Kva meiner vi med sosial forskjell?

Sosial forskjell handlar om at det er forskjellar på folk når det gjeld inntekt, økonomi, utdanning og sosiale moglegheiter. FNs berekraftsmål nummer 10 fokuserer på mindre forskjell. FN meiner at ein må jamne ut forskjellane både mellom land og internt i landa.

Noreg er eit land med små forskjellar, men samtidig har ein sett ein auke i sosiale forskjellar dei siste 20 åra.

Før du les vidare om sosial forskjell, bør du kjenne til omgrepet sosioøkonomisk status (sosial klasse). Det handlar om kva bakgrunn folk har når det gjeld inntekt, formue og  utdanning.

Forsking viser at folk med høg sosioøkonomisk status har betre moglegheiter og helse enn dei med låg sosioøkonomisk status. Sidan dei sosiale forskjellane påverkar folks liv, blir politikarane svært bekymra viss forskjellane aukar for raskt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sosialt gap
Sosialt gap

 

Absolutt og relativ fattigdom

Når vi snakkar om fattigdom, tenkjer vi ofte på barn som lever i andre land der dei ikkje har like god tilgang til vatn, mat, utdanning og helsetenester. Den fattigdommen vi ofte ser på TV, kallar vi absolutt fattigdom. Grensa for absolutt fattigdom er ifølgje FN 1,90 amerikanske dollar om dagen.

I Noreg har vi ikkje barn som lever i absolutt fattigdom, men vi har barn som lever i det vi kallar for relativ fattigdom. Relativ fattigdom er å ikkje få dekt dei behova som dei fleste andre i samfunnet får dekt. Fattigdom har konsekvensar for oppveksten og moglegheitene til barnet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fattig gutt
Fattig gutt

Dei sosiale forskjellane aukar i Noreg

Noreg er eit av landa i verda med minst økonomiske og sosiale forskjellar, men i dei siste åra har dei sosiale forskjellane auka. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er årsakene til desse forskjellane at dei rikaste i Noreg blir rikare.

På den andre sida påpeikar SSB samtidig at arbeidsinnvandring pressar løna til dei dårlegast betalte jobbane ned.

Dette skiljet skaper utfordringar for familiar. Dei aller rikaste pressar prisane opp, til dømes når det gjeld kjøp av bustad. Foreldre med låg inntekt vil få vanskar med å dekke behova til barna sine.

Barnefattigdommen i Noreg har auka sidan begynnelsen av 2000-talet. Frå 2013 auka talet frå 84 000 til 110 900 i 2018. Fattigdommen blant barn er no høgare enn før, og han veks raskare enn fattigdom blant vaksne.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mynt i stabler
Mynt i stabler

Konsekvensar av sosiale forskjellar og utanforskap

Å vekse opp i fattigdom kan påverke barnet helsemessig og sosialt, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Barn i familiar med låg inntekt deltek i mindre grad i fritidsaktivitetar saman med andre barn. Dette kan føre til utanforskap og einsemd. Dårleg økonomi kan òg føre til begrensingar når det gjeld bursdagar, ferie og jul.

Fattigdom har òg konsekvensar for framtidige moglegheiter. Barn som veks opp i familiar med låg inntekt, har større risiko for å få låg inntekt når dei sjølve blir vaksne. Dette kan mellom anna vere på grunn av at dei ikkje får den hjelpa og støtta dei treng til skulearbeid heime.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt på sidelinja
Gutt på sidelinja

Korleis kan ein førebyggje dei sosiale forskjellane?

Dei sosiale forskjellane mellom folk er ei stor utfordring for samfunnet. Ansvaret ligg hovudsakleg hos politikarane. Dei må utforme ein politikk som reduserer forskjellane mellom folk, og då spesielt for barn.

Ifølgje FNs barnekonvensjon har barn rett til fritid. Derfor meiner Røde Kors at fritidsaktivitetar bør bli rimelegare for familiar, slik at alle barn kan delta på fotball, handball og andre fritidsaktivitetar.

Alle barn bør òg ha same moglegheit til utdanning. Uansett kva familie dei kjem frå, skal barn få dei same moglegheitene til å utvikle seg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn padler kano
Barn padler kano

Kjelder:

  • Fløtten, Tone (red.):
    Barnefattigdom (2009)
    Oslo. Gyldendal akademisk.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. YouTube
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK Skole
    7. Getty Images