Kyr – våre nyttigaste gardsdyr

Kveg, fe, storfe, naut, ku, okse, kalv. Kjært barn har mange namn, og det er ingen tvil om at vi menneske er glad i kua. Menneske har brukt kyr som gardsdyr i 5000–10 000 år. I løpet av den tida har vi avla fram storfe i mange ulike rasar. Dei ulike rasane er tilpassa ulike miljø, og no finst dei over heile verda.

Vi bruker både mjølka, beina, horna og skinnet frå kua – til og med møkka! Kjøtet er veldig vanleg som mat: Nesten 24 prosent av alt kjøt vi menneske et, kjem frå kyr.

Kyr som ser inn i kamera

Altfor mange kyr 

Når befolkninga på jorda aukar, må òg matproduksjonen auke. Men kan vi halde fram med å ete den same maten?

No finst det nesten 1,5 milliardar storfe i verda. Det er langt fleire enn vi har behov for. Det er mange grunnar til at det er så mange av dei, men den viktigaste grunnen er pengar.

Fire selskap eig 85 prosent av kvegindustrien i verda. Di meir kjøt vi et, di meir pengar tener dei. Derfor stoppar ikkje avlen av kyr når vi har fleire enn vi treng.

Kvegdrift gir òg inntekt til millionar av bønder. Det er bra for dei akkurat no, men ikkje så veldig bra for jorda vår på lang sikt. Miljøforkjemparar seier ifrå når menneske gjer ting som er skadeleg for miljøet. Dei siste åra har fleire og fleire sagt at kvegdrift er feil. Men kvifor det?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Overflod av storfe
Overflod av storfe

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!