Kva meiner vi med sosial forskjell?

Sosial forskjell handlar om at det er forskjellar på folk. Nokre har mykje pengar å leve for. Andre har altfor lite pengar. Nokre kan delta på fritidsaktivitetar og reise på ferie. Andre har ikkje råd til det.

Vi seier at folk har ulik status i samfunnet. Dei med mykje pengar og god utdanning har ofte høg status. Dei som har dårleg utdanning og kanskje  låg løn, har lågare status. Vi kallar dette sosioøkonomisk status.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sosialt gap
Sosialt gap

 

Absolutt og relativ fattigdom

Kva tenkjer du på når du høyrer om fattigdom? Ofte tenkjer vi på fattige barn i andre land. Dei som nesten ikkje har nokon ting å leve av. Den fattigdommen kallar vi absolutt fattigdom.

I Noreg har vi ikkje barn som lever i absolutt fattigdom. Vi har barn som lever i relativ fattigdom. Dei har ikkje dei same moglegheitene som andre barn. Pengane til foreldra blir berre brukte til heilt nødvendige ting som mat og klede.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fattig gutt
Fattig gutt

Dei sosiale forskjellane aukar i Noreg

Noreg er eit av landa i verda med minst forskjellar. Likevel er det stor forskjell på dei rikaste og dei fattigaste.

I Noreg jobbar det mange frå andre land. Desse jobbar for mindre løn og bidreg til auka fattigdom.

Dei aller rikaste kan kjøpe kva dei vil. Foreldre med låg inntekt klarer ikkje alltid å dekke behova til barna sine. Det er ikkje alle som har råd til å skaffe seg ein ordentleg stad å bu.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mynt i stabler
Mynt i stabler

Konsekvensar av fattigdom

Å vekse opp i fattigdom er veldig tøft. Fattige barn deltek mindre på fritidsaktivitetar. Dette kan føre til einsemd og utanforskap. Dårleg økonomi kan òg gjere det vanskeleg å vere med på bursdagar, dra på ferie og feire jul.

Foreldre med låg inntekt har ofte lite eller dårleg utdanning. Dei har ikkje den same moglegheita til å hjelpe barna sine med lekser. Det kan gjere at barna slit med skulearbeidet. Det kan òg føre til at dei får låg inntekt som vaksne.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt på sidelinja
Gutt på sidelinja

Kan dette endrast?

Dei store forskjellane mellom folk er ei stor utfordring for samfunnet. Ansvaret ligg mest hos politikarane. Dei må lage ein politikk som gjer at forskjellane blir mindre. Spesielt for barn.

FN har laga noko som heiter Barnekonvensjonen. Der står det at barn har rett til veldig mange ting. Likevel er det mange som ikkje får det dei treng.

Alle barn bør ha dei same moglegheitene til leik og fritid. For at vi skal få til dette, bør fritidsaktivitetar koste mindre for dei med dårleg råd.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn padler kano
Barn padler kano

Kjelder:

  • Fløtten, Tone (red.):
    Barnefattigdom (2009)
    Oslo. Gyldendal akademisk.

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. YouTube
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK Skole
    7. Getty Images