Samferdsel gjennom norske fjell og dalar

Det norske landskapet spenner frå djupe fjordar til høge fjell. Dette gjer at samferdsel er ei utfordring. Det er relativt kostbart å byggje vegar i Noreg, og vi må førebu oss på mange oppoverbakkar. Kva gjerr dette med ditt behov for å bevege deg rundt i byar og tettstader? Er Noreg godt nok tilrettelagt for straumdrivne framkomstmiddel som elsparkesyklar?

Accessibility icon Samferdsel gjennom norske fjell og dalar

Frå hav til veg

Då dei første menneska busette seg i Noreg, var havet den viktigaste transportvegen. Norskekysten er meir enn 2000 kilometer lang. Her har det reist menneske i over 12 000 år. Havet frakta menneske, dyr og handelsvarer. Til tider var det livsfarleg på grunn av vêr og skjer.

Med tida forstod hovdingar og kongar at landet også kunne brukast til transport. Under vikingtida begynte dei å byggje enkle vegar til bruk for hestar. I mellomalderen vart vegane betre, men det var ikkje før på 1600-talet at vi fikk skikkelege vegar for hest og kjerre eller vogn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vei og fjord
Vei og fjord

Frå hav til jernbane

Fram til 1800-talet gjekk det meste av varetransporten føre seg på sjøen. I 1854 kom den første jernbanen til Noreg, og ein del av transporten blei flytta over på land. Det har vore svært utfordrande å byggje jernbane i Noreg. Topografien (terrenget) i landet består av mange høge fjell og djupe dalar.

Har du teke toget frå Oslo til Bergen (Bergensbanen), eller frå Dombås til Åndalsnes (Raumabanen), har du kanskje blitt imponert av både arkitektur og utsikt.

📷  Kylling bru på Raumabanen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kylling bru på Raumabanen
Kylling bru på Raumabanen

Frå jernbane til bil og fly

På 1900-talet kjøpte fleire og fleire bil i Noreg. Det gjorde at staten måtte utbetre vegane. I eit land som Noreg er det svært dyrt å byggje veg.

Mange høge fjell, fleire tusen øyar, djupe fjordar og masse skog gjer vegbygging dyrt og krevjande. Ein meter veg kan koste mellom 60 000 og 220 000 kroner.

Skal du bruke minst mogleg reisetid, er fly eit godt alternativ. Vi har nesten 50 lufthamner i Noreg, og nokre av dei ligg ganske vêrhardt til.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Er det dyrare å byggje vegar i  Noreg enn i Sverige og Danmark?

I 2017 påstod Statens vegvesen at vegbygging i Noreg kosta omtrent det same som i Sverige og Danmark. Dette var ikkje forskarar, politikarar og medium samde i. Flere hadde rekna seg fram til at vegar i Noreg var minst 50 prosent dyrare enn i nabolanda våre.

Statens vegvesen utvikla dermed ein metode for å samanlikne prisen på bygging av veg.

Metoden viser at  prisen for å byggje veg er omtrent den same i Noreg som i Sverige og Danmark.

Det einaste Statens vegvesen fann ut var dyrare i Noreg, var lønningane.

Enkelte vegprosjekt i Noreg kan bli vesentleg dyrare på grunn av naturlege utfordringar. Andre prosjekt kan bli dyrare i Danmark enn i Noreg. Det same kan skje i Sverige.

Nye utgreiingar og oppdatert forsking kan få fram nye tal i framtida.

📷  Trollstigen i Møre og Romsdal.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Trollstigen
Trollstigen

Naturlege utfordringar

Noreg er eit land med variert natur. Vi har små øyar, djupe dalar, mørke skogar, høge fjell, sugande myrer og solid grunnfjell.

I eit slikt land er det utfordrande å byggje bilvegar, gang- og sykkelstiar og jernbane.

Mange vel å sykle eller å gå, framfor å bruke bil. Trikk, T-bane og moped er også ganske populært. Bruken av elsparkesyklar og elsyklar auka kraftig. Til tider skapte det så mange trafikkfarlege situasjonar at politikarane måtte setje grenser for bruk av elsparkesyklar i byane. I juni 2022 blei elsparkesykkel klassifisert som motorisert kjøyretøy. Noko som inneber at alle som eig ein elsparkesykkel må teikne personforsikring innan 1. januar 2023.

Val av andre transportmiddel enn bil handlar nok om fleire ting. Mange ser helsemessige fordelar ved å sykle eller å gå. Andre tenkjer miljøvennleg, og andre igjen orkar ikkje å stå i kø eller leite etter dyre parkeringsplassar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fjellvei i Norge
Fjellvei i Norge

Kvifor gidd vi ikkje å bruke beina?

Ja, det er mange oppoverbakkar i Noreg. Men sannsynlegvis like mange nedoverbakkar. Topografien i Noreg gjer at mange vel transportmiddel som gjer at vi slepp å anstrengje oss.

Mange ønskjer å kutte ut bilen, men orkar ikkje å gå eller sykle. Då blir elsykkel eller elsparkesykkel eit naturleg val. Barn, ungdom og vaksne bruker straumdrivne transportmiddel i byar og tettstader.

Kva gjer dette med helsa vår? Kva gjer det med trafikkbildet? Er elsparkesykkel ei motegreie, eller er denne typen sykkel komen for å bli?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sparkesykkel
Sparkesykkel

Kjelder:

  • Nordahl, Rasmus S.; Hoff, IngeVei
    Henta 2021 M10 25 frå Store norske leksikon på snl.no.
    https://snl.no/vei

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images