Det  demokratiske systemet i USA

USA er ein republikk. Det tyder at USA har ein folkevald president i staden for ein konge.

USA er også ein forbundsstat. Det vil seia at landet står av 50 delstatar. Desse kan i stor grad vedta eigne lover. Til dømes har Texas i sør heilt andre lover enn Minnesota i nord.

Samstundes har USA ei overordna sentralmakt som ligg i hovudstaden Washington D.C.

Kongressen vedtek lovene som gjeld for heile USA. Kongressen består av representantar frå alle statane i USA.

Supreme Court passar på at alle statane følgjer den amerikanske grunnlova.

Presidenten har ansvar for å ta i bruk lovene som kongressen har vedteke. Presidenten blir vald for fire år og kan berre bli vald igjen éin gong.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Val november 2020

I kongressen er det to store parti som dominerer politikken. Republikanarane, som blir rekna som konservative (forsiktige med endringar), og Demokratane som er liberale og progressive (villige til å endra).

Donald Trump var representant for Republikanarane. Joe Biden var representant for Demokratane.

3. november 2020 blei det vald ny president i USA. Heile verda venta spent på resultatet i fleire dagar.  Det er fordi USA framleis har den største økonomien i verda og har mykje å seia for den internasjonale politikken.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!