferdspermisjonen kan vere fri med eller utan lønn, avhengig av reglane på arbeidsplassen.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt