Slik sikrar vi drikkevatnet

Mangel på vatn kan fort føre til kamp om vassressursar. Så korleis kan vi redusere bruken, for å sikre fred i verda og samtidig beskytte planeten?

Accessibility icon Slik sikrar vi drikkevatnet

Vi treng reint vatn  

Ein person kan overleve utan mat i fleire dagar, men viss ein blir dehydrert, døyr ein fort. Derfor er vatn vår viktigaste ressurs. Men det begynner å bli for lite vatn – både på grunn av klimaendringar og på grunn av eit stigande behov frå ei stadig større global befolkning.  

For høgt forbruk av vatn  

Det meste av vatnet vert brukt til vatning og ikkje til drikkevatn eller til andre formål i heimen. Landbruk står faktisk for 70 prosent av det globale vassforbruket. Midtausten og Nord-Afrika har berre 1,4 prosent av ferskvassressursane i verda, men dei har 6,3 prosent av befolkninga i verda. I USA bruker ein gjennomsnittsperson 445 liter per dag, 60 prosent til å skylje ned i do, dusje, vaske klede osv., 30 prosent til å vatne hagen, mens 10 prosent går tapt på grunn av lekkasjar.  

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!