Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:

Sex og forventingar

Ok. Sex. Vi tenkjer slik: Det er to eller fleire som har lyst til å ha sex saman. Aller viktigst er lyst. Det er ikkje sex om éin av dei ikkje har lyst. Då er det noko anna.

Det sit i hovudet?

Tenkjer du berre kropp når du tenkjer sex? Du er ikkje åleine. Eigentleg er det meir det som skjer inni deg. Du har lyst, og hovudet fortel det til heile kroppen. Alt kjennest sterkare når nokon tek på deg. Ein blir meir tent. Ein vagina blir våt. Ein penis blir stiv.

Sex handlar om heile kroppen

Sex handlar ikkje berre kjønnsorgana. Sex handlar like mykje om hovudet vårt. Kva skjer med kroppen når hovudet har lyst? Jo. Kroppen får lyst til å følgje dei herlege kjenslene. Kroppen blir utstyret du opplever det med.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Forventingar

Sex for første gongen. Trur du alt er perfekt då? At det varer lenge? At du må kunne mange stillingar? At du må sjå bra ut heile tida? Vel. Slik er ikkje røyndommen. Det skal kjennast bra! God sex er å sjå at partnaren nyt. Og sex er som mykje i livet elles; alt kan skje.

Ikkje stress

Sex  kan vere kleint og klønete. Det kan komme ein promp eller ein krampe i leggen. Det er slikt som skjer. Mange har ein plan for korleis sexen skal vere. Ikkje ha det! Det viktigaste er at begge har det bra. Tør å le litt når rare ting kjem. Då får du herlegare sex.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.

Alle skal få lov til å vere nybegynnarar

Har du sett biljakt på TV? Eller Fast and the Furious? Dei køyrer vilt og fort. Gønnar på. Tek ikkje omsyn til nokon. Det ser så lett ut. Men det er ingen som køyrer slik i røynda, heldigvis. For å bli ein god sjåfør må du øve. Tenk slik på sex òg. Du er ikkje meister til å begynne med. Du må øve.

Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.

Fra 0 til 100 på 3 sekund?

Når du sit bak eit ratt for første gongen, er alt nytt. Kanskje kveler du bilen, eller er  usikker på kvar bilen skal liggje i vegen. Du må unngå å  krasje med nokon, og du må kunne trafikkreglane. Det er mange ting å passe på. Litt sånn er det  med sex i starten óg. Du kan lett bli stressa. Alt går ikkje like smooth som du tenkte.

En illustrert, rød racerbil.
En illustrert, rød racerbil.

Øving gjer meister!

Ingen køyrer perfekt første gongen. Ein tom parkeringsplass er fin å teste på. Lære bilen å kjenne. Ta nokre rolege småvegar. Ikkje rett i 120 på motorvegen. Sånn er det med sex òg. Du må bli kjend med eigen kropp. Du kan onanere. Finne ut kva du liker. Sex startar med å prøve og lære. Ingen kan alt i begynnelsen.

To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.
To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio harho i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du óg sit med?