Er du klar for å lære å velje smart?

Du er sjefen i livet ditt. Kvart val du tek, fører deg mot nye eventyr og moglegheiter.

Bli med på oppdagingsferd, og lær korleis du tek dei beste vala for akkurat deg!

Prøv deg på nokre oppgåver der du kan øve deg på å ta gode val. Bruk gjerne oppgåvene som rollespel i klassen.

En fyr står på en seilbåt og ser fremover
En fyr står på en seilbåt og ser fremover

Skaff deg oversikt

Du tek mange val kvar dag. Nokre er enkle, som kva film du vil sjå. Andre er vanskelege, som kva du vil jobbe med.

Sjå på alle moglegheitene før du bestemmer deg. Ikkje vel det første du kjem på.

Øvingar

Etter skulen:
Du har ein time fri. Vil du spele fotball eller gjere lekser på biblioteket? Kva vel du, og kvifor?

Bursdagspengar:
Du får 300 kroner i gåve. Kjøper du noko til deg sjølv, eller sparer du pengane? 

Valfag:
Til hausten kan du velje mellom fag som drama, robotikk og miljøvern. Kva for fag bør du velje? Kvifor?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En jente sitter i et klasserom fortvilet og tenker
En jente sitter i et klasserom fortvilet og tenker

Tenk på ei vekt

Tenk deg at du har ei vekt. Veg alle fordelane ved eit val.

Så veg du alle ulempene. Kva er tyngst?

Øvingar

Datamaskin eller sykkel?
Ville du ha kjøpt deg ein ny datamaskin eller ein ny sykkel? Kva for val er best over tid?

Bursdagsfest eller fotballkamp?
Du har fått to invitasjonar til same ettermiddagen, og må velje mellom bursdagsfest og fotballkamp. Kva vel du?

Spele videospel eller lage middag?
Du må velje mellom å game eller å hjelpe til med å lage middag. Kva vel du? Kvifor?

Lag ei liste over fordelar og ulemper ved kvart val. Denne metoden kan du bruke elles i livet òg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Balansevekt
Balansevekt

Tidsmaskinen

Tenk deg at du kan reise fleire år fram i tid. Tok du rett val?

Er du stolt av valet? Burde du ha valt noko anna?

Øvingar

Sjå film eller lese til prøve?
Ser du ein film i kveld, eller les du til ei viktig prøve neste veke? Kva vil du synest om valet ditt neste veke?

Skuleprosjekt eller helg med venner?
Jobbar du med ei viktig oppgåve i helga, eller drar du på tur med venner? Kva val er du mest fornøgd med mandag morgon? 

Kjøpe konsertbillett eller spare pengar?
Bruker du sparepengane dine på ein dyr konsertbillett, eller sparer du dei? Kva val er du mest fornøgd med om eit halvt år?

Gjere oppgåva eller droppe det?
Gjer du ei stor oppgåve som ikkje er obligatorisk, men som kan gi deg betre karakter? Kva vil du kjenne når du får karakteren din? 

Slik kan du tenkje for å ta dei beste vala for deg sjølv i framtida!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gutt går igjennom en dør i fjellet, på døren er det en klokke
En gutt går igjennom en dør i fjellet, på døren er det en klokke

Følg magekjensla

Nokre gongar fortel magekjensla di deg kva som er rett og gale.

Lytt til magekjensla, men be gjerne andre om råd òg .

Øvingar

Rett eller gale?
Ein venn ber deg gjere noko du veit er gale. Høyrer du på magekjensla di?

Tør du?
Du skal prøve ny aktivitet etter skulen, men du er nervøs. Høyrer du på magekjensla di?

Jukse eller ikkje?
Ein venn vil at de skal jukse på ei prøve for å få betre karakter. Høyrer du på magekjensla di?

Gir du etter for gruppepress?
Nokre klassekameratar planlegg å tulle med ein annan elev. Dei andre synest det er gøy, men du har ei dårleg magekjensle. Høyrer du på magekjensla di?

Kjenn på magekjensla di når du skal ta eit vanskeleg val! 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En jente flyr over byen
En jente flyr over byen

Bruk nettverket ditt

Familie, venner og lærarar kan gi deg gode råd.

Er du flink til å bruke nettverket ditt?

Øvingar

Valfag
Du snakkar med nettverket ditt om kva for valfag du skal ta neste år. Påverkar dei valet ditt?

Ny sveis
Du snakkar med nettverket ditt om den nye sveisen du har lyst på. Påverkar dei valet ditt?

Delta i ein konkurranse
Du er usikker på om du har sjanse til å vinne ein konkurranse og spør nettverket ditt om du bør droppe å delta i konkurransen. Kva synest dei? Kva vel du?

Be nettverket ditt om hjelp til å ta gode avgjerder!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gjeng damer jogger en tur
En gjeng damer jogger en tur

SØT-modellen

SØT-modellen hjelper oss å nå måla våre.

Kva står SØT for?

  • S – Situasjonen no: Korleis er situasjonen akkurat no? 
  • Ø – Ønskt situasjon: Kva er målet ditt? Tenk stort!
  • T – Tiltak: Kva må du gjere for å nå målet ditt?

Slik bruker du SØT-modellen:

  • S – Situasjonen no: Du slit med matte.
  • Ø – Ønskt situasjon: Å få betre karakterar.
  • T – Tiltak: Øve ein time kvar dag. Be læraren om meir hjelp. Øve saman med andre.

Prøv å lage døme frå din eigen kvardag.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt