Trakassering og mobbing
Trakassering betyr at nokon er slemme mot andre eller mobbar dei. Det er ikkje lov å trakassere andre på jobben.
Mobbing
Det finst fleire typar mobbing:
Direkte mobbing er til dømes fysisk vald eller truslar.
Indirekte mobbing kan vere ryktespreiing eller baksnakking.
Nettmobbing er når nokon mobbar via sosiale medium.
Mobbing kan føre til dårleg sjølvkjensle og einsemd, eller til og med føre til at mobbeofferet ikkje ønskjer å leve lenger.
Vi må gjere det vi kan for å stoppe mobbing. Snakk med nokon du stolar på.
Hugs at dei som ser på at nokon blir mobba utan å prøve å stoppa det, på ein måte òg er med på mobbinga.
Seksuell trakassering
Seksuell trakassering betyr at nokon gir deg seksuell merksemd som kommentarar, blikk, berøring eller meldingar som kjennest ubehagelege.
Det viktigaste er ikkje korleis åtferda er meint, men korleis du opplever den.
Snakk med nokon du stolar på viss du opplever seksuell trakassering.
Seksuell trakassering er ulovlig
Arbeidsmiljølova § 4-3 seier at alle har rett til eit trygt arbeidsmiljø.
Likestillings- og diskrimineringslova seier at ingen skal oppleve uønskt seksuell merksemd på skulen, jobben eller andre stader.
Døme på seksuell trakassering
- Viss ein snakkar om andres kropp på ein måte som kjennest ubehageleg.
- Viss ein sender upassande meldingar til andre.
- Viss ein tek på andre utan at dei vil det, til dømes klappar dei på rumpa eller stryk dei over ryggen.