Er du klar for å lære å velje smart? 

Tenk på deg sjølv som styrmann i eige liv. Det er opp til deg å velje kvar du vil styre skuta. For kvart val du tek, set du kursen mot nye eventyr og moglegheiter i framtida.

Grip roret, sjå mot horisonten, og lat oss sjå nærare på korleis du kan navigere stødig og velje rett kurs i livet. Få nokre nyttige tips til korleis du kan ta dei beste vala for akkurat deg!

Oppgåvene på dei neste sidene vil hjelpe deg å lære korleis du tek gode val. Vi viser deg dei ulike trinna i valprosessen, og lærer deg kva du må tenkje på før du bestemmer deg for kva du skal velje. Bruk gjerne desse øvingane som rollespel i klassen.

En fyr står på en seilbåt og ser fremover
En fyr står på en seilbåt og ser fremover

Skaff deg oversikt

Livet består av mange val! Tenk så mange val du tek kvar dag! Nokre val er enkle, til dømes kva film du skal sjå på kino. Andre val er vanskelegare, som kva skule du vil gå på, eller kva du vil jobbe med.

Kvar gong du tek eit val, må du vurdere mange moglegheiter. Det første du må gjere er å skaffe deg oversikt over alle alternativa, og ikkje berre velje det første du kjem på.

Øvingar

Etter skulen:
Tenk deg at du har ein time fri etter skulen. Kva vil du bruke han til? Vil du spele fotball, scrolle på sosiale medium eller gjere lekser på biblioteket? Kva for alternativ vel du, og kvifor?

Bursdagspengar:
Du får 300 kroner til bursdagen din. Vil du kjøpe noko til deg sjølv, spare pengane, eller kjøpe ei gåve til ein venn? Tenk over kva kvart val betyr for deg.

Valfag:
Til hausten skal skulen tilby følgjande valfag: teater, robotikk og miljøvern. Tenk på kva du er interessert i, og kva du har lyst til å gjere i framtida. Kva for fag trur du det er lurast å velje? Begrunn svaret ditt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En jente sitter i et klasserom fortvilet og tenker
En jente sitter i et klasserom fortvilet og tenker

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!