Arbeidsmiljø og HMS

Når du skal begynne å jobbe, er viktig å vite litt om arbeidsmiljø og HMS.

Eit godt arbeidsmiljø betyr at arbeidsplassen er ein trygg og god stad å vere for både deg og alle kollegaene dine.

Alle skal kunne kjenne seg trygge og glade på jobb. Jobben skal ikkje gjere deg stressa eller sjuk. Når ein trivst på arbeidsplassen, gjer ein ein betre jobb, og er sjeldnare sjuk.

Arbeidsmiljølova

I Noreg har vi ei lov som heiter Arbeidsmiljølova. Ho skal passe på at vi har det bra på jobb. I lova står det at du skal ha:

  • Godt lys og frisk luft.
  • Lite støy og inga farleg stråling.
  • Dei hjelpemidla du treng, så du ikkje skadar deg.

Når du og kollegaene dine har eit trygt og godt arbeidsmiljø, har alle det betre og gjer ein bedre jobb.

HMS – helse, miljø og tryggleik

Alle arbeidsplassar har reglar som skal bidra til å ta vare på helsa vår. Desse reglane blir kalla HMS-reglar. Slike reglar kan til dømes vere:

  • Bruk av verneutstyr: Som hjelm og vernesko viss du er på ein byggjeplass.
  • Tryggleiksreglar: Desse reglane skal passe på at du ikkje skadar deg på jobb. 

Det er viktig å følgje tryggleiksreglane på jobben. Viss du ser noko som ser farleg ut, bør du seie frå til sjefen. 

Jobben skal tilpassast behova dine

Sjefen skal passe på at alle har det bra på jobb. Alt frå møblar til arbeidsoppgåver skal vere sånn at alle kan gjere ein god jobb, uansett om dei har spesielle behov eller ikkje. 

Seie frå til nokon

Du kan seie frå viss noko er vanskeleg på jobben, til dømes viss noko er helsefarleg, eller viss nokon blir mobba eller trakassert.

Du skal ikkje vere redd for å seie frå. Nokre gonger har du til og med plikt til å gjere det!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Trakassering og mobbing

Trakassering betyr at nokon oppfører seg ugreit mot andre, til dømes ved å gjere narr av dei eller skjelle dei ut. Det er ikkje lov å trakassere andre på jobben.

Mobbing

Det finst fleire typar mobbing:

Direkte mobbing er til dømes fysisk vald eller truslar.

Indirekte mobbing kan vere ryktespreiing eller baksnakking.

Nettmobbing er når nokon mobbar deg via sosiale medium.

Mobbing gir ofte dårleg sjølvkjensle og einsemd. Nokre mobbeoffer ønskjer ikkje å leve lenger.

Vi må gjere det vi kan for å stoppe mobbing. Snakk med sjefen eller tillitsvald på jobben, eller andre du stolar på.

Hugs at dei som tillèt at nokon blir mobba, på ein måte òg er med på mobbinga.

Seksuell trakassering

Seksuell trakassering er når nokon gir deg uønskt seksuell merksemd, til dømes, blikk, berøring eller tekstmeldingar som kjennest ubehagelege.

Det viktigaste er ikkje korleis åtferda er meint, men korleis du opplever den.

Snakk med nokon viss du opplever seksuell trakassering. Du kan snakke med sjefen, eller med den kollegaen som er tillitsvald på jobben.

Tillitsvald har som oppgåve å hjelpe til viss nokon ikkje har det bra på jobb.

Seksuell trakassering  er ulovleg

Arbeidsmiljølova § 4-3 seier at alle har rett til eit godt arbeidsmiljø. Ingen skal oppleve trakassering eller mobbing på jobb.

Likestillings- og diskrimineringslova seier at ingen skal oppleve uønskt seksuell merksemd på skulen, jobben eller andre stader.

Døme på seksuell trakassering

  • Viss ein lærar ofte snakkar om ein elev på ein ubehageleg måte.
  • Viss ein kollega sender upassande meldingar til ein annen kollega.
  • Viss nokon tek på deg utan at du vil det, til dømes klappar deg på rumpa eller stryk deg over ryggen.
  • Viss nokon spreier rykte av seksuell karakter om nokon i klassen eller på jobben.
Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Case: Kva er greit, og kva er ikkje greit?

Emma har akkurat begynt å jobbe på ein kafé. Ein eldre kollega, Jonas, begynner å gi henne mange komplimentar: «Du er den penaste jenta her.»

I begynnelsen smiler Emma og lest som ingenting. Men så begynner Jonas å stå veldig nær henne og legg ei hand på skuldra hennar. Om kvelden sender han meldingar og spør: «Saknar du meg?»

Emma synest det er ekkelt og fortel det til sjefen, men han seier at det er «uskyldig flørting».

Dette er ikkje greit!

Jonas meiner kanskje ikkje noko vondt med det, men Emma synest det er ubehageleg. Arbeidsgivaren har plikt til å ta dette på alvor.

Kva kan du gjere viss du opplever seksuell trakassering?

  • Snakk med ein vaksen du stolar på (lærar, sjef, forelder).
  • Skriv ned kva som skjer, og ta vare på meldingar).
  • Be om hjelp frå rektor, sjefen, eller ein organisasjon som kan støtte deg.

Seksuell trakassering er aldri greit!

Flørting eller trakassering?

Det kan vere både skummelt og gøy å flørte med nokon. Vi flørtar for å vise at vi er interesserte i nokon utan å seie det rett ut. Kanskje ein tøysar litt ekstra med nokon, eller held blikket deira litt lengre enn vanleg. Men kva viss du blir forelska i ein kollega?

Er det lov å flørte på jobben, eller er det seksuell trakassering?

Det er absolutt lov å flørte viss du liker ein kollega litt ekstra godt. Men du må gjere det på ein ordentleg måte, og du må godta å bli avvist.

Flørting er frivillig, og noko begge partar er med på, medan trakassering er noko ein gjer mot ein annan, som den andre ikkje liker.

Viss du vil flørte med nokon, er det viktig å vere sikker på at den du flørtar med liker det. Viss ikkje, må du slutte med ein gong.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Medråderett på jobb

Både dei som jobbar (arbeidstakarane) og sjefen (arbeidsgivaren) skal vere med å bestemme på jobben. Ein god arbeidsplass er ein arbeidsplass der alle kan seie kva dei meiner.

Kven bestemmer kva på jobben?

Sjefen bestemmer kven som skal gjere kva og når, men det finst reglar som alle sjefar må følgje.

Alle sjefar må følgje det som står i arbeidskontrakten din og det som står i arbeidsmiljølova.

 Rettane dine som arbeidstakar

Som arbeidstakar kan du vere med å bestemme enkelte ting, mellom anna:

  • Korleis arbeidsdagen din skal sjå ut.
  • Ting som kan påverke helsa di, som høgda på arbeidsbenken din, eller tryggleikstiltak viss du jobbar i høgda.

Verneombod og arbeidsmiljøutval (AMU)

Arbeidsplassar med mange tilsette har eit verneombod som skal passe på at arbeidsmiljøet er trygt og sunt ved å:

  • Snakke med folk om korleis dei har det på jobb.
  • Lytte til kva dei meiner om arbeidsforholda.
  • Sørgje for tiltak som kan forbetre arbeidsmiljøet.
  • Passe på at alle får god opplæring i helse og tryggleik.
  • Samarbeide med aktuelle fagforeiningar.

Dette kan du gjere

Når du er på jobb, må du:

  • Følgje tryggleiksreglane.
  • Seie frå til sjefen eller verneombodet viss noko ikkje er som det skal vere.
  • Delta i møte og undersøkingar om arbeidsmiljøet.
  • Seie frå om ting som kan gjere arbeidsplassen betre.

Viss alle følgjer reglane og snakkar saman, blir arbeidsplassen ein betre stad å vere. Hjelp til å skape eit godt arbeidsmiljø!

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Rettane og pliktene dine

Viss du veit nok om rettane og pliktene dine når du begynner i den første jobben din, er du allereie godt på veg til å lykkast i arbeidslivet.

Vêr nysgjerrig, og gjer ditt beste. Då blir du fort ein flink og populær kollega som får mange spennande moglegheiter.

En nysgjerrig jente står og ser igjennom et forstørrelsesglass
En nysgjerrig jente står og ser igjennom et forstørrelsesglass