Å gjera menneske til slavar
Menneske har alltid brukt andre menneske som slavar. Men frå 1500-talet til 1800-talet byrja noko nytt: handel av slavar frå Afrika til Amerika og Karibia. Vi kallar dette trekanthandelen.
Trekanthandelen
Trekanthandelen handlar om at europearar segla til Afrika for å henta slavar. Slavane vart frakta til store gardar – eller plantasjar – i Karibia og Amerika. Varer frå gardane vart så frakta tilbake til Europa. Herfrå segla europearane igjen til Afrika for å henta fleire slavar. Altså segla dei i ein trekant mellom verdsdelane.
Kvifor henta europearane slavar?
Europearane hadde tatt over område i Amerika og Karibia. Her var det fint å dyrka sukker og bomull. Dette ville europearane ha. Dei store plantasjane trong mange som kunne arbeida der. Europearane meinte at dei kunne henta arbeidarar frå Afrika. Afrikanarane vart henta mot sin eigen vilje. Det kallar vi slaveri.
Slavar vart frakta til Amerika
Afrikanarane vart henta både av europearar og av andre afrikanarar. Slavane vart fanga og tekne med til hamnene der skipa venta. Så vart dei lenka fast og plasserte veldig tett på skipet. Det var lite mat og drikke, og veldig skitent om bord. Mange slavar døydde før dei kom fram. Nokre hoppa òg over bord og drukna.
Slavar vart selde på torget
Etter at slavane kom til Amerika, var det vanleg å selja dei på torget. Rike plantasjeeigarar kom for å sjå på dei nye slavane. Dei plukka ut dei som dei ønskte å kjøpa. Det var vanleg at foreldre og barn vart selde til ulike gardar. Unge menn vart rekna som dei beste arbeidarane – derfor ville mange kjøpa dei.
⬅ Illustrasjon frå USA på 1860-talet av mor og dotter som blir selde på torget.
Plantasjeeigaren sin eigedom
Gardseigarane eigde slavane. Dei som prøvde å rømma, vart tekne. Dei som laga uro eller stal mat, vart straffa hardt. Straffa kunne mellom anna vera pisking.
Slaveri vart avskaffa
I byrjinga var det veldig få som meinte at det å ha slavar var gale. På slutten av 1700-talet endra dette seg. Fleire og fleire kvite menneske sa at ein burde stansa slavehandelen og slaveriet. I 1807 fekk ikkje britiske skip lenger lov til å frakta slavar. I åra 1863–1865 bestemte president Abraham Lincoln at slaveri skulle vera forbode i Amerika.
Ei hyllest til president Abraham Lincoln for frigjeringa av slavane. ⮕
Brot på menneskerettane
Dette slaveriet, som gjekk føre seg i rundt 300 år, var eit grovt brot på menneskerettane. Desse vart bestemte av FN i 1948. Sjølv om slaveri er forbode, finst det ulike former for slaveri i verda i våre dagar òg.
Følgjene av slaveverksemda
Slavane var frie menneske frå siste del av 1800-talet. Likevel hadde dei ikkje same rettar og moglegheiter som dei kvite. 100 år seinare byrja den store kampen om like rettar for kvite og svarte i USA. Denne kampen går framleis føre seg.
Kjelder:
- Sølvberget (25.11.2020): Slavehandel i Afrika
https://www.xn--slvberget-l8a.no/Laering/Nord-Soer-Biblioteket/Spoersmaal-og-svar/Slavehandel-i-Afrika
- History.com (25.11.2020): Slavery in America
https://www.history.com/topics/black-history/slavery
- Steen, Tone: slaveri i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 25. november 2020 frå https://snl.no/slaveri
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ted-Ed – Youtube
-
Getty Images
-
Getty Images
-