Tankeeksperiment:

Tenk deg ei verd utan olje!

Amerikanaren Edwin Drake var den første som bora etter olje i bakken. Dette skjedde i 1859. Sidan den gongen har verda vore heilt avhengig av olje. Anten oljen finst på landjorda eller på havbotnen. Men kva om verda ikkje hadde hatt meir olje?

Oljeplattform i sjøen
Oljeplattform i sjøen

Drivstoff

På slutten av 1800-talet kom dei første bilane med bensinmotor. Det tok ikkje så mange år før dei første elektriske bilane vart tekne i bruk. Frå midten av 1990-talet vart el-bilar meir og meir vanlege.

  • Kvifor er det framleis mange som kjøper bensindrivne bilar?
  • Kvifor kan ein ikkje slutte å lage bilar som går på bensin?
En fyller bensin på bilen sin
En fyller bensin på bilen sin

Transport

Mat, klede og elektriske apparat blir frakta rundt i verda med lastebilar, skip og fly. Dei fleste av desse køyretøya er avhengige av drivstoff laga av olje.

  • Kvifor går ikkje transportnæringa over til elektriske bilar og fly?
en lastebil parkeringsplass
en lastebil parkeringsplass

Økonomi

Mange land er helt avhengige av å selje olje. For Noregs del hadde vi ikkje klart oss like godt utan. Olje har gjort Noreg til eit av dei rikaste landa i verda.

  • Kva hadde skjedd med Noregs økonomi viss ingen lenger kunne jobbe i oljenæringa?
  • Kvifor er olje med på å skape konfliktar mellom land?
Flere stabler med mynter.
Flere stabler med mynter.

Arbeidsløyse

Tenk deg kor mange som jobbar med olje. Anten dei jobbar på oljeplattform, produserer bensin på oljeraffineri, byggjer oljeplattformer, transporterer drivstoff eller jobbar på bensinstasjoner. Kva skulle desse gjort viss det ikkje var meir olje?

En mann sitter utenfor jobben han akkurat har mistet
En mann sitter utenfor jobben han akkurat har mistet

Matforsyning

Dei som produserer og sel mat er avhengige av transportmiddel som bruker bensin eller diesel. Det er ikkje altfor mange trailarar og lastebilar som går på straum. Kvifor ikkje, trur du?

  • Kva måtte du klart deg utan viss varetransporten frå utlandet stoppa opp?
Tomme butikkhyller med kun noen pakker med kjøtt igjen
Tomme butikkhyller med kun noen pakker med kjøtt igjen

Kraftforsyning

40 prosent av straumen i verda kjem frå kolkraftverk. Kol blir henta ut frå fjellet og blir varma opp. Denne varmen gjer at vatn fordampar, og dampen kan drive maskinar. Utan dette kolet ville vi hatt mangel på straum.

  • Korleis ville kvardagen din sett ut viss du berre hadde straum nokre timar i døgnet?
  • Kva hadde du prioritert?
En stor by uten lys
En stor by uten lys

El-bilar

Dei fleste byar i verda er bygde for bilar. Det skaper mykje forureining fordi mange av bilane er drivne av olje og bensin. Eit alternativ til dette er å bruke elektrisitet. Av dei 3 millionar bilane vi hadde i Noreg i 2021, var 400 000 elektriske.

  • Kva trur du skal til for at endå fleire vel å kjøpe elektrisk bil?
  • Når tenkjer du det kan bli slutt på bensindrivne bilar?
El-biler lader
El-biler lader

Drivstoff eller mat?

Mange bilmotorar kan drivast på matolje, korn eller mais. Drivstoffet blir kalla HVO (hydrert vegetabilsk olje). Det betyr at drivstoffet blir laga av plantar, og plantane er fornybare. Det er ikkje olje!

  • Kva trur du er fordelane med å bruke HVO?
  • Er det riktig å bruke mat som drivstoff?
En dame heller olje i stekepannen
En dame heller olje i stekepannen

Plast

Plast er laga av olje. Vi er veldig avhengige av plast. Ikkje minst sjukehusa. Nokre døme er gummihanskar, legemiddel, vaselin og plastfrakkar. Korleis skal dei lage alt dette utan olje?

  • Sjå på kva du bruker som er laga av plast. Kva kan du erstatte dette med?
To leger finner legemidler
To leger finner legemidler

Slutt på krig?

Under ein krig er det nokre som ønskjer å bestemme over andre. Dei som har flest våpen og soldatar kan vinne krigen, men ikkje alltid. For å produsere våpen trengst råvarer som olje og jern. Utan det er det umogleg å drive ein krig. Det kan oppstå krig for å skaffe seg desse råvarene. Dei finst nemleg ikkje overalt.

  • Kan vi framleis føre krig utan olje?
  • Kvifor er olje så viktig i krigføring?
Kamuflasjefarget bakgrunn.
Kamuflasjefarget bakgrunn.

Kva kan vi leve av etter oljen?

Noreg fann olje i Nordsjøen på 1960-talet. I tida etter det har vi blitt eit av verdas rikaste land. Vi har blitt heilt avhengige av olje. Oljen har hjelpt  oss gjennom økonomiske kriser. Ikkje minst under koronapandemien.

Den dagen oljen er brukt opp,  må vi finne andre måtar å tene pengar på. Det er mange som har gode idear til dette.

  • Kva bør Noreg satse på for å skape arbeidsplassar og inntekter i framtida?

Kjelder:

  • Gundersen, Nils; Lundberg, Nils H.; Norsk Oljemuseum: petroleum i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2022 frå https://snl.no/petroleum

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images