Bli kjenD med …

Triceratops

Dinosaur med nebb, 600 tenner og ein liten hjerne.

Triceratops
Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Triceratops kunne bli åtte meter lang, med relativt kort hale og fire store føter som han gjekk på. Høgda over hofta kunne bli opptil tre meter.

Hovudet var veldig stort med to lange, spisse horn over auga og eit mindre horn fremst på nasen. Bakarst på hovudet hadde han ein stor karakteristisk beinkrage.

Triceratops hadde ikkje fortenner, men eit nebb. Lenger bak i munnen var det opp mot 600 tenner. Han hadde ein relativt liten hjerne, god luktesans og bevega seg godt. Auga peika utover til sidene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Triceratops
Triceratops

Levevis

Desse store dyra levde av plantar. Tennene i over- og underkjeven fungerte nesten som ei saks. Dei skar maten sin opp inne i munnen. Dette gjorde at tennene vart fort slitne. Dinosaurane kan ha ete små blomstrar frå ulike tre.

Triceratops
Triceratops

Kjelder:

  • Hoel, Ole Andreas; Delsett, Lene Liebe: Triceratops Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 20 frå  https://snl.no/Triceratops

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images