Vår vakre verd – Asia

Verda vår består av mange unike, mystiske og vakre stader. Naturen har igjennom millionar av år forma landskapet rundt oss. Vi menneske har busett oss og krydra landskapet med imponerande arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre få eksempel frå Asia. Dette er ti av dei mest spesielle stadene på kontinentet!

1. Shiraz | Iran

Iran er kanskje ikkje det mest populære reisemålet, men landet har mykje å by på. Dette vakre landet har fått eit ufortent dårleg rykte sidan revolusjonen i 1979 – som ein farleg og lovlaus stad der kvinner er undertrykte og alt som var verd å sjå, er redusert til støv. Men no er det stort sett trygt å reisa dit.

OBS! I løpet av 2022 endra situasjonen seg dramatisk, og folk vert rådde av norske styresmakter til ikkje å reise til Iran.

Iran har nokre av dei eldste historiske landemerka i verda. Byen Shiraz ligg midt i hjertet av alt. Det kanskje flottaste å sjå i Shiraz er regnbogeglaset i Nasir al-Mulk-moskeen. Når du står ved dei strålande glasmåleria og ser lyset skinna inn, er det som å vera inne i eit smykkeskrin. Herskardynastiet Qajar bygde moskeen seint på 1800-talet, og utsmykkinga passar absolutt til byggherren sin luksuriøse smak.

Like i nærleiken ligg gravkammeret Shah Chéragh. Gravkammeret blei bygd på 1100-talet. Inne i den blå kuppelen er det eit smaragdgrønt kammer fylt med bitte små speglar som glitrar når dei fangar lyset. Dette er ei av dei mest overveldande opplevingane i heile den islamske verda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Moskeen i Shiraz
Moskeen i Shiraz

2. Pamukkale | Tyrkia

Det finst meir enn 1000 verdsarvstader i heile verda, men berre 38 kvalifiserer som både naturlege og kulturelle underverk. Og berre eitt av dei er ei samling av kvite kalksteinsdammar som renn ut i ein landsby med både gresk og romersk påverknad. Dette er Pamukkale.

Pamukkale ligg vest i Tyrkia og er eit utruleg syn. I 14 000 år har naturlege, varme kjelder pumpa vatn med kalsium opp til overflata. Etter kvart har vatnet som rann nedover, fordampa. Kalsiumavleiringane har danna dei kvite «trinna» av travertin, ein type kalkstein. Desse skapte naturlege terrassar ned gjennom dalen. Han fekk namnet Pamukkale – «bomullsslott» på tyrkisk – av lokalbefolkninga. Det er ei ekstremt passande skildring av noko som ser ut som om det høyrer til i ein fantasy-roman.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pamukkale i Tyrkia
Pamukkale i Tyrkia

3. Burj Khalifa | Dubai

I fleire tiår har det vore ein heftig diskusjon om den høgaste bygningen i verda. Var det World Trade Center, det høgaste bygningspunktet i verda, eller var det Sears Tower, den høgaste etasjen i verda i bruk? Og kva er det som definerer ein bygning?

Så var det ein bygning som i 2010 knuste all mogleg motstand ved å bli verdas høgaste av alt og stikka av med alle rekordane. Høgaste bygning, høgaste etasje i bruk, mest nervøse vindaugsvaskarar – heile greia. Den bygningen var Burj Khalifa i Dubai, med leilegheiter, kontor, symjebasseng, ein restaurant og ni verdsrekordar.

Burj Khalifa ragar 828 meter opp i vêret – meir enn dobbelt så høgt som den førre høgaste bygningen, Taipei 101. Til samanlikning er Taipei 101 meir enn 6o prosent høgare enn Chrysler-bygningen, som var den høgaste bygningen i 1930. Burj Khalifa er så høg at den spiralforma Y-fasongen blei utvikla for å redusera vindens påverknad nesten ein kilometer oppe i lufta.

Sjå desse galningane hoppa med fallskjerm frå Burj Khalifa:

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Burj Khalifa i Dubai
Burj Khalifa i Dubai

4. Petra | Jordan

Av alle oldtidsbyane i verda er det få som kan overraska og begeistra på same måten som Petra. Denne byen ligg i fjellsida på fjellet Jebel al-Madhbah mellom Raudehavet og Daudehavet i Jordan.

