Slik sikrar vi drikkevatnet
Mangel på vatn kan fort føre til kamp om vassressursar. Så korleis kan vi redusere bruken, for å sikre fred i verda og samtidig beskytte planeten?

Vi treng reint vatn
Ein person kan overleve utan mat i fleire dagar. Utan vatn døyr vi ganske raskt. Derfor er vatn veldig viktig. Men det begynner å bli for lite reint vatn i verda.

For høgt forbruk av vatn
Mesteparten av vatnet vert ikkje brukt som drikkevatn. Bøndene bruker det til å vatne åkrane sine. I Nord-Afrika og Midtausten har dei berre 1 prosent av alt vatnet i verda. I USA bruker ein person over 400 liter vatn kvar dag. Over halvparten av dette bruker dei til å skylje ned i do, dusje og vaske klede.
Mangel på vatn kan bekjempast
Sparetiltak for vatn
I landbruket utviklar forskarar plantar som toler tørke. Dei har også laga utstyr som kan samle opp regnvatn. I huset ditt kan enkle ting spare på vatnet. Vi kan bruke betre vaskemaskinar og skifte til sparedusj. Med dette kan vi ta vare på miljøet.

Skoddesamlarar
På dei tørraste stadene i verda kan skodde gi folket reint vann. Ved å bruke eit stort nett kan ein samle opp mange liter vatn kvar dag. Vinden pressar skodda mot nettet, og vatnet dryp ned i store behaldarar. Det finst slike «skoddesamlarar» fleire stader i verda.
Menneskeskapte isbrear
Det er lite vatn i Himalaya. For nokre år sidan starta nokre forskarar å lage kunstige isbrear. Vatn vert ført gjennom eit rør, og deretter «spytta» ut som frå ei fontene. I den kalde lufta frys dette vatnet mens det fell. Over tid byggjer isen seg opp og lagar eit stort tårn.

Mangel på vatn i verda
Befolkninga på jorda øker, og det gjer at drikkevatnet vi har skal fordelast på stadig fleire menneske og dyr. I nokre område av verda er det til tider altfor mykje vatn, mens andre stader tørkar bort. Menneske og dyr klarar seg ikkje utan reint og godt drikkevatn.

En hånd som blar et ark med bilde av en tørr ørken slik at det kommer fram et ark med grønn natur.
Kjelder:
- Vitenskapens guide til jordens framtid (2018)
ORAGE FORLAG AS
- NRK (11.06.2020)
nrk.no/skole
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK Skole
-
Getty Images
-
BBC News – YouTube
-
BBC News – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-