Tankeeksperiment:

Kva om vi vart invaderte
av romvesen?

Menneske har i all tid retta blikket mot verdsrommet og drøymt seg bort. Til slutt klarte vi å lande på månen, og vi har sendt romfartøy til Mars. Mange trur at det finst liv på andre planetar, og forskarar seier det er høgst sannsynleg. Men kva ville skjedd om vi vart invaderte av romvesen? Hadde dei komme med krig eller fred? Kva kunne vi stilt opp med? Finst det nokon offisielle planar for besøk av romvesen?

No skal vi gjere eit tankeeksperiment.

Hvitt romvesen står foran svart bakgrunn.
Hvitt romvesen står foran svart bakgrunn.
åtte timar før kontakt

Ein gong i framtida kjem verda til å passe sine eigne saker, som vanleg. Ved eit observatorium blir det oppdaga noko underleg. Kan gjenstanden vere eit utenomjordisk fartøy?

Ekspertar seier at dette scenarioet er mogleg og at det blir undersøkt av astronomar og regjeringar. Om det finst utanomjordiske vesen, kan dei vere farlege. På film prøver dei som regel å erobre og kolonisere alle planetar dei finn. Spesielt jorda.

Ein mogleg trussel?

Fleire nasjonar lagar ulike strategiar ved ein eventuell invasjon frå rommet, og dei har øvd på mange moglege scenario. Dessverre er det meste klassifisert som top secret. Forsvaret vil ikkje avsløre løyndommane sine.

Men vi treng ein plan for korleis vi skal overleve ein slik invasjon. Viss det kjem eit angrep, kan det bli kaos, og det tar tid å handle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En UFO svever over et ørkenlandskap.
En UFO svever over et ørkenlandskap.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!