Dette er ein magisk by i rosa stein, med fantastiske ting å sjå rundt kvart hjørne. Det finst verkeleg ikkje noko liknande på heile kloden.

Petra blei først busett for rundt 11 000 år sidan, men den verkelege utviklinga starta då ei stamme arabiske nomadar kalla nabatearar slo seg ned frå år 400 f.Kr. Dei blei rike på handelsrutene som kryssa landet deira – dei handla med kinesisk silke, indisk krydder og bomull. Dei skapte ein majestetisk verdsby som er kjenneteikna av dei vakre bygningane og hagane sine.

Det er meir å sjå i Petra enn den mest berømte attraksjonen. Det finst fleire utskorne gravkammer langs den sørlege klippefronten på det som er kjent som fasadegata. Meir enn 40 slike gravkammer er spreidde over fleire rader på eit stort område.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Petra i Jordan
Petra i Jordan

5. Ha Long-bukta | Vietnam

Det er lett å forstå kvifor den vietnamesiske folketrua meiner øyene i Ha Long-bukta er gudeskapte. Vinden kastar regnet gjennom morgontåka. Store skulpturar stig opp av det turkise vatnet. Rett opp, som om dei kunne velta når som helst. Plutseleg opnar himmelen seg, og sola bryt gjennom. Ein augneblink kjennest det som om vi stirer inn i sjølve skapinga.

Ifølgje legenda var vietnamesarane plaga av konstante invasjonar via sjøvegen frå nord. Gudane var til slutt så lei av denne plaga at Mordraken blei sendt for å hjelpa saman med barna sine. Då dei kjempa som verst, blei drakane sette fyr på av fienden. Drakane spytta ut ei mengd juvelar som danna ein forsvarsbarriere. Denne barrieren verna landet mot angrep frå nord for alltid. Desse juvelane blei seinare omdanna til det karstlandskapet og øyene som no ligg langs kysten av Ha Long-bukta.

Det bur meir enn 200 000 menneske i provinsen Ha Long. Rundt 1000 av desse bur på vatnet i Ha Long-bukta. Husbåtane deira er spreidde over tre husbåtbyar. Desse ligg og duppar på det krystallklare vatnet og er eit monument over ein historisk levemåte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ha Long-bukta i Vietnam
Ha Long-bukta i Vietnam

6. Taj Mahal | India

Taj Mahal er eit arkitektonisk under, men det vakre byggverket skjuler òg ei kjærleikshistorie. Legenda fortel at alle arkitektane og arbeidarane som bygde Taj Mahal, blei drepne eller lemlesta då det var ferdig. På denne måten skulle ein forsikra seg om at det aldri kunne byggast eit liknande byggverk – så overveldande vakkert er det. Historikarane har argumentert for at det ikkje finst bevis for dette, men det aukar den nesten mytiske statusen.

Taj Mahal er ikkje berre eit av verdas sju underverk og ein verdsarvstad. Med meir enn sju millionar besøkande i året er det verdas mest besøkte landemerke – og med god grunn. Det tok 22 år og 20 000 arbeidarar å fullføra dette meisterverket. Det blir sagt at ein trong 1000 elefantar for å frakta bygningsmateriala. Og med ei høgd på 73 meter er strukturen med sin skinande marmor og juvelar verkeleg eit fantastisk syn.

Mogulherskaren sjah Jahan si kone, Mumtaz Mahal, døydde i 1631 då ho fødde det 14. barnet deira. Eit år seinare bestilte han Taj Mahal til hennar minne. Han skal ha vore knust etter at ho døydde, og lova å bygga ein evig kvilestad, eit symbol på kjærleiken deira. Taj Mahal skal vera ein kort versjon av navnet hennar og betyr «krona blant palassa». Anten du trur på historia eller ikkje, er Taj Mahal definitivt ein juvel i Indias krone.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Taj Mahal i India
Taj Mahal i India

7. Angkor Wat | Kambodsja

Byen Angkor var ein gong hovudstaden i Khmerriket og er kjend for dei gåtefulle templa sine. Det er ei vakker blanding av hindubuddhistisk symbolisme og eit ekte testament over ambisjonane til dei kambodsjanske gudekongane. Den store handlekrafta dei viste når det gjaldt å bygga stadig meir imponerande byggverk, viser kor mektige dei var.

Det største av templa er Angkor Wat, eit storslege og godt bevart hindutempel som posisjonerer seg som midtpunktet i universet!

