Terrorisme og ekstremisme

Då to kapra passasjerfly stupte inn i The World Trade Center i New York 11. september 2001, førte dette til auka merksemd om internasjonal terrorisme. Terrorisme som fenomen er absolutt ikkje noko nytt, men dei siste tiåra har det kanskje kome tettare på folk flest. Under eit terroranslag er det ofte tilfeldige og uskuldige menneske som blir ramma. Kva er det som skaper denne trongen til å skape frykt og terror?

Accessibility icon Terrorisme og ekstremisme

Internasjonal terrorisme 

Internasjonal terrorisme er ein stor trussel over heile verda. Dei siste 20 åra har dei fleste terrorangrep gått føre seg i Sør-Asia, Midtausten og Afrika sør for Sahara. Det har også vore mange terrorangrep i Europa. Også i Noreg.

Kva er eigentleg terrorisme? For å forklare det må vi også forstå omgrepa «ekstremisme» og «radikalisering». Kvifor er det nokon som utfører terrorangrep, og kva kan samfunnet gjere for å hindre det? 

Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11
Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11

Kva er ekstremisme? 

Ein ekstemist er villig til å bruke vald og terror for å bekjempe demokratiet. Det vert også kalla radikalisering. Anti-demokratiske grupper ønskjer å oppnå politiske mål, men sjeldan gjennom debatt og diskusjon. Kva det politiske målet er, kjem an på kva gruppe ekstremisten støttar. I Noreg er det to former for ekstremisme som utgjer ein sikkerheitstrussel: islamistisk ekstremisme og høgreekstremisme. 

Eksremister holder opp flagg og demonstrerer
Eksremister holder opp flagg og demonstrerer

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!