The Beatles

Fire gutar frå Liverpool med oppsiktsvekkjande frisyrar danna eit band. The Beatles revolusjonerte ikkje berre musikken, men også pop-industrien. Manageren deira meinte at dei var nest størst, etter Elvis Presley.

Accessibility icon The Beatles

Fire gutar frå Liverpool

Mange ungdommar i dag tenkjer på fotball når dei høyrer om Liverpool, men byen er òg kjend for eit av dei største rockebanda i verda: The Beatles. Bandet bestod av John Lennon, Paul McCartney, George Harrison og Ringo Starr. Dei spelte saman i berre 10 år, men skapte musikk som aldri kjem til å bli gløymd. Dei fire kompisane forandra heile musikkhistoria.

Visste du at …?

The Beatles hadde 17 førsteplassar på listene i Storbritannia, og 20 topplasseringar på Billboard-lista i USA. Dette er framleis rekord for eit rockeband.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
The Beatles ankommer USA, Kennedy Airport 1964
The Beatles ankommer USA, Kennedy Airport 1964

Frå gjennomsnittlege til gjennombrot

The Beatles debuterte med singelen «Love Me Do» i 1962. Han vart ikkje nokon stor hit den gongen, men viste at bandet hadde eit særpreg på låtane sine. Først med singelen «Please Please Me» i 1963 toppa dei listene i England. Den store rock and roll-stjerna, Little Richard, vart stor fan. Han hadde aldri høyrt eit engelsk band som høyrdest slik ut. Han sa at hadde han ikkje sett dei, hadde han trudd dei var afroamerikanarar.

Visste du at …?

«Please Please Me» skulle opphavleg ha vore på B-sida til debutsingelen «Love Me Do». Då ville han sannsynlegvis aldri blitt så populær. Tilfeldigheiter gjorde at han vart gitt ut som eigen singel, og som følgje av dette vart han gjennombrotslåten til bandet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Platespiller
Platespiller

Suksessoppskrifta

Først vekte namnet The Beatles oppsikt. Deretter var det «sounden» deira. Dei spelte ein heilt særeigen musikk. Ikkje noko som minte om at dei kom frå industribyen Liverpool. Så skapte dei Beatles-sveisen, spelte i dress og hadde ein fabelaktig manager, Brian Epstein.

Dei jobba nærast døgnet rundt, skapte sin eigen musikk og vart veldig populære! Dette var ikkje berre ein jobb, men ein heil livsstil. Dei kunne spele 10 timar i strekk då dei spelte inn debutplata.

«Please Please Me» frå 1963.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
The Beatles, Wellington flyplass i 1964
The Beatles, Wellington flyplass i 1964

Beatlemania

Sommaren 1963 spelte The Beatles på Merseyside i Liverpool. Det kokte på arenaen! Jenter svima av og vart fjerna frå første rad. Det var hyling og skriking. Førstehjelpsfolka hadde hendene fulle den kvelden. Det var eit hysteri utan sidestykke. Gutane i bandet syntest det heile var litt forstyrrande, men dei var takksame for at dei hadde blitt ein slik attraksjon.

Visste du at …? 

Etter konserten på Merseyside køyrde bandet i full fart mot Liverpool-klubben The Blue Angel. På vegen vart dei stansa av politiet. Sjølv The Beatles måtte halde fartsgrensa!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
The Beatles ankommer Schiphol flyplass, 1964
The Beatles ankommer Schiphol flyplass, 1964

Den amerikanske draumen

Med singelen «I Want To Hold Your Hand» frå 1964 tok The Beatles førsteplassen på spelelistene i USA. Overalt i USA vart dei nærast tekne imot som kongar. Tusenvis av fans flokka seg rundt dei kvar enn dei var.

Når dei skulle opp og ned frå scena, måtta politiet følgje dei. Til og med oppå scena måtte politifolk fjerne hysteriske fans. Det var hyling og skriking. Både menn og kvinner hadde Beatles-sveis, og dei kasta seigmenn på bandet. Dei spelte på The Ed Sullivan Show for over 70 millionar TV-sjåarar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
The Beatles med Ed Sullivan, 1964
The Beatles med Ed Sullivan, 1964

Filminnspelingar og revolusjon

The Beatles var ikkje berre opptekne av å skape musikk. Dei fekk òg laga filmar. «A Hard Day’s Night» handlar om ein typisk dag i livet til bandet. «Help!» handlar om ein ring som har magiske evner. Musikalsk utvikla dei seg heile tida. Dei var ikkje redde for å prøve nye ting.

