Kva er stress?

Stress er når du kjenner at det vert for mykje press og mas frå omgivnadene.

Det kan føra til at ein vert nervøs, søv dårleg, et mindre eller meir, gjer øydeleggande ting og får hovudpine og muskelsmerter. Dette er slik vi som oftast tenkjer på stress. Men biologisk sett kan ein sjå på stress som kroppens forsvar mot alle typar forstyrringar. Det kan vera harde påkjenningar, ekstreme temperaturar, mangel på mat, søvn eller konfrontasjon med eit rovdyr.

Kroppens vern

I biologien vert stress beskrive som alt som kan forstyrra den naturlege balansen i kroppen. Uavhengig av om forstyrringa er ekte eller noko ein berre førestiller seg, vil kroppen ta grep. Blodet vert fylt med kjemiske signalstoff som gjer at ein kviknar til, får auka puls og raskare pust. Det kan også dempa smerte og til og med gi lykkerus. Nokon kan altså verta veldig oppstemde når dei er ekstra stressa. Samtidig går andre funksjonar i kroppen saktare. Veksten vår vert bremsa opp, og magesekken jobbar saktare. Når kroppen opplever stress, er ikkje framtida så viktig lenger, det handlar berre om å overleva.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!