Vår vakre verd – Amerika

Verda vår består av tallause unike, mystiske og vakre stader. Naturen har igjennom millionar av år forma landskapet rundt oss, og vi menneske har busett oss og krydra landskapet med storslått arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre døme frå Amerika. Dette er ti av dei mest spesielle stadene på kontinentet.

Las Vegas
Las Vegas

1. Fridomsstatuen | USA

I innløpet til New York står den verdskjende Fridomssstatuen, eller Fridomsgudinna. Kanskje eit av dei mest kjende symbola på USA. Den beste utsikta får du ved å ta ein gratis ferjetur frå Manhatten til Staten Island. På Hudson River får du ei fabelaktig utsikt til New York City, med Fridomssstatuen som eit spektakulært blikkfang.

Vil du sjå statuen på nært hald, tek du ferje til Liberty Island. Med denne billetten kan du i tillegg få tilgang til nedste del av statuen, eller du kan oppgradere billetten, slik at du kjem heilt opp til utsiktsplattforma i krona til statuen. Statuen, inkludert sokkel, er 92 meter høg. Frå inngangen i sokkelen går det 403 trappetrinn opp til hovudet, der det berre er plass for 12 personar. Statuen tener òg som fyrtårn.

Fridomssstatuen var ei gåve frå Frankrike, og han vart avduka i 1886. Statuen er laga av bilethoggaren Frédéric Auguste Bartholdi, og ingeniøren Gustave Eiffel stod for konstruksjonen.

I høgre handa held Fridomsgudinna ein fakkel. Dette er symbolet på fridommen som opplyser verda. I venstre handa held ho ei tavle som symboliserer lova eit samfunn må byggje på. Alle menneske er fødde like, og alle har fått retten til eit godt liv og fridom.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Frihetsstatuen New York
Frihetsstatuen New York

2. Machu Picchu | Peru

Machu Picchu er ein historisk stad i Peru. Dei eldgamle inkaruinane ragar i all si prakt på 2350 meters høgd, og har stått på Unescos verdsarvliste sidan 1983. Byen var heilt ukjend for Vesten fram til tidleg på 1900-talet, då han vart oppdaga av Yale-professor Hiram Bingham i 1911.

Inkaindianarane herska over eit enormt område i Sør-Amerika frå begynnelsen av 1400-talet og fram til Spanias erobring i 1532. Inkaene hadde ikkje noko skriftspråk, men kommuniserte likevel over eit enormt område. Dei hadde lite å stille opp med då spanjolane erobra dei. I dag er det berre ruinar igjen av denne imponerande og storslåtte byen.

I dag er staden ein verdskjent arkeologisk labyrint. Turistar strøymer til i tusenvis for å sjå Den heilage dalen. For å komme deg dit må du gå gjennom frodig tåkeskog, subtropisk jungel, fantastiske fjellandskap og over strekningar som er brulagde av inkaene sjølve. Turen er ei oppleving i seg sjølv.

Visste du at …?

Ifølgje ein ny forskingsartikkel (2021) i tidsskriftet Antiquity kan Machu Picchu vere eldre enn først anteke. Det betyr at menneske levde i området fleire tiår tidlegare enn arkeologane tidlegare har rekna med.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Machu Picchu
Machu Picchu

3. Niagara Falls | Nord-Amerika

Niagara Falls markerer grensa mellom USA og Canada. Den gigantiske fossen består eigentleg av tre ulike fossefall: Horseshoe Falls ligg på grensa mellom USA og Canada, medan American Falls og den mykje mindre Bridal Veil Falls ligg heilt inne på amerikansk side.

Tusenvis av turistar strøymer til det legendariske fossefallet. Dei ønskjer å ta bilde av seg sjølve saman med dei frodande vassmassane. Det er inga overrasking at talet på besøkande er høgast om sommaren. Frå Goat Island har ein imponerande utsikt til fossane, og hit kjem ein både med bil og til fots, via ei bru over American Falls.