På det legendariske albumet «Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band» revolusjonerte dei popmusikken. Her var ei god blanding av popmusikk, indisk og psykedelika. Musikken skulle føre lyttaren inn i ein musikalsk rus.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sgt. Pepper's 50 års jubileum i London
Sgt. Pepper's 50 års jubileum i London

Starten på slutten

Med albumet «The Beatles» frå 1968 går gruppa i oppløysing. Albumet inneheld 30 låtar, og vitnar eigentleg ikkje om eit band i krise. Her er det så mykje musikalsk kreativitet og glede. Den musikalske fantasien gjekk kanskje på kostnad av plateomslaget. Det har fått namnet «The White Album» – fordi det er heilt kvitt.

Noko av det som gjorde at bandet ikkje klarte å samarbeide så godt, var kjærasten til John Lennon, som heitte Yoko Ono. Under tidlegare studioinnspelingar hadde ikkje venner, kjærastar eller koner tilgang. Med Yoko Ono var det noko anna. Ho var til stades under innspelinga av «The Beatles», og la ein dempar på stemninga. Ho sat på forsterkaren til Paul McCartney og blanda seg inn i innspelinga. Dette skapte dårleg stemning, og Ringo Starr bestemte seg etter kvart for å forlate bandet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
The Beatles, The white album
The Beatles, The white album

Abbey Road 

I 1969 laga The Beatles eit av sine aller beste album, men no var det snart slutt. Plata skulle eigentleg heite «Everest» med eit omslagsbilete frå toppen av Mount Everest, men dei ombestemte seg. Dei tok heller bilete av fotgjengarfeltet utanfor studioet i Abbey Road, og oppkalla albumet etter gata. Dette albumomslaget vart legendarisk, og det har skapt mange diskusjonar om symbolikken i motivet.

På framsida til omslaget står det verken namn på bandet eller albumet. John Lennon er kledd i kvitt, noko som kan tyde på at han var ein type prest. Fremst i eit gravfølgje, kanskje? Paul McCartney går berrføtt med ein røyk i handa. På bilskiltet til den kvite folkevogna står det 28IF. Noko som skulle bety at McCartney ville vore 28 år om han framleis var i live på dette tidspunktet. Omslaget skapte faktisk reelle spekulasjonar om Paul McCartney framleis var i live!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
The Beatles Abbey Road
The Beatles Abbey Road

Let It Be

I januar 1970 spelte The Beatles saman for siste gong i eit studio, men utan John Lennon til stades. Albumet «Let It Be» skulla bli eit lappeteppe av tidlegare opptak. Produsenten var Phil Spector, og han var ein venn av Lennon. Spector hadde derfor fått «… ein møkkete haug med dårleg innspelt drit som han greidde å få noko ut av». McCartney var ikkje klar over dette, og vart rasande. Albumet vart av magasinet New Musical Express vurdert som ein gravstein i papp. Det var ein trist slutt på eit fantastisk eventyr.

The Beatles, Let it be album
Platespiller
Platespiller

John Lennon 

John Lennons personlege ambisjon i 1963 var å bli rik og berømt. Han mislikte dumme menneske, men elska gelé. Han spelte både gitar, munnspel og piano.

Paul McCartney

Paul McCartneys profesjonelle ambisjon i 1963 var å gjere «sounden» deira populær. Han mislikte å barbere seg, men elska TV. Han spelte bass, trommer, piano og banjo.

George Harrison 

I 1963 var George Harrisons personlege ambisjon å designe ein gitar. Han mislikte å klippe seg, men elska å køyra bil. Han spelte gitar, piano og trommer.

Ringo Starr 

Han heitte eigentleg Richard Starkey, og den personlege ambisjonen hans var å vere glad. Han mislikte Donald Duck, men elska raske bilar. Han spelte trommer.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
The Beatles med navn
The Beatles med navn

Kjelder:

  • Bergan, Jon Vidar; Forsgren, Arne: The Beatles  i  Store norske leksikon på snl.no.
    Henta
    18. februar 2021  frå https://snl.no/The_Beatles
  • Den komplette guiden til The Beatles (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. United Press International
    2. Mai Rodriguez (CC BY-ND 2.0)
    3. Archives New Zealand (CC BY 2.0) / Paulo Roberto – YouTube
    4. Harry Pot / Anef
    5. CBS / Ron Artest – YouTube
    6. Kreepin Deth (CC BY-SA 4.0)
    7. Rudi Riet (CC BY-SA 2.0)
    8. thebeatles.com
    9. garlandcannon (CC BY 2.0)
    10. United Press International