Internasjonal terrorisme 

Terrorisme er ein stor trussel over heile verda. Dei fleste terrorangrep skjer i Asia, Midtausten og Afrika. Det har også vore mange terrorangrep i Europa, og nokre i Noreg. Seinast i august 2019.

Kva er eigentlig terrorisme? Kvifor er det nokon som utfører terrorangrep? For å forklare det må vi også forstå ordet «ekstremisme».

Kva kan samfunnet gjere for å hindre terrorisme?

Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11

Kva er ekstremisme? 

Ein ekstremist er villig til å bruke vald og terror for å bekjempe demokratiet. Dei meiner at eit folkestyre er for svakt. Politiske mål kan ikkje nåast med hjelp av diskusjon. Det må valdelege handlingar til for å bekjempe det som truar oss.

I Noreg er det to former for ekstremisme: islamistisk ekstremisme og høgreekstremisme.

Eksremister holder opp flagg og demonstrerer

Islamistisk ekstremisme 

Islamistiske ekstremistar bruker religionen islam til å rettferdiggjere handlingane sine. Derfor er det ein del som trur at vanlege muslimar er ekstremistar.

Det er derfor viktig å skilje mellom religionen islam og den politiske ideologien islamisme.

Dei mener at islam ikkje berre skal vere ein religion. Den heilage boka til muslimane, Koranen, skal styre samfunnet. Dette kaller vi Sharia.

Eksempel på islamistiske ekstremistgrupper er al-Qaida, Boko Haram og Den islamske staten (IS).

Mange islamistar er fredelege og unngår vald. Dei som bruker vald, blir kalla islamistiske ekstremistar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
IS terrorist holder opp et bluss

Høgre-ekstremisme 

Høgre-ekstremisme kan vere fascisme, nazisme og rasisme. Dei siste åra har det også vakse fram eit stort anti-islamsk miljø.

Gruppene er knytte til høgresida i politikken. Kort fortalt ønskjer høgresida at staten skal ha mindre makt. Staten skal ikkje styre enkeltmennesket.

Dei meiner også at nokre menneskegrupper truar det politiske synet deira.

Fascisme og nazisme 

Fascisme og nazisme legg vekt på ekstrem nasjonalisme. Det betyr at nasjonen framhevar seg framfor andre nasjonar. Nokre folk og nasjonar er dermed mindre verdt.

Dei som styrte Tyskland og Italia på 1930- og 1940-talet, ønskte å utrydde visse rasar, folkeslag og menneskegrupper.

Dei som støttar denne politikken i dag, blir kalla nynazistar. 

Anti-muslimar

Høgreekstreme grupper i vestlege land ser ofte på muslimar som hovudfienden. Dei meiner dei har rett til å bekjempe islam.

Frykt for islam og muslimar blir kalla islamofobi.

Ku Klux Klan 

Ku Klux Klan blei stifta i 1865 i USA. Gjennom vald og drap skremde dei den svarte befolkninga frå å bruke stemmeretten sin.

Medlemmane i organisasjonen skjuler ansiktet under kvite hetter, og dei har eit rasistisk menneskesyn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Nynazist omringet av politi

Kva er terrorisme? 

Terrorisme er ikkje eit nytt fenomen. Vi kan lese om det i nokre av dei eldste tekstane vi har.

Eit terrorangrep vil alltid vere motivert av eit politisk mål. Dei som blir ramma, forstår ikkje alltid bakgrunnen for angrepet.

Nokre folkegrupper utfører terroraksjonar for å lausrive seg frå eit land (separatistar).

Ei islamistisk terrorgruppe vil at staten skal styrast etter deira ekstreme tolking av islam.

Terrorisme ønskjer å skape mest mogleg frykt. Angrepa rammar ofte heilt uskuldige menneske.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

FNs definisjon på terrorisme 

FN har endå ikkje kome fram til ein definisjon på omgrepet terrorisme. Tidlegere generalsekretær i FN, Kofi Annan, har foreslått ein definisjon. Denne har fått støtte frå blant anna Noreg.

«Terrorisme oppstår dersom ein person ulovleg, og med vilje, utfører ei handling som fører til død eller alvorleg skade på personar eller eigedom. Når ei handling er gjort for å skade befolkninga, eller for å tvinge fram eit politisk mål, er dette å rekne som terrorisme.»

Sitatet er noko omskrive.

Eksempel på terrorisme kan vere angrep mot flytrafikk, terrorbombing og angrep på sivile.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Radikalisering 

Radikalisering er når ein person bruker vald for å nå dei politiske måla sine. Kvifor skjer dette? Det finst ikkje éi enkel forklaring på kvifor ein ein person blir radikalisert.

