Det  demokratiske systemet i USA

USA er ein republikk og forbundsstat. Det vil seia at USA ikkje har konge og består av 50 delstatar som har stor grad av sjølvstende til å vedta lover. Til dømes har Texas i sør heilt andre lover enn Minnesota i nord. Samstundes har USA ei sentralmakt som ligg i hovudstaden Washington D.C.

Kongressen i USA blir rekna som den lovgivande makta. Han består av to kammer, Senatet og Representanthuset. Kongressen består av representantar frå alle statane i USA. Supreme Court er den dømmande makta i USA og passar på at alle statane følgjer den amerikanske grunnlova. Presidenten blir rekna som den utøvande makta. Presidenten blir vald for fire år og kan berre bli vald igjen éin gong.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Val november 2020

I kongressen er det to store parti som dominerer politikken. Republikanarane, som blir rekna som konservative, og Demokratane som er liberale og progressive. Donald Trump var representant for Republikanarane. Joe Biden var representant for Demokratane.

I november 2020 var det presidentval i USA. Dette blei ein spennande valkamp sidan USA framleis har den største økonomien i verda og har stor innverknad på den internasjonale politikken.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!