Gjennomsnittleg renn det 2400 kubikkmeter vatn nedover Horseshoe Falls – den største av dei tre fossefalla – kvart sekund. Ein kubikkmeter vatn er det same som 1000 liter!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

4. Galápagosøyane | Equador

Nesten 1000 kilometer vest for Equador i Sør-Amerika, ligg den vulkanske øygruppa «Las Islas Encantadas» – ‘dei fortryllande øyane’. På Galápagosøyane har det utvikla seg eit heilt unikt dyre- og planteliv. Då biologen Charles Darwin var der i 1835, vart han heilt trollbunden, og der la han grunnlaget for evolusjonsteorien sin. Livet på øyane hadde utvikla seg heilt uforstyrra gjennom mange millionar år.

Mange av skapningane på Galápagosøyane finst berre her, og sidan dei har utvikla seg i eit miljø utan rovdyr, bryr dei seg lite om menneskebesøk. Sjeldne tropiske pingvinar, haviguanar og fuglar med knallblå føter er berre nokre av dei spennande artane som trivst her.

 

Men det aller mest fascinerande vesenet må vere den enorme elefantskjelpadda som øyane er oppkalla etter. Galápagos er nemleg eit spansk ord for skjelpadde. Elefantskjelpadda kan bli meir enn 100 år gammal.

Det er spennande å tenkje på at desse øyane oppstod etter ei rekkje vulkanutbrot for fleire millionar år sidan. I dag verkar området som eit paradis. Krystallklart vatn, blå himmel og heile 2900 marine artar gjer øyane svært populære blant dykkarar. Fordi øyane ligg så nær ekvator, er klimaet relativt jamnt året rundt. Temperaturen varierer frå 21 til 30 grader, så ein kan fint dra dit heile året.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Galapagosøyene
Galapagosøyene

5. Mount Rushmore | USA

Mount Rushmore er kanskje Amerikas mest majestetiske monument. Det storslåtte verket ligg i Black Hills i Sør-Dakota. 400 arbeidarar jobba i 14 år for å hogge ut ansikta til dei fire presidentane. Ansikta er 18 meter høge.

Det var bilethoggaren Gutzon Borglum som fekk den store jobben med å ære nokre av dei store mennene i USA: George Washington, Thomas Jefferson, Abraham Lincoln og Theodore Roosevelt.

Ein stor del av det amerikanske urfolket ser på Black Hills som eit heilagt område, og dei ser på skulpturane som eit døme på tjuveri av landområda deira. For dei er skaden gjord, og med naturleg erosjon vil dei lange presidentnasane forsvinne om 2,4 millionar år. Så dette vil vere ein attraksjon i svært mange generasjonar.

Visste du at …?

Mount Rushmore er bygd med over 1,5 millionar legoklosser i Legoland.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

6. Rio de Janeiro | Brasil

Lokalbefolkninga kallar byen Maravilhosa – den praktfulle byen – og det er ikkje vanskeleg å forstå. Rio de Janeiro blir rekna som Brasils puls. I denne byen finn ein endelause, kvite strender, og i bakgrunnen, som ein vakker kulisse, ligg fjella som strekkjer seg heilt opp til himmelen. Det største trekkplasteret for turistar er kanskje den kjende Copacabana-stranda – eit fire kilometer langt paradis. Her er det lett å gløyme at ein er i ein millionby.

Ein tur til Rio er ikkje komplett utan å ta taubanen opp til Sukkertoppen, også kjend som Pão de Açúca. Dette bildeskjønne fjellet ruvar 396 meter over havet, og gir deg 360-graders utsikt over byen Guanabara Bay og det tilsynelatande endelause, blå Atlanterhavet. Musikk, samba og dans finst overalt i byen, og det er ikkje uvanleg å sjå folk danse i gatene. Årets desidert største fest går føre seg i februar kvart år, og er kjend som karnevalet i Rio.

På toppen av Corcovado-fjellet står den praktfulle og karakteristiske Kristusstatuen. Statuen står 710 meter over havet, og det er umogleg å førestelle seg ein tur til Rio utan eit besøk på den storslåtte fjelltoppen. Berre det å komme seg hit er litt av ein prestasjon: Etter ein 20 minutt lang togtur må ein gå opp meir enn 220 trappetrinn for å komme til foten av den berømte statuen. Men det er absolutt verdt strevet når du kan nyte panoramautsikta over byen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

7. Grand Canyon | USA

Majestetiske Grand Canyon er skapt av Colorado River, og gir eit unikt utsnitt av 40 lag av jordskorpa. Noko av det som er karakteristisk er alle fargenyansane i raudt, gult og oransje. Dalen er nesten 450 kilometer lang, og 29 kilometer brei enkelte stader. Ved West Rim ligg Skywalk – ei utsiktsplattform med glasbotn, som stikk ut over den breie kløfta og byr på ei svimlande panoramautsikt.

