Å gjera menneske til slavar

Slavar og slavehandel har alltid eksistert. Men frå 1500- til 1800-talet oppstod ei ny form for handel. Slavar vart henta frå Afrika til Amerika og Karibia. Vi kallar dette trekanthandelen.

Trekanthandelen

Trekanthandelen handlar om at europearar segla til Afrika og henta slavar. Desse vart tvinga over til plantasjane – altså store gardar – i Karibia og Amerika. Varene frå plantasjane vart så frakta til Europa. Og herfrå segla europearane igjen til Afrika for å henta fleire slavar. Dei segla altså i ein trekant over Atlanteren.

Kvifor henta europearane slavar?

Europearane hadde teke over område i Amerika og Karibia. Her var det fint å dyrka sukker og bomull. Dette var varer som europearane var svært interesserte i. Dei store plantasjane trong mange som kunne arbeida der. Europearane meinte at dei kunne henta arbeidarar frå Afrika.

Slavar vart frakta til Amerika

Afrikanarane vart henta av europearane sjølve, eller av andre afrikanarar som fekk betalt for det. Betalinga var ofte våpen eller brennevin. Slavane vart fanga og tekne med til hamnene der skipa venta. Så vart dei lenka fast og stua saman på skipet. Det var lite mat og drikke, og det var dårleg reinsemd om bord. Mange slavar døydde før dei nådde land. Nokre hoppa òg over bord og drukna.

Slavar vart selde på torget

Etter at slavane kom til Amerika, vart dei som regel selde på torget i byen. Rike plantasjeeigarar kom for å sjå på dei nye «varene». Det var vanleg at foreldre og barn vart kjøpte av ulike gardseigarar. Friske, unge menn vart rekna som dei beste arbeidarane.

⬅  Illustrasjon frå USA på 1860-talet av mor og dotter som blir selde på torget.

Storgardseigaren sin eigedom

Plantasjeeigarane eigde slavane. Slavar som prøvde å rømma, vart tekne. Dei som prøvde å gjera opprør eller stela mat, vart straffa hardt, til dømes ved pisking.

Slaveri vart avskaffa

Då trekanthandelen starta, var det få som meinte at slaveverksemd var gale. Mot slutten av 1700-talet endra dette synet seg. Fleire og fleire kvite ville stansa slavehandelen og slaveriet. I 1807 fekk ikkje britiske skip lenger lov til å frakta slavar. Og i 1863–1865 innførte president Abraham Lincoln forbod mot slaveverksemd i Amerika.

Ei hyllest til president Abraham Lincoln for frigjeringa av slavane.

Ted-Ed: Den atlantiske slavehandelen (ENG) 

Den transatlantiske slavehandelen.

Brot på menneskerettane

Slaveverksemda, som gjekk føre seg i rundt 300 år, var eit grovt brot på menneskerettane som vart skrivne ned og bestemte i FN i 1948. Sjølv om det er forbode, finst det framleis ulike former for slaveri rundt omkring i verda.

Kva førte slavehandelen og slaveriet til? 

Sjølv om slavane var frie menneske frå siste del av 1800-talet, hadde dei ikkje dei same rettane og moglegheitene som dei kvite. Det skulle gå omtrent 100 år til før den store kampen om like rettar for kvite og svarte i USA verkeleg kom i gang. Kampen for like rettar går framleis føre seg.

Kjelder:

  • Steen, Toneslaveri i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 25. november 2020 frå https://snl.no/slaveri

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Ted-Ed Youtube
    8. Getty Images
    9. Getty Images