Sosialiseringsprosessen

  • Korleis blir vi ein del av samfunnet?
  • Kvifor rekkjer vi opp handa før vi skal seie noko?
  • Kvifor står vi i kø?
  • Kvifor har vi ulike interesser?
Flyfoto av en folkemengde

Den sosiale hjernen

Somme vil påstå at vi menneske er avhengige av å sosialisere oss med andre menneske for å overleve. Denne påstanden kan underbyggjast med forskning frå Robert Dumbar. Han meinte at dei naturlege sosiale evnene våre er ei av årsakene til at mennesket har utvikla ein større hjerne. Mennesket har klart å organisere meir avanserte samfunn enn nokon som helst skapning på jorda. Vi er avhengige av å leve i grupper eller samfunn for å kunne lagre informasjon saman og utvikle eit språk for å kommunisere. Dei sosiale samhandlingane har vore med på å utvikle hjernen vår gjennom åra.  

Mennesker som prater
Mennesker som prater

Den sosiale hjernen – kort fortalt

Kva er sosialisering?

Kvifor har vi blitt som vi er? Det finst mange svar, og eitt av dei handlar om sosialisering. Sosialiseringsprosessen handlar om korleis vi som individ blir ein del av samfunnet.  

Når vi tenkjer på samfunn. er det også naturleg å snakke om kultur. Med kultur meiner vi vanar, verdiar og normer. Kvifor går vi i tog på 17.mai? Kvifor er fredagstaco så populært? Eller kvifor helsar vi på kvarandre ved å ta kvarandre i handa?  

Håndtrykk
Håndtrykk

Normer

Normer er eit omgrep for dei reglane samfunnet har for korleis vi bør oppføre oss i ulike sosiale situasjonar. Til dømes når du møter nye menneske for første gong,  vert det sett på som ei norm at du skal helse ved å gje folk handa. I andre land, som til dømes Frankrike og Spania, er det meir vanleg med eitt eller to kyss på kinnet når ein helsar på nokon. Normer varierer frå samfunn til samfunn, og dei vert utvikla med tida.  

⬅ Under covid-19-pandemien var det forbode å handhelse. Då var det ikkje lenger akseptert å helse med handa, og folk fann alternative måtar å «ta kvarandre i handa» på.  

Normer kan vere både formelle og uformelle.  Formelle normer er reglar og lover som er skrivne ned, som til dømes skulereglar eller trafikkreglar. Uformelle normer er ikkje nedskrivne, men tek utgangspunkt i skikk og bruk og tradisjonar, som til dømes det å ikkje leike med maten eller det å ikkje snike i ein kø. Når vi gjer normene til ein vane, eller til våre eigne, kallar vi det internalisering av normer.  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To menn som har albu mot albu som en erstatning for håndhilsning
To menn som har albu mot albu som en erstatning for håndhilsning

Primærsosialisering

Primærsosialisering er den fasen av sosialiseringa som skjer i dei første leveåra. Då er det som regel familien som har hovudansvar for utviklinga di. Du lærer å gå og snakke. Og du lærer uformelle normer som bordskikk, og korleis du kan gje uttrykk for det du føler. Primærsosialiseringa er viktig for vidare sosialisering i livet.  

Far lærer barn å gå
Far lærer barn å gå

Sekundærsosialisering

Sekundærsosialiseringa går føre seg resten av livet, og her lærer du mange ulike normer, verdiar og ferdigheiter frå andre sosialiseringsagentar. Med sosialiseringsagentar meiner vi familie, skule, jobb, venner eller sosiale medium 

En gruppe med studenter som sitter på en café og studerer
En gruppe med studenter som sitter på en café og studerer

Tertiærsosialisering

Enkelte forskarar vil påstå at sosialiseringa vi får frå medium,  er noko eige, og dei kallar det derfor tertiærsosialisering – altså ei form for indirekte sosialisering. Forsking på barn og unges bruk av sosiale medium viser at barn får venner via Instagram og Snapchat. Dette er med på å gje barna eit større nettverk nettverk som ikkje berre er lokalt, men også internasjonalt. Barn og unge tek ulike roller i sosiale medium og lærer seg ei ny form for kommunikasjon – som ikkje berre er avgrensa til tekst, men som innheld mykje bilde, emojiar og såkalla memes. 

Barn og unge blir sosialiserte til å kommunisere på ein heilt annan måte enn det ein gjer i klasserommet eller heime. Seier ein noko dumt på skuleplassen, vil dei fleste gløyme det etter nokre dagar, men i sosiale kan det delast og lagrast. Dette kan medføre nokre utfordringar, som til dømes mobbing via nett. Samtidig opnar sosiale medium for mange moglegheiter til å utvikle venskap og lage nettverk med menneske over heile verda.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Person som holder en mobiltelefon i hånden
Person som holder en mobiltelefon i hånden

Byggjer identitet  

Sosiale nettverk påverkar korleis vi handlar og korleis vi lærer. Anten sosialiseringa går føre seg  ansikt til ansikt eller via sosiale medium, har ho stor effekt på korleis vi skaper identiteten vår.   

To gutter som leker riddere med sverd
To gutter som leker riddere med sverd

Kjelder:

  • Burnet, Dean (2018):
    Do Social Networks Make Us Antisocial?
  • Vitenskapens vei til lykken (2020)
    Orage Forlag AS
  • Grønlie, Granlund og Flood (2017): FOKUS sosialkunnskap
    Oslo. Aschehoug
  • Hilmarsen, H. V., & Arnseth, H. C (2017): Livet på Instagram. Ungdoms digitale forlengelser av sosiale relasjoner og vennskap.
    Tidsskrift for ungdomsforskning, 17(1).

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. BBC Stories Youtube
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images