Det blei bygd av Suryavarman II og dedisert til Vishnu tidleg på 1100-talet. Det har fem tårn som ein kan sjå frå meir enn ein kilometer unna. Dei stig mot himmelen som peikestokkar og er blant dei største religiøse monumenta i verda.

Angkor Wat er overfylt av ein gong skjulte maleri og dekorative pilarar. Men det viktigaste er relieffa med ei høgde på nesten to meter som strekker seg over eit par kilometer – ei enorm oppgåve som seier litt om storleiken på anlegget. Relieffa fortel den fantastiske historia om slaga mellom gudane og demonane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Angkor Wat i Kambodsja
Angkor Wat i Kambodsja

8. Den kinesiske muren | Kina

Ein av dei mest legendariske attraksjonane i heile verda er Den kinesiske muren, og eit besøk der vil vera eit minne for livet. Muren ligg berre éin og ein halv time utanfor Beijing. Ferske berekningar tyder på at muren er om lag 21 000 kilometer lang.

Den spede byrjinga for Den kinesiske muren starta mellom år 700 og 400 f.Kr, då ulike kinesiske statar tok til å bygga sine eigne festningsverk. Dette heldt fram inn i dei krigande statane si tid heilt til den første keisaren av Kina, Qin Shi Huang i Qin-dynastiet, kopla saman murane i det tredje hundreåret f.Kr., for å hindra ein invasjon frå nord.

Muren blei deretter vidareutvikla av det etterfølgande Han-dynastiet for å verna den blømande handelen langs Silkevegen. Ming-dynastiet bygde vakttårn og festningar i muren mellom 1300- og 1600-talet for å gjera forsvarsevnene sterkare mens dei restaurerte dei eldste delane av muren.

Muren var kjend som «den lengste gravplassen i verda», på grunn av talet på arbeidarar som omkom under bygginga. Det går historier om at dei døde kroppane blei gravlagde i muren, sjølv om det ikkje finst bevis for at det er sant.

Sjølv om formålet med muren var å stoppa fienden frå å invadera, så klarte han ikkje det. Den første store khan i Mongolriket, Djengis Khan, klarte å bryta seg gjennom muren og erobra Nord-Kina tidleg på 1200-talet. Barnebarnet hans, Kublai Khan, fullførte den mongolske erobringa av Kina då han sigra over Song-dynastiet i sør i 1279.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Den kinesiske mur
Den kinesiske mur

9. Samarkand | Usbekistan

Samarkand er ei slåande, turkis perle, djupt inne i ørkenen i Usbekistan. Samarkands historiske bygningar er like vakre som dei indiske stoffa og den kinesiske silken som ein gong fløymde gjennom byen på den lange reisa si langs Silkevegen.

Men det var visjonen til ein frykteleg herskar som omskapte byen til den kulturelle juvelen han er i dag.

Timur var ein nådelaus krigsherre frå middelalderen, som ikkje hadde problem med å slakta ned alle som kom i hans veg. Han var òg ein mann med store visjonar, og han drøymde om å gjera byen Samarkand om til eit sentrum for islamsk kunnskap og kultur. Timur tvinga viktige intellektuelle og handverkarar til å busetta seg i byen. Reisande som kom innom byen, blei overvelda av kor storslege alt var.

Midtpunktet er allmektige Registan. Ordet tyder «sandfylt stad», og det er eit offentleg torg omringa av tre overveldande madrassas (islamske skular/universitet). Hit kom det menn frå heile det enorme timurid-imperiet for å studera Koranen. I tillegg studerte dei òg matematikk, poesi og kunst.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Samarkand i Usbekistan
Samarkand i Usbekistan

10. Himalaya | Asia

Kryssar ein fjellkjeda Himalaya, blir ein totalt overvelda av kor stort landskapet er. Korleis skal ein klara å navigera seg gjennom eit område som er ti gonger større enn Frankrike? Eit område som kryssar fleire landegrenser og koplar saman fleire økosystem, religionar og politiske ståstader? Himalaya slynger seg med sine 2500 kilometer gjennom India, Nepal, Bhutan, Pakistan og Kina, og tar deg med på ei reise over dei høgaste fjella, dei djupaste kløftene og ville skogar.

Heile området er fylt av imponerande biologisk mangfald som det