Om sommaren steikjer sola ubarmhjertig, men det finst små oasar med bekkar og tre der ein finn skugge. Mykje av parken er stengd om vinteren, men enkelte stader er som teke ut av eit julekort når snøen ligg over landskapet. Bortanfor dei brusande stryka inneheld Colorado River òg eit nettverk av små, stille elvar, kalksteinsklipper, bortgøymde ruinar og kaktushagar. Opplevingane står berre i kø og ventar på deg.

For verkeleg å oppleve Grand Canyon bør du sjå fjellformasjonen både på nært hald og frå lufta. Vi tilrår ein tur med fly eller helikopter, for då får du òg sjå Monument Valley, Rainbow Bridge og Lake Powell med dei raude eroderte sandsteinsklippene.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Grand Canyon
Grand Canyon

8. Regnskogen | Sør-Amerika

Ingenting kan førebu deg på synet som møter deg når du flyg over regnskogen i Amazonas, eller alle dei flotte dyra som lever der. Det er nok til å ta pusten frå kven som helst. Den største regnskogen i verda dekkjer eit område på heile 5,5 millionar kvadratkilometer. Regnskogen strekkjer seg utover ni ulike land i Sør-Amerika.

I regnskogen lever det 30 000 planteartar, 1800 fiskeartar, 1300 fugleartar, 311 pattedyrartar og 165 ulike amfibieartar. Døme på amfibium er frosk og salamander. Andre dyr du kan oppleve er keisertamarin, gulvengerødara, jaguar, krokodillar, villsvin og rosa delfinar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Amazonas
Amazonas

9. Las Vegas | USA

Ifølgje NASA (National Aeronautics and Space Administration) er Las Vegas det mest lyssterke området på jorda når ein vurderer kloden frå verdsrommet. Las Vegas liknar ikkje nokon annan stad i verda. Den seks kilometer lange strekninga nedover Las Vegas Boulevard er kjend som «The Strip», og det er som ein glamorøs underhaldningspark. Eit besøk i Las Vegas er ikkje komplett utan ein tur til det karakteristiske Vegas-skiltet.

Vegas er i sanning ei verd av glitter og glamour. Med meir enn 40 millionar turistar årleg lever byen opp til ryktet sitt som spel- og underhaldningshovudstaden i verda. Nokre av dei beste artistane i verda opptrer regelmessig i Vegas. Her finst det mat frå alle kulturar, frå pizza og sushi til taco og biff. Vegas er òg kjend for buffeane sine, og med fleire titals buffear er det vanskeleg å velje. Her kan du òg shoppe med stil i dei eksklusive merkevarebutikkane, eller føle deg som ein kongeleg i dei mange spabehandlingsstadene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

10. Volcán Arenal | Costa Rica

Vulkanen Arenal, som ligg i den nordvestlege delen av Costa Rica, er ein av dei mest besøkte destinasjonane i landet. Heilt til nyleg var den 1670 meter høge vulkanen registrert som Costa Ricas mest aktive vulkan, med gjennomsnittleg 41 utbrot om dagen. Sjølv om aktiviteten til vulkanen no er redusert til ei og anna røyksky, og litt ristinger i bakken, er både vulkanen og jungelen som omkransar han, høgst levande.

Den kjegleforma vulkanen dominerer det fruktbare landskapet i Volcán Arenal nasjonalpark. Sjølv om ein ikkje kan gå opp på sjølve vulkanen, er det tallause moglegheiter til å sjå den gamle lavastraumen og det yrande dyrelivet i området. Ei god nyheit for fugleentusiastar er at over 50 prosent av fuglelivet i Costa Rica finst i nasjonalparken, noko som gjer han til eit paradis for fuglekikkarar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vulkanen Arenal
Vulkanen Arenal

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS
  • Siverts, Henning; Opsvik, Tor: Inkariket i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M08 25 frå https://snl.no/Inkariket

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images