Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:

Sex og forventingar

Enkelt sagt så meiner vi at sex er når to eller fleire menneske som har lyst til å ha sex med kvarandre, har sex. Ein har ikkje sex viss éin ikkje har lyst. Då er det noko anna. Vi meiner altså: Dei som er med, har lyst på sex.

Det sit i hovudet?

Mange trur sex berre er det som skjer med kroppen. Men eigentleg er det meir kjensla vi får i oss. Det aller viktigaste er at hovudet har lyst på sex. Hovudet sender masse signal til resten av kroppen. Å bli tatt på vert opplevd som sterkare. Kanskje får ein nokre bilde og tankar i hovudet. Dei kan gjere deg opphissa. Då kjem ofte kjønnsorgana på banen. Ein vagina eller ein vulva blir våt. Ein penis blir stiv.

Sex handlar om heile kroppen

Ein herleg tanke om sex gjer at kroppen får lyst til å følgje den lysta. Kroppen blir som eit verktøy som du opplever ei herleg kjensle med. Vi trur ein lett gløymer at sex ikkje berre handlar om kjønnsorgana. Det handlar mest om hovudet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Forventingar

Mange forventar at dei skal vere flinke i senga med ein gong. At alt skal gå utan problem. Det skal vare lenge. Helst i mange ulike posisjonar. I tillegg trur mange at dei skal sjå bra ut under sex.

Dette er det ikkje mange som får til! Sex treng ikkje sjå bra ut. Det skal kjennast bra! God sex er når du ser partnaren din nyte sexen. Og sex er som mykje i livet elles; alt kan skje.

Ikkje stress

Derfor bør du ikkje lage ein plan med høge krav før du har sex. Det kan vere kleint og klønete. Du kan sleppe ein promp eller tryne i stillinga du er i. Sex skal vere ein stad der det er lov å le litt. Ta det litt som det kjem. Vi trur fleire ville fått herleg sex då. Staden der det viktigaste er at begge partar har det bra.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.

Alle skal få lov til å vere nybegynnarar

Å starte med å ha sex kan samanliknast med det å lærekøyre med bil. Vanleg bilkøyring er ikkje som biljaktscener i Fast and the Furious. Eller køyring i 120 km i timen. Her har sjåførane  øvd masse og hatt mange opptak. Det er godt regissert. Sjåførane tek ikkje omsyn til nokon andre. Dei berre gønnar på.

Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.

Frå 0 til 100 på 3 sekund?

Du begynner på scratch første gong du set deg bak rattet. Du kveler bilen. Bremsar for fort eller for sakte. Det er vanskeleg å vite kvar bilen ligg i vegen. Og parkering då. Vanskeleg! I tillegg har du alle reglane. Du er jo ikkje åleine på vegen. Du skal klare å styre eigen bil. Samtidig skal du ta omsyn til dei rundt deg. Sånn kan det kjennast med sex i begynnelsen. Det er mange ting å passe på. Det kan bli litt stress. Eller at ting ikkje går heilt smooth.

En illustrert, rød racerbil.
En illustrert, rød racerbil.

Øving gjer meister!

Ein parkeringsplass er ein fin stad å teste ut køyringa i starten. Ikkje på motorvegen eller med full biljakt i 120. Det same gjeld for sex. Du kan begynne med å onanere. Kjenne på eigen kropp og seksualitet først. Lik ein stor og tom parkeringsplass. Der er det ingen andre å ta omsyn til.

To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.
To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn, der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har tatt videreutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du også sit med?