Ifølgje FN er det fleire årsaker til radikalisering:

 1. Søking etter tilhøyrsle og tryggleik

Personar som føler seg utanfor i nærmiljøet, kan søkje mot andre miljø. Det å oppleve tryggleik og anerkjenning betyr mykje for oss.

Det er ikkje sikkert poenget er å bli ekstremist eller rasist. Men det er lett å bli påverka av dei ein er saman med.

2. Ei kjensle av urettferd

Innvandring er for mange årsaka til høg arbeidsløyse. Nokre kan delta i ekstreme miljø for å hemne seg på eit urettferdig samfunn.

3. Sosial frustrasjon

Mange ekstremistar har ei fortid som kriminelle med bruk av narkotika og alkohol.

Andre kan ha blitt utsette for mobbing, rasisme og arbeidsløyse. Dermed kan vald bli tiltrekkjande. Dei har ofte behov for å hemne seg på nokon.

4. Søking etter spenning eller meining i livet

Film, TV-seriar og dataspel kan vere ei årsak til at nokre søkjer  etter valdelig ekstremisme. Mange blir tiltrekte av action, vald, våpen og uniformar.

Valdeleg ekstremisme er ein måte å leve ut fantasien om å vere ein helt på.

Dataspel kan ikkje gjere deg til ein terrorist.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Mennesker som går i demonstrasjonstog på kvelden

Fridomskamp eller terrorisme? 

Nokre kallar det terrorisme. For andre er det ein frigjeringskamp.

Derfor er det så vanskelig for FN å finne ein god definisjon. Her er to eksempel på kvifor dette er så vanskeleg å definere:

Under 2. verdskrigen i Noreg dreiv motstandsfolk med sabotasje mot dei tyske okkupantane. For nordmenn var dette ein frigjeringskamp. Tyskarane såg på det som terrorhandlingar.

I konflikten mellom Israel og Palestina meiner FN at israelarane okkuperer det som opphaveleg var palestinsk land.

Etter folkeretten gir dette palestinarane rett til væpna motstand.

Folkeretten bestemmer kva land kan gjere og ikkje gjere.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Brennende bil i veien

Terrorisme i Noreg 

Noreg er ikkje beskytta frå terror. Det har vi sett dei siste åra. Nokre miljø i Noreg opplever at muslimske innvandrarar utgjer ein trussel.

I tillegg finst frykt for islamistisk terrorisme. Dei er også aggressive mot norske myndigheiter som bidrar til auka innvandring.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Roser lagt ned for å minnes de som gikk bort 22 juli

Terrorisme på norsk jord 

Vi har ikkje opplevd mange terrorangrep i Noreg etter 2. verdskrigen, men nokre hendingar har sett djupe spor:

Holmlia-drapet

I 2001 blir Benjamin Hermansen knivdrepen på Holmlia. Han hadde norsk mor og ghanesisk far. Gjerningsmennene var medlemmar i den nynazistiske organisasjonen Boot. 

Utøya-massakren

22. juli 2011 blir Regjeringskvartalet bomba, og eit massedrap går føre seg på sommarleiren til AUF på Utøya. 77 menneske blir drepne. Gjerningsmannen var høgreekstremisten Anders Behring Breivik.

Angrepet på al-Noor-moskeen

17. august 2019 blir Al-Noor Islamic Centre i Bærum angripe. Gjerningsmannen er ein 21 år gammal kvit norsk statsborgar – ein rasist og «kvit makt»-tilhengjar fødd og oppvaksen i Bærum. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Minne over alle som mistet livet på Utøya

11. september 2001, USA

Etter at USA blei ramma av terror 11. september 2001, lanserte den dåverande presidenten, George W. Bush, omgrepet «kampen mot terror»Hemnlysta var stor, og alle middel skulle setjast inn for å ta dei skuldige. Det handla om å ta knekken på terror ein gong for alle. 

📷  Ein lysinstallasjon i New York til minne om alle som miste livet under terrorangrepet 11. september 2001.

22. juli 2011, Noreg

Då statsminister Jens Stoltenberg skulle tale til det norske folket 25. juli 2011, brukte han ord som openheit, demokrati og tryggleik. Han brukte ikkje ord som hemn og krig. No måtte Noreg stå saman og møte kvarandre med respekt, openheit og kjærleik.

Talen til statsminister Stoltenberg i rosetoget på Rådhusplassen i Oslo den 25. juli 2011: 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lysinstalasjon til minne om alle som mistet livet 11 september

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images / NRK Skole