Tankeeksperiment:

Tenk deg ei verd utan olje!

I 1859 ble amerikanaren Edwin Drake den første som bora etter olje i bakken. Sidan den gongen har verda vore heilt avhengig av olje som finst både på landjorda og på havbotnen. Det er utvunne meir enn éin billion (1000 000 000 000) fat olje, men kva om verda ikkje hadde hatt meir olje?

Oljeplattform i sjøen
Oljeplattform i sjøen

Drivstoff

På slutten av 1800-talet kom dei første bilane med bensinmotor. Sidan den tid har vi brukt ufatteleg mange liter med bensin, diesel og olje. Tidleg på 1900-talet vart elektriske bilar eit reelt alternativ. Hundre år seinare har el-bilar blitt meir og meir vanlege.

  • Kvifor er det framleis mange som kjøper bensin- og dieseldrivne bilar?
  • Kva vil skje med flytrafikken viss det blir slutt på drivstoff laga av olje?
En fyller bensin på bilen sin
En fyller bensin på bilen sin

Transport

Tenk på all maten, alle kleda og alle elektriske apparat som blir frakta rundt i heile verda. Varene blir frakta av lastebilar, tog, skip og fly. Drivstoffet dei er avhengige av, er for det meste laga av olje.

  • Kvifor går ikkje transportnæringa over til elektriske bilar og fly?
  • Kva hadde skjedd med varehandelen om transportnæringa hadde stoppa heilt opp?
en lastebil parkeringsplass
en lastebil parkeringsplass

Økonomi

Det er veldig mange menneske som jobbar med olje. I mange land er olje ei av dei viktigaste inntektskjeldene. Oljen har gitt Noreg enorme verdiar, og han har gjort Noreg til eit av dei rikaste landa i verda.

  • Kva hadde skjedd med Noregs økonomi viss ingen lenger kunne jobbe i oljenæringa?
  • Kvifor er olje med på å skape konfliktar mellom land?
Flere stabler med mynter.
Flere stabler med mynter.

Arbeidsløyse

Det hadde blitt enorm arbeidsløyse over heile verda viss oljen tok slutt. Veldig mange jobbar på oljeplattform, produserer bensin og diesel på oljeraffineri, byggjer oljeplattformer, transporterer drivstoff eller jobbar på bensinstasjonar.

I 2019 var det cirka 200 000 menneske i Noreg som arbeidde i oljerelaterte yrke. Kva skulle desse ha jobba med i staden?

En mann sitter utenfor jobben han akkurat har mistet
En mann sitter utenfor jobben han akkurat har mistet

Matforsyning

Dei som produserer og sel mat, er avhengige av transportmiddel som bruker bensin eller diesel. Det er ikkje altfor mange trailarar og lastebilar som går på straum. Kvifor ikkje, trur du?

  • Kor avhengige er vi av varer som kjem frå andre land?
  • Kva måtte du klart deg utan viss varetransporten frå utlandet stoppa opp?
Tomme butikkhyller med kun noen pakker med kjøtt igjen
Tomme butikkhyller med kun noen pakker med kjøtt igjen

Kraftforsyning

Det blir ei like stor krise viss vi ikkje finn meir kol. 40 prosent av straumen i verda kjem frå kolkraftverk. Med mindre straumproduksjon vil straumprisane skyte i vêret. Kvifor det?

  • Korleis ville kvardagen blitt viss du berre hadde straum nokre timar i døgnet?
  • Kva hadde du prioritert?
En stor by uten lys
En stor by uten lys

El-bilar

Store delar av verda er bygd for bilar. Utan olje vil vi bli avhengige av å finne alternativ til bensin og diesel. Eit alternativ er elektrisitet. Av dei 3 millionar bilane vi hadde i Noreg i 2021, var 400 000 elektriske.

  • Kva skal til for at endå fleire vel å kjøpe elektrisk bil?
  • Kor langt inn i framtida tenkjer du vi må før det ikkje finst fleire bensin- og dieseldrivne bilar?
El-biler lader
El-biler lader

Drivstoff eller mat?

Mange bilmotorar kan drivast på matolje, korn eller mais. Drivstoffet blir kalla HVO (hydrert vegetabilsk olje – eller fornybar diesel). Det betyr at diesel blir laga av plantar. Fleire selskap i Europa samlar i dag inn matolje frå restaurantar, storkjøkken og skular for å lage drivstoff.

  • Kva trur du er fordelane med å bruke HVO?
  • Er det riktig å bruke mat som drivstoff?
En dame heller olje i stekepannen
En dame heller olje i stekepannen

Plast

Verda er ganske avhengig av plast, og plast blir laga av olje. Sjukehusa bruker veldig mykje som er laga av plast. Nokre døme er gummihanskar, legemiddel, vaselin og plastfrakkar.

  • Sjukehusa vil mangle ein del plastprodukt som dei har i dag. Kva for konsekvensar vil dette få?
  • Sjå på kva du bruker som er laga av plast. Kva kan du erstatte dette med?
To leger finner legemidler
To leger finner legemidler

Slutt på krig?

Dei siste store verdskrigane viste at kampen om ressursar var viktig. Det var store kampar for å sikre seg blant anna olje og jern. Det var umogleg å drive krigføring utan dette.

I dag er mange land heilt avhengige av å selje og kjøpe olje og gass. Russland er den største leverandøren av gass til Europa. Noreg er ein stor leverandør av olje. Det kan oppstå store konfliktar viss tilgangen på desse ressursane blir trua.

  • Kan vi framleis føre krig utan olje?
  • Kvifor er olje så viktig i krigføring?
Kamuflasjefarget bakgrunn.
Kamuflasjefarget bakgrunn.

Kva kan vi leve av etter oljen?

Då Noreg fann olje i Nordsjøen på 1960-talet, forandra det alt. Vi vart eit av dei rikaste landa i verda, og vi har klart oss gjennom mange økonomiske kriser. Ikkje minst under koronapandemien.

Korleis kan Noreg skaffe store inntekter etter oljen? Det har komme idear til fleire spennande løysingar. Nokre av desse er å selje straum til utlandet basert på vindkraft, eller å produsere batteri til elektriske bilar.

  • Kva for nokre andre næringar tenkjer du Noreg bør satse på for å skape arbeidsplassar og inntekter i framtida?

Kjelder:

  • Gundersen, Nils; Lundberg, Nils H.; Norsk Oljemuseum: petroleum i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2022 frå https://snl.no/petroleum

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images