Kva er stress?

Legen som først definerte stress, Hans Selye, skal ha sagt: «Alle veit kva stress er, men ingen veit kva det eigentleg er.»

I psykologien vert stress beskrive som kjensla av eit overdrive kjenslemessig press. Det kan føra til nervøsitet, søvnproblem, endring i spisevanane, destruktiv åtferd, hovudpine og muskelsmerter. Dette er former for stress vi alle kjenner til. Men frå eit breiare biologisk perspektiv er stress svaret frå kroppen på alle slag forstyrringar, enten det er psykologiske traume, ekstreme temperaturar, mangel på mat, søvn eller konfrontasjon med eit rovdyr.

Kroppens vern

Det finst ingen fullt dekkande medisinsk definisjon på stress, men i biologien vert stress beskrive som alt som kan forstyrra den naturlege balansen i kroppen. For å verna seg mot trusselen, uavhengig om han er reell eller innbilt, vil kroppen ta grep. Blodet vert bombardert med kjemiske signalstoff som fører til aktsemd, auke i puls og raskare pust, i tillegg til at dei kan dempa smerter og til og med framkalla eufori. Somme kan altså verta veldig oppstemde og få ein slags lykkerus når dei er ekstra stressa. Samstundes bremsar ikkje-vitale funksjonar som fordøying og vekst heilt ned. Når responsen på stress vert aktivert i kroppen, er ikkje framtida så viktig lenger, no handlar det om å overleva.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!