Er du klar for å lære å velje smart?

Du er styrmannen i livet ditt. Det er opp til deg å velje kvar du vil styre skuta. Kvart val fører deg mot nye eventyr og moglegheiter i framtida.

Grip roret, og lat oss sjå nærare på korleis du kan velje rett kurs i livet. Bli med på oppdagingsferd, og lær korleis du tek dei beste vala for akkurat deg!

Vi har laga nokre oppgåver der du kan øve deg på å ta gode val. Bruk dei gjerne som rollespel i klassen.

En fyr står på en seilbåt og ser fremover
En fyr står på en seilbåt og ser fremover

Skaff deg oversikt

Livet består av mange val! Nokre val er enkle, som kva film du skal sjå på kino. Andre val er vanskelegare, som kva skule du vil gå på, eller kva du vil jobbe med.

Kvar gong du tek eit val, må du vurdere mange moglegheiter. Få oversikt over alle alternativa før du bestemmer deg, ikkje vel det første du kjem på.

Øvingar

Etter skulen:
Du har ein time fri etter skulen. Kva vil du bruke han til? Vil du spele fotball, scrolle på sosiale medium eller gjere lekser på biblioteket? Kva vel du, og kvifor?

Bursdagspengar:
Du får 300 kroner i gåve. Vil du kjøpe noko til deg sjølv, spare pengane eller kjøpe ei gåve til ein venn? Kva er det beste valet for deg?

Valfag:
Til hausten kan du velje mellom fag som drama, robotikk og miljøvern. Kva for fag bør du velje? Kvifor?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En jente sitter i et klasserom fortvilet og tenker
En jente sitter i et klasserom fortvilet og tenker

Tenk på ei vekt

Tenk deg at du har ei vekt. Først let du som du veg alle fordelane ved eit val. Så veg du alle ulempene.

Kva blir tyngst?

Øvingar

Datamaskin eller sykkel?
Du kan velje mellom å kjøpe ein ny datamaskin eller ein ny sykkel. Skriv ned fordelar og ulemper ved begge vala. Kva for val er best på lang sikt?

Bursdagsfest eller fotballkamp?
Du har fått to invitasjonar til same ettermiddagen. Den eine er til ein bursdagsfest, og den andre er til ein fotballkamp. Kva for arrangement vel du, og kvifor?

Spele videospel eller lage middag?
Du må velje mellom å game eller hjelpe til med å lage middag. Kva vel du? Kvifor?

Lag ei liste over fordelar og ulemper ved kvart val. Dette er ein lur metode å bruke når du skal ta val ellers i livet òg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Balansevekt
Balansevekt

Tidsmaskin

Tenk deg at du har ein tidsmaskin og kan reise fleire år fram i tid. Tok du rett val?

Er du stolt av valet, eller ville du ha valt annleis no?

Øvingar

Sjå film eller lese til prøve?

Du har ei viktig prøve neste veke. Ser du ein film i kveld, eller les du til prøva? Kva trur du at du vil synest om valet ditt neste veke?

Skuleprosjekt eller helg med venner?
Skal du bruke helga på å jobbe med ei viktig oppgåve, eller drar du heller på tur med venner? Bruk tidsmaskinen til å tenkje på kva for val du vil vere mest fornøgd med mandag morgon. Ei morosam helg eller eit ferdig skuleprosjekt?

Kjøpe konsertbillett eller spare pengar?
Du har lyst til å bruke sparepengane dine på ein dyr konsertbillett. Kva vil du kjenne om dette valet om eit halvt år? Er opplevinga verd pengane? Burde du ha spart dei i staden for?

Gjere oppgåva eller droppe det?
Du får ei stor oppgåve som ikkje er obligatorisk, men som kan gi deg betre karakter. Gjer du oppgåva? Kva vil du kjenne om ein månad? Korleis påverkar det valet ditt?

Slik kan du tenkje for å ta dei beste vala for deg sjølv i framtida!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gutt går igjennom en dør i fjellet, på døren er det en klokke
En gutt går igjennom en dør i fjellet, på døren er det en klokke

Følg magekjensla

Nokre gongar kan magekjensla di fortelje deg kva som er rett og gale.

Det kan vere lurt å lytte til magekjensla, men spør gjerne andre om råd, òg.

Øvingar

Rett eller gale?
Ein venn ber deg gjere noko du eigentleg veit er gale. Kva seier magekjensla di? Lyttar du til henne?

Tør du?
Du blir invitert med på ein ny aktivitet etter skulen, men du er nervøs. Kva seier magekjensla di om å prøve noko nytt? Lyttar du til henne?

Jukse eller ikkje?
Ein venn vil at de skal jukse på ei prøve for å få betre karakter. Kva seier magekjensla di om dette forslaget? Lyttar du til henne?

Gir du etter for gruppepress?
Nokre klassekameratar vil tulle med ein annan elev. Mange synest det er gøy, men du har ei dårleg magekjensle. Lyttar du til magekjensla eller gruppepresset?

Kjenn på magekjensla di når du står midt i eit vanskeleg val!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En jente flyr over byen
En jente flyr over byen

Bruk nettverket ditt

Familie, venner og lærarar kan gi deg gode råd.

Er du flink til å bruke nettverket ditt?

Øvingar

Valfag
Du skal velje eit valfag for neste skuleår. Ber du nettverket ditt om råd? Kva anbefaler dei, og korleis påverkar det valet ditt?

Ny sveis
Du vil endre stil og prøve ein ny sveis. Ber du nettverket ditt om råd? Påverkar meiningane deira valet ditt?

Delta eller ikkje?
Du vurderer å delta i ein konkurranse, men du er usikker på om du har sjans til å vinne, så du tek det opp med nettverket ditt. Trur du dei vil oppmuntre deg til å delta, eller vil dei råde deg til å droppe det? Kva vel du?

Bruk nettverket ditt når du treng hjelp til å ta gode avgjerder!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gjeng damer jogger en tur
En gjeng damer jogger en tur

SØT-modellen

Har du høyrt om SØT-modellen? 

SØT-modellen hjelper oss å gjere tankar og idear om til handling og gode resultat. 

SØT – kva står det for?

    • S – Situasjonen no: Begynn med å beskrive korleis situasjonen er akkurat no. 
    • Ø – Ønskt situasjon: Kva er målet ditt? Ikkje ver redd for å tenkje stort!
    • T – Tiltak: Dette punktet er viktig. Kva må du gjere for å nå måla dine?

Slik bruker du SØT-modellen:

  • S – Situasjonen no: Du slit med algebra.
  • Ø – Ønskt situasjon: Å få betre karakterar.
  • T – Tiltak: Øve ein time kvar dag. Be læraren om meir hjelp. Finne andre eg kan øve saman med.
  • S – Situasjonen no: Du kjedar deg på fritida.
  • Ø – Ønskt situasjon: Du har lyst til å finne ein morosam hobby.
  • T – Tiltak: Prøv ulike aktivitetar som teater, sport eller kunst. Prøv minst ein ny aktivitet kvar månad.

Lag nokre døme fra din eigen kvardag.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt