Arbeidsmiljø og HMS

Når du skal begynne å jobbe, er det viktig å vite kva rettar og plikter du har når det gjeld arbeidsmiljø og HMS.

Eit godt arbeidsmiljø gjer at alle trivst betre på jobben. Arbeidsplassen skal vere ein trygg og god stad å vere for både deg og alle kollegaene dine.

Det er viktig at alle jobbar saman i eit miljø der dei kjenner seg trygge og glade. Jobben skal ikkje gjere deg stressa eller sjuk. Når alle har det bra, blir det mindre sjukdom og fråvære, og alle kan gjere ein betre jobb.

Arbeidsmiljølova

I Noreg har vi ei lov som heiter Arbeidsmiljølova. Lova skal passe på at vi har det godt på arbeidsplassen vår. I lova står det at du skal ha:

  • Godt lys og frisk luft: Så du kan sjå godt og puste lett.
  • Lite støy og inga farleg stråling: For å beskytte høyrsla og helsa di.
  • Dei hjelpemidla du treng: Arbeidsplassen skal vere laga sånn at du ikkje skadar deg, til dømes viss du må løfte noko tungt.

Det er viktig at du og alle andre på jobben har eit trygt og godt arbeidsmiljø. Då er det lettare for alle å ha det bra og gjere ein god jobb.

HMS – helse, miljø og tryggleik

Alle arbeidsplassar har reglar som skal bidra til å ta vare på helsa vår. Desse reglane kallar vi for HMS-reglar. Slike reglar kan til dømes vere:

  • Bruk av verneutstyr: Som hjelm og vernesko viss du er på ein byggjeplass.
  • Tryggleiksreglar: Dette er reglar som skal sørgje for at du ikkje skadar deg på jobb. 

Det er viktig å bruke nødvendig verneutstyr og følgje tryggleiksreglane på jobben. Viss du ser noko som ser farleg ut, er det viktig å seie frå til sjefen. 

Jobben skal tilpassast behova dine

Sjefen din skal sørgje for at alle har det fint når dei er på jobb. Det betyr at alt frå møblar til arbeidsoppgåver skal vere sånn at alle klarer å gjere ein god jobb, uansett om dei har spesielle behov eller ikkje. 

Seie frå til nokon

Du har rett til å seie frå viss noko ikkje er som det skal på jobben, til dømes viss noko er farleg for helsa di, eller viss nokon blir mobba eller trakassert.

Du skal ikkje vere redd for å få problem fordi du seier frå. Nokre gongar har du til og med plikt til å gjere det!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!