Bli kjenD med …

Triceratops

Denne dinosauren hadde nebb, 600 tenner og ein liten hjerne.

Triceratops
Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Triceratops kunne bli åtte meter lang. Han hadde ein kort hale og fire store føter. Det kunne vere tre meter opp til hofta.

Hovudet var veldig stort. Det hadde to spisse horn over auga og eit mindre horn på nasen. Bakarst på hovudet var det ein stor krage.

Triceratops hadde ikkje fortenner, men eit nebb. Lenger bak i munnen var det nesten 600 tenner. Hjernen var ganske liten. Dinosauren hadde god luktesans og bevega seg godt. Auga peika utover til sidene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Triceratops
Triceratops

Levevis

Desse store dyra levde av plantar. Dei kan òg ha ete små blomstrar frå ulike tre. Tennene fungerte nesten som ei saks. Dei kutta opp maten inne i munnen. Tennene vart fort slitne.

Triceratops
Triceratops

Kjelder:

  • Hoel, Ole Andreas; Delsett, Lene Liebe: Triceratops Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 20 frå https://snl.no/Triceratops

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images