Morgensoloppgang gjennom furutoppene i norsk skog
Luftfoto av skogbrann
Kart over sørlandet med Froland markert
Et konseptuelt bilde av jorden der den ene halvdelen viser frodig grøntområder og den andre halvdelen viser tørr, sprukken jord, som representerer miljøkontrast.
Kven overvaker dette?
Ansvaret for skogbrannberedskap er delt mellom fleire aktørar. Meteorologisk institutt og NIBIO samlar inn vêr- og vegetasjonsdata som blir brukt i skogbrannfaremodellar. DSB har overordna ansvar for beredskap og samordning på nasjonalt nivå og samarbeider med lokale brannvesen, kommunar og fylkesmenn. Også Sivilforsvaret og Forsvaret kan bidra med mannskap og utstyr i større hendingar.
Ein viktig del av overvakinga skjer gjennom fjernmåling, som bruk av satellittdata og dronar, som kan oppdage varmeutvikling og røyk. Dette gjer det mogleg å oppdage brannar tidleg, også i avsidesliggjande skogsområde.
Kart over Sør-Norge som viser områder med stor skogbrannfare, markert i gult og oransje, fra Stavanger til Lillehammer og Lom.
Helikopter slukker skogbrann. Bergen, Norge.
Kva gjer vi i framtida?
Framtidas skogbrannfare er tett knytt til klimaendringar. FNs klimapanel har varsla at skogbrannar vil auke både i hyppigheit og omfang i fleire delar av verda, mellom anna i Nord-Amerika, Sør-Europa og Sibir. Også Noreg er sårbart, spesielt i eit scenario med tre til fire grader høgare temperatur mot slutten av hundreåret.
For å møte desse utfordringane trengst det både teknologiske og sosiale løysingar. DSB har laga dokumentet Skogbrannteori, som gir ei grundig innføring i korleis skogbrannar fungerer og korleis dei kan nedkjempast. Kunnskap om brannspreiing, vêrforhold, terreng og vegetasjon er avgjerande for å planleggje rett innsats.