Kva slags jobbar kjem i framtida?

Mange jobbar har vorte borte, og nye har komme til. Det er ikkje så lenge sidan folk jobba som både skomakarar og skreddarar, men det er ikkje så vanleg no. Det er heller ikkje så lenge sidan internett var heilt ukjent for dei fleste, og det berre var nokre få som hadde mobiltelefon. I dag er dette heilt vanleg.

Arbeidere fra fremtiden med yrker som ikke finnes ennå
Arbeidere fra fremtiden med yrker som ikke finnes ennå

Stillingsannonsar i framtida

Teknologien og samfunnet utviklar seg, og oppgåver som tidlegare vart utførte av menneske, blir stadig oftare utførte av datamaskiner og robotar. Så kva vil vere viktige oppgåver i framtida?

Nedanfor får du sjå nokre døme på korleis annonsar for nye stillingar kan sjå ut i framtida. Kanskje det er noko som passar for deg?

Digital søppeltømmar

Kvar dag sletter vi store mengder data, og vi har filer med data liggjande som ikkje blir brukte. Data som ikkje har blitt brukt det siste året, er kanskje ikkje nødvendig å lagre, men det kan vere viktige ting der som blir oppdaga om dataa blir skikkelig undersøkte. Ved hjelp av kunstig intelligens kan ein finne verdiar i desse dataa som ein ikkje såg tidlegare.

  • For å jobbe med dette må du kunne mykje om statistikk, dataanalyse og matematikk. Du må ha jobba med denne typen verktøy i tre til fem år.
  • Du må ha erfaring med “big data” og maskinlæring, og det er ein fordel om du kan programmere på eitt eller fleire språk.
  • Du må kunne jobbe godt med andre, og du må vere god på språk.
  • I tillegg må du kunne vise fram analysar og samanhengar på ein god måte gjennom figurar og andre typar oversikter.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Cyberattack-spesialist

I dag skjer det mange digitale angrep, og det er her krigane i hovudsak går føre seg.  Du må derfor kunne sjå etter svake punkt i datasystema til landet eller bedrifta , og sørgje for at desse hola blir tetta. Samtidig vil du vere med i ein styrke som jobbar for å stoppe angrep og terrorisme.

  • Du må ha minst fem års erfaring med hacking, og du må kunne programmere på fleire språk.
  • Du må kunne halde følgje med den digitale utviklinga og moglegheitene og utfordringane ho gir.
  • Jobben krev at du er god til å snakke med andre og til å skrive med nøyaktig språk.
  • Du må ha godkjent sikkerheitsklarering, og du må halde deg innanfor Noregs reglar for cyber-angrep og cyber-forsvar.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Digital stemmedesignar

I framtida vil bruk av stemme bli viktig når vi bruker datamaskinar og digitale einingar. Det betyr at stemmer må tilpassast slik at dei verkar naturlege og kan bruke fleire dialektar. Dei må òg tilpassast ønska til den enkelte brukaren, slik at dei blir “den perfekte stemma” for kvar enkelt.
Den perfekte stemma vil opplevast som om ho tilhøyrer eit anna menneske, og ho er engasjerande og naturleg.

  • Du må ha utdanning i språk og bakgrunn frå kreativ skriving, kommunikasjon i sosiale medium og kunnskap om augmented reality.
  • Du må kunne skape løysingar som ikkje berre byggjer på spørsmål og svar, men som skaper ein naturleg flyt i samtalen. Her må du ha god kunnskap om både språk og kultur som kan ha betydning for samtaleutforminga.
  • Du må kunne skape ei stemme som både høyrest naturleg ut, som har karakter og gjerne noko humor.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Oppryddingsoffiser

I dag skaffar folk seg stadig fleire ting, men utan å kaste gamle ting ein ikkje treng eller som ikkje blir brukte. Dei treng hjelp til å rydde opp og kvitte seg med det dei ikkje har nytte og glede av lenger.
Ved å stille gode spørsmål kan ein skilje mellom kva som skal behaldast, kva som kan kastast, og kva som skal kastast. På den måten kan ein vise kunden korleis eit liv utan for mange unyttige ting kan sjå ut.

  • Du må vere trent i å rettleie, vere god på utforming og ha evne til å lytte. Det er ein fordel med utdanning innan interiørdesign.
  • Du må forstå kva kvar enkelt kunde treng gjennom å stille gode spørsmål og lytte. Du må kunne skjere gjennom, samtidig som behova og ønska til kunden ikkje skal bli overkøyrde. Dette er ein vanskeleg balansegang som krev at ein byggjer tillit.
  • Du må kjenne godt til teknologi som kan bidra til å gjere arbeidet med å få oversikt over tinga til kunden enklare. Samtidig må du kunne vise korleis ein kan utforme ein heim med dei tinga som skal behaldast. Dette krev at ein kan bruke både augmented reality og kunstig intelligens.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Smartheim-designar

Som ein designar av smarte heimar vil du jobbe tett med ingeniørar, arkitektar og kundar. Du skal sørgje for at kunden får ei problemfri og tilpassa oppleving som gjer livet enklare. Det krev at du er oppdatert både på trendar og teknologiar, slik at du kan finne dei beste løysingane for kvar enkelt kunde. Det krev evner til å forstå andre, sjå ting frå fleire synsvinklar og byggje tillit.

  • Du må ha utdanning innan arkitektur, og du må ha minst tre års erfaring.
  • Du må vite mykje om kva for nokre teknologiar som blir brukte i smarte heimar, og sjå korleis desse vil passe i kvart enkelt prosjekt.
  • Du må vere ein god prosjektleiar, og du må leggje fram bevis på at du har fullført prosjekt før.
  • Du må vere god til å kommunisere med folk, både skriftleg og munnleg. Du må kunne bli kjend med folk på ein måte som byggjer tillit og respekt.
  • Førarkort for bil er nødvendig.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Tidvassarkitekt

Den globale oppvarminga blir stadig verre, og vi veit at storbyar vil bli overfløymde.  Din jobb som tidvassarkitekt er å forhindre overfløyming av storbyar rundt omkring i verda. Moglege arbeidsplassar er byar i heile verda, som til dømes New York, Shanghai, Alexandria og Miami.

  • Du må ha høg utdanning innan miljøtilpassing med særleg fokus på byggeprosjekt.
  • Du må ha jobba med store prosjekt innan tidvassproblematikk, som til dømes tidvassportane i Themsen i London, utfordringar i Venezia eller landfyllingar i Nederland.
  • Du må kunne jobbe saman med og overbevise ekspertar og styresmakter, slik at du kan oppnå framgang og sikre gode resultat.
  • Du må vise svært god forståing for hydroteknikk og arkitektur.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Vertikal gartnar

I dag krev folk at maten skal vere fersk og bli dyrka lokalt. Ved å jobbe i høgda kan ein utnytte hustak i byane og sørgje for mindre miljøavtrykk. Gjennom bruk av det som blir kalla hydroponisk dyrking, kan ein òg bruke mindre vatn og dyrke utan jord.

Dette gir òg betre kontroll over dyrkinga, og det gjer at ein kan bruke mindre sprøytemiddel og unngå utslepp av gjødsel i naturen. Som vertikal gartnar er ein òg rådgivar for andre som vil dyrke på ein meir miljøvennleg måte. Stillinga krev derfor at ein både er flink med plantar og har evne til å selje inn denne måten å dyrke råvarer på.

  • Det krev utdanning i agrikultur og erfaring frå jordbruk.
  • Du må brenne for å lære bort vertikal dyrking til andre og kunne undervise om sunn mat. Det krev derfor at du er god både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha interesse for jordbruk i byen og kunne planleggje for oppstart og gjennomføring av slik drift. Det krev at du må kunne arbeide for ulike typar kundar og samarbeide om løysingar.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Designar av flygande bilar

Draumen om flygande bilar blir snart verkeleg. I løpet av nokre få år vil flygande bilar bli tilgjengelege for rike kundar, og i løpet av det neste tiåret vil dei vere tilgjengelege for folk flest.

Vi ser derfor etter deg som har erfaring frå bil- eller flyproduksjon, og som er klar til å handtere uventa og komplekse utfordringar. Viss du brenn for å gjere det umoglege mogleg – då er dette jobben for deg!

  • Du har bakgrunn frå leiing eller arbeid med motor eller aerodynamikk.
  • Viss du har vore involvert i eit prosjekt knytt til romfart, vil det vere ein stor fordel.
  • Du er god til å samarbeide med andre og til å tenkje kreativt.
  • Vi treng ein som går laus på ting og tar tak i verkelege utfordringar. Praktiske evner vil vege tyngre enn utdanning.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Haptisk overflatedesignar

Du veit når noko “kjennest riktig” når du tek på det. Den riktige vekta eller overflata kan gjere at eit billig produkt kjennest dyrt. Med nytt materiale og ny programvare blir det skapt ein heilt ny marknad for haptiske overflater.

Som ein del av teamet vårt vil du jobbe med å utvikle stoff og materiale som gir kunden ei god oppleving gjennom berøring på eit stort utval av produkt. Du må finne fram til kva slags materiale som passar best for kvart enkelt produkt. Arbeidet vil endre kvardagsprodukt til unike og rike opplevingar for den enkelte kunden.

  • Du må ha erfaring frå det å skape fysiske produkt og god kunnskap om overflater på gamle og nye produkt. Du må også vere opptatt av trendar innan feltet og bruk av augmented reality. Du forstår at eit produkt må ha den rette balansen mellom kjensle og brukbarheit.
  • Du må ha bakgrunn frå  produktdesign eller psykologi. Du må òg ha erfaring frå prosjektleiing, produktplanlegging, utvikling og marknadsføring.
  • Det er ein fordel med utdanning innan materialkunnskap og design, men dette er ikkje eit krav. Det er eit pluss viss du har bakgrunn frå motebransjen.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Samtaleekspert

Merksemd er verdifullt. Mange føler seg isolerte i den digitale verda og saknar menneskeleg selskap. Vi ønskjer derfor å tilby morgondagens svar på gamle dagars selskapsdamer og -menn. Forsking viser at det å vere saman med andre og ha meiningsfylte samtalar, gjer oss lykkelegare og friskare. Ein slik jobb vil derfor òg spare samfunnet for auka utgifter til helsevesenet.

Du må vere ein god lyttar, og regelen vår er at vi skal lytte 10 gonger meir enn vi snakkar. Du vil få støtte av kunstig intelligens som kan gi deg idear til samtalar som byggjer på interessene til den enkelte kunden.

  • Alle typar utdanning og erfaring vil bli vurderte, men du må kunne vise til plettfritt rulleblad.
  • Du må vere trygg på å bruke telefon-appar – både for bestillingar frå kundar, oppfølging og som støtte for idear til samtalar.
  • Du må vere god til å lytte, og du må kunne byggje tillit. Nøyaktigheit og ærlegdom er absolutte krav.
  • Førarkort for bil er ein fordel når du må reise ut til kundar.  Enkelte kundar vil ha husdyr som du må forhalde deg til.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

DNA-analytikar

Innan genetikk finst store moglegheiter til å tilpasse medisinar for spesifikke grupper eller bruke teknologi som CRISPR til å endre DNA. Som DNA-analytikar er jobben din å utvikle slike produkt. Dette arbeidet rettar seg mest mot større helseforetak, men òg andre grupper kan vere aktuelle.

Du ser moglegheiter for å utvikle produkt som gjer folk mindre sjuke eller heilt friske frå ulike sjukdommar og plager. Sjukdommar vi i dag ser på som alvorlege, vil vi i framtida kunne behandle på enkle måtar.

  • Du treng høgare utdanning innan økonomi, strategi og/eller biologi. Det er ein fordel om du har grunnleggjande kunnskapar om genetikk.
  • Vi krev minst 10 års erfaring med denne typen arbeid, i tillegg til erfaring frå forsking eller sal. Minst tre års erfaring med arbeid på laboratorium er eit krav.
  • Evner til å vere leiar og til å forhandle med andre er påkravde. Sidan du skal snakke med ekspertar innan helse, vil du trenge oppdatert kunnskap på dette feltet.
  • Du må òg kjenne godt til kva kundane treng, og kunne leie produktutvikling og testing slik at produkta blir klare for sal.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Maskinlæringstrenar

Samarbeid mellom menneske og maskinar blir stadig viktigare, og denne jobben handlar om å få dette til på best mogleg måte. Det betyr at ein dreg nytte av styrken til robotar og AI som nøyaktigheit og uthald, saman med styrken til menneske som evna til å ta val og føle.

Ein del av oppgåvene vil vere knytte til jobben legar gjer. Som eit døme kan ein tenkje seg ein robot som opererer. Viktige oppgåver er utvikling av system som tek seg av koplinga mellom menneske og maskin, slik at ein kan planleggje for godt samarbeid.

  • Du må ha høgare utdanning innan data eller ingeniørfag. I tillegg blir det kravd utdanning innan psykologi eller nevrovitenskap.
  • Du må ha minst fem års erfaring frå arbeid med robotar, mekanisk design, nevrovitskap, menneske-maskin samhandling, maskinlæring eller tilsvarande.
  • Du må brenne for programmering, og ha forståing for korleis menneske fungerer saman.
  • Det blir kravd leiarevner og gode evner til å samarbeide.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Detaljert robothånd
Detaljert robothånd

Digital skreddar

I dag bestiller folk ofte klede på nett. Samtidig blir  rundt 40 prosent av varene sende tilbake, fordi dei har feil storleik eller ikkje passar godt. Målet vårt er å få ned dette talet til 0, ved å bruke teknologi som tilpassar klede for den enkelte kunden.

Som digital skreddar vil du jobbe med kundar for å sikre at dei alltid får klede som passar perfekt. Gjennom teknologi blir det tatt presise mål som blir lasta opp til systemet vårt, slik at kleda blir tilpassa kvar enkelt person. Du vil òg gi råd om stil og klesval og tilby ulike typar tilbehøyr. Kundane skal òg følgjast opp etter levering. Viss du elskar mote, er dette arbeidsplassen for deg.

  • Du må ha erfaring med og kunnskap om mote, skreddararbeid, design, kunst eller liknande.
  • Du må vere god til å skape engasjement og tillit, og du må ha eit sterkt ønske om å hjelpe og rettleie andre.
  • Du må ha god motesans og kunne vise fram deg sjølv på best mogleg måte. Du skal representere både deg sjølv, bedrifta og designarane våre.
  • Du må kunne bruke teknologi for målesystem og bestilling av varer.
  • Du må gjere det du kan for å sikre at kundane kjem tilbake og handlar meir.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

  • Alle bilder: Getty Images