Vår vakre verd – Amerika

Verda vår består av tallause unike, mystiske og vakre stader. Naturen har igjennom millionar av år forma landskapet rundt oss. Vi menneske har busett oss, og vi har krydra landskapet med storslått arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre døme frå Amerika. Dette er ti av dei mest spesielle stadene på dei amerikanske kontinenta.

Las Vegas
Las Vegas

1. Fridomsstatuen | USA

I innløpet til New York står den verdskjende Fridomsstatuen, eller Fridomsgudinna. Kanskje eit av dei mest kjende symbola på USA. Den beste utsikta får du ved å ta ein ferjetur på Hudson River. Her får du òg ei fabelaktig utsikt til New York City.

Vil du sjå statuen på nært hald, tek du ferje til Liberty Island. Med denne billetten får du i tillegg tilgang til nedste del av statuen. Betaler du litt meir, kan du komme heilt opp til utsiktsplattforma i krona til statuen. Statuen, inkludert sokkel, er 92 meter høg. Frå inngangen i sokkelen går det 403 trappetrinn opp til toppen, der det berre er plass til tolv personar.

Fridomsstatuen var ei gåve frå Frankrike, og ho vart avduka i 1886. Han er laga av bilethoggaren Frédéric Auguste Bartholdi.

I høgre handa held Frihetsgudinna ein fakkel. Dette er symbolet på fridommen som opplyser verda. I venstre handa held ho ei tavle som symboliserer lova eit samfunn må byggje på. Alle menneske er fødde like, og alle har rett til eit godt liv og fridom.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Frihetsstatuen New York
Frihetsstatuen New York

2. Machu Picchu | Peru

Machu Picchu er ein historisk stad i Peru. Dei eldgamle inkaruinane ragar i all si prakt på 2350 meters høgd. Byen var heilt ukjend for den vestlege verda, heilt fram til Hiram Bingham oppdaga han i 1911.

Inkaindianarane herska over eit enormt område i Sør-Amerika frå begynnelsen av 1400-talet og fram til Spanias erobring i 1532. Dei hadde lite å stille opp med då spanjolane erobra dei. I dag er det berre ruinar igjen av denne imponerande og storslåtte byen.

Staden er verdskjend. Turistar strøymer til i tusenvis for å sjå Den heilage dalen. For å komme seg dit må du gå gjennom skoddeskog, jungel og eit fantastisk fjellandskap. Turen er ei oppleving i seg sjølv.

Visste du at …?

Ifølgje ny forsking kan Machu Picchu vere eldre enn først anteke. Det betyr at menneske levde i området fleire tiår tidlegare enn arkeologane først trudde.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Machu Picchu
Machu Picchu

3. Niagara Falls | Nord-Amerika

Niagara Falls markerer grensa mellom USA og Canada. Den gigantiske fossen består eigentleg av tre ulike fossefall: Horseshoe Falls ligg på grensa mellom USA og Canada, medan American Falls og den mykje mindre Bridal Veil Falls ligg heilt inne på amerikansk side.

Tusenvis av turistar strøymer til det legendariske fossefallet. Dei ønskjer å ta selfies med dei skummande vassmassane i bakgrunnen. Frå Goat Island har ein ei imponerande utsikt til fossane, og hit kjem ein både med bil og til fots, via ei bru over American Falls.

Gjennomsnittleg renn det 2400 kubikkmeter vatn nedover den største av dei tre fossefalla – kvart sekund. Ein kubikkmeter vatn er det same som 1000 liter!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

4. Galápagosøyane | Equador

Galápagosøyane er ei gruppe øyar som er i Stillehavet ved ekvator. Dei ligg cirka 100 mil utanfor Equador. På desse øyane har det utvikla seg eit heilt unikt dyre- og planteliv. Då biologen Charles Darwin var der i 1835 vart han heilt trollbunde. Livet på øyane hadde utvikla seg heilt uforstyrra gjennom mange millionar år.

Mange av skapningane på Galápagosøyane finst berre her. Sidan dei har utvikla seg i eit miljø utan rovdyr, bryr dei seg lite om menneskebesøk. Sjeldne varmekjære pingvinar og fuglar med knallblå føter er berre nokre av dei spennande artane som trivst her.

 

Men det aller mest fascinerande dyret må vere den enorme elefantskjelpadda som øyane er oppkalla etter. Galápagos er nemleg eit spansk ord for skjelpadde. Elefantskjelpadda kan bli meir enn 100 år gammal.

Det er vulkanutbrot for mange millionar år sidan som har skapt desse øyane. I dag verkar området som eit paradis. Krystallklart vatn, blå himmel og nesten 3000 artar som lever i havet, gjer øyane svært populære blant dykkarar. Fordi øyane ligg så nær ekvator, er klimaet relativt varmt og fuktig året rundt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Galapagosøyene
Galapagosøyene

5. Mount Rushmore | USA

Mount Rushmore er kanskje Amerikas mest majestetiske monument, og det ligg i Black Hills i Sør-Dakota. 400 arbeidarar jobba i 14 år for å hogge ut dei fire presidentane. Ansikta er 18 meter høge.

Det var bilethoggaren Gutzon Borglum som fekk den store jobben med å ære nokre av dei store mennene til USA: George Washington, Thomas Jefferson, Abraham Lincoln og Theodore Roosevelt.

Ein stor del av det amerikanske urfolket ser på Black Hills som eit heilagt område. Dei meiner skulpturane ikkje har noko der å gjere. Det var opphavleg landområdet deira. Det vil ta over to millionar år før vêr og vind slettar ut formasjonane i fjellet. Dei har med andre ord komme for å bli i svært mange generasjonar.

Visste du at …?

I Legoland har dei bygd Mount Rushmore med over 1,5 millionar legoklosser.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

6. Rio de Janeiro | Brasil

Lokalbefolkninga kallar byen Maravilhosa – den praktfulle byen – og det er ikkje vanskeleg å forstå. Rio de Janeiro blir rekna som Brasils puls. I denne byen finn ein endelause, kvite strender, og fjell som strekkjer seg opp mot himmelen. Det største trekkplasteret for turistar er kanskje den kjende Copacabana-stranda – eit fire kilometer langt paradis. Her er det lett å gløyme at ein er i ein millionby.

Ein tur til Rio er ikkje komplett utan å ta taubanen opp til Sukkertoppen, også kjent som Pão de Açúca. Dette vakre fjellet ruvar 396 meter over havet, og gir deg 360-graders utsikt over byen Guanabara Bay og det endelause, blå Atlanterhavet. Musikk, samba og dans finst overalt i byen, og det er ikkje uvanleg å sjå folk danse i gatene. Årets desidert største fest går føre seg i februar kvart år, og er kjend som karnevalet i Rio.

På toppen av Corcovado-fjellet står den praktfulle Kristusstatuen. Statuen ruvar 710 meter over havet, og det er umogleg å førestille seg ein tur til Rio utan eit besøk på toppen. Berre det å komme seg dit er litt av ein prestasjon: Etter ein 20 minutt lang togtur må ein gå opp meir enn 220 trappetrinn for å komme til foten av den berømte statuen. Men det er absolutt verdt strevet. Du får ei imponerande utsikt over byen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

7. Grand Canyon | USA

Majestetiske Grand Canyon er skapt av Colorado River. Elva har grave seg gjennom 40 lag av jordskorpa. Noko av det som er karakteristisk, er alle fargenyansane i raudt, gult og oransje. Dalen er nesten 450 kilometer lang, og 29 kilometer brei enkelte stader. Utsiktspunktet Skywalk har glasbotn, og stikk ut over den breie kløften. Her er det ei svimlande utsikt som gjer at det kiler i magen. Kanskje ikkje noko for dei som har høgdeskrekk.

Om sommaren steikjer sola nådelaust, men det finst stader med bekker og tre der ein finn skugge. Mykje av parken er stengd om vinteren, men enkelte stader er som tekne ut av eit julekort når snøen ligg over landskapet.

For verkeleg å oppleve Grand Canyon bør du sjå fjellformasjonen både på nært hald og frå lufta. Frå fly eller helikopter får du òg sjå Monument Valley, Rainbow Bridge og Lake Powell med dei raude sandsteinsklippene.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Grand Canyon
Grand Canyon

8. Regnskogen | Sør-Amerika

Ingenting kan førebu deg på synet som møter deg når du kjem til regnskogen i Amazonas. Det er nok til å ta pusten frå kven som helst. Den største regnskogen i verda dekkjer eit område på heile 5,5 millionar kvadratkilometer. Regnskogen strekkjer seg utover ni ulike land i Sør-Amerika.

I regnskogen lever det 30 000 planteartar, 1800 fiskeartar, 1300 fugleartar, 311 pattedyrartar og 165 ulike amfibieartar. Døme på amfibium er frosk og salamander. Andre dyr du kan oppleve er keisartamarin, jaguar, krokodillar, villsvin og rosa delfinar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Amazonas
Amazonas

9. Las Vegas | USA

Ifølgje NASA er Las Vegas det mest lyssterke området på jorda når ein ser på kloden frå verdsrommet. Las Vegas liknar ikkje nokon annan stad i verda. Den seks kilometer lange strekninga nedover Las Vegas Boulevard er kjend som «The Strip». Det er som ein glamorøs underhaldningspark. Eit besøk i Las Vegas er ikkje komplett utan ein tur til det karakteristiske Vegas-skiltet.

Vegas er i sanning ei verd av glitter og glamour. Med meir enn 40 millionar turistar årleg lever byen opp til ryktet sitt som spel- og underhaldningshovudstaden i verda. Nokre av dei beste artistane i verda opptrer regelmessig i Vegas. Her finst det mat frå alle kulturar, frå pizza og sushi til taco og biff. Her kan du òg shoppe i dei eksklusive merkevarebutikkane, eller føle deg som ein kongeleg i dei mange spabehandlingsstadene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

10. Volcán Arenal | Costa Rica

Vulkanen Arenal, som ligg i Costa Rica, er ein av dei mest besøkte attraksjonane i landet. Heilt til nyleg var den 1670 meter høge vulkanen registrert som Costa Ricas mest aktive vulkan. Den hadde over 40 utbrot om dagen. No er aktiviteten til vulkanen redusert til ei og anna røyksky og litt ristinger i bakken.

Den kjegleforma vulkanen dominerer det fruktbare landskapet i Volcán Arenal nasjonalpark. Sjølv om ein ikkje kan gå opp på sjølve vulkanen, er det mange moglegheiter til å sjå restar av gammal lava og det yrande dyrelivet i området. Er du interessert i fuglar, er over 50 prosent av fuglelivet i Costa Rica seg her.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vulkanen Arenal
Vulkanen Arenal

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS
  • Siverts, Henning; Opsvik, Tor: Inkariket i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M08 25 frå https://snl.no/Inkariket

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images