Stillingsannonsanes verd

Mange ungdommar søkjer den første jobben sin medan dei framleis går på skule. Viss du er heldig, så kjenner du nokon som kan skaffe deg ein jobb. Viss ikkje, må du leite blant annonsane på nett eller i avisa.

Les annonsen nøye
Viss du finn ein annonse med ein jobb du liker, må du lese annonsen nøye. Her står det kva du må kunne og kva slags person dei ser etter. Leit til du finn ein annonse som du synest passar godt til akkurat deg.

Forstå oppgåvene i jobben
Er dette ein jobb du trur du kan trivast i? Er det noko du vil jobbe med i framtida, eller treng du berre litt ekstra pengar?

Kva er du god til? Tenk på kva du er flink til. Er du god til å løyse problem? Er du nøyaktig? Liker du å snakke med folk?

Finn annonsar som passar til  interessene dine. Då er det lettare å lykkast med jobbsøkinga.

Skriv ein god søknad

Les annonsen godt, og bruk god tid når du skriv søknaden. Forklar kvifor dei skal tilsette akkurat deg. Søknaden din må fange interessa til arbeidsgivaren. 

La gjerne nokon du stolar på lese søknaden og komme med råd før du sender den til arbeidsgivaren. Viss du er nøye, er det større sjanse for at du blir kalt inn til intervju.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En mann står å ser på masse fysiske stillingsannonser i en hylle
En mann står å ser på masse fysiske stillingsannonser i en hylle

Korleis få draumejobben?

Arbeidsgivarar ser etter faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar hos dei som søkjer på ein jobb.

Kva betyr det, eigentleg? 

Faglege kvalifikasjonar
Faglege kvalifikasjonar er det du har lært på skulen eller i jobbar du har hatt før. Du kan til dømes ha gode faglege kvalifikasjonar viss du har masse arbeidserfaring. 

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar er det som gjer deg til den personen du er. Kanskje du er flink til å samarbeide og jobbar godt i eit team?

 

Kva vil arbeidsgivar
eigentleg ha?

Nokre personlege eigenskapar er populære hos mange arbeidsgivarar. No skal vi vise deg kva slags. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En jente jobber på en kafe
En jente jobber på en kafe

Viktige personlege eigenskapar

Mange stillingsannonsar er fulle av vanskelege ord. Her kan du lære nokre av dei. 

Ord som sjølvstendig, målbevisst og initiativrik betyr at du tar ansvar for ditt eige arbeid, veit kva du skal gjere, og at du ikkje treng å få beskjed om alt. 

Viss arbeidsgivaren leiter etter nokon som er lærevillig og nysgjerrig, bør du like å lære og våge å prøve nye ting.

Samspel og samarbeid

Ord som samarbeidsvillig og god på konfliktløysing betyr at du må vere god til å samarbeide med andre, og vere god til å få andre til å slutte å krangle. 

Påliteleg
Ord som påliteleg og samvitsfull betyr at arbeidsgivaren vil ha ein dei kan stole på, også når ingen ser på.

Innovasjon og kreativitet

Orda kreativitet og innovasjon betyr at du bør vere oppfinnsam og kunne tenkje ut løysingar ingen andre har tenkt på før.

Digital kompetanse
Leiter arbeidsgivaren etter nokon med digital kompetanse? Då er dette jobben for deg som kan mykje om datamaskiner og  nettverk og får det til å verke.

Leiing

Viss du ser ord som sjølvgåande og flink til å organisere, er det nok snakk om en leiarstilling. For å søkje på ein slik jobb må du ha jobba i mange år. 

Viss du har nokre av dei eigenskapane som er nemnde over, er det mange jobbar du vil passe godt til. Søk på dei jobbane du synest passar best til akkurat deg!

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Jente løper løp på friidrettsbanen
Jente løper løp på friidrettsbanen

Kvifor er disse eigenskapane viktige?

Når alle gjer jobben sin på ein god måte, kan bedrifta vekse og utvikle seg. Då blir jobben meir sikker.

Tenk over om du kan meistre ein jobb før du søkjer. Men hugs at det er greit å søkje på ein jobb sjølv om ein treng litt opplæring for å bli god.

Ver innstilt på å lære det som skal til, og prøv å gjere ditt beste kvar dag. Då blir sjefen fornøgd, og du får mange nye og spennande erfaringar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En jente danser for seg selv
En jente danser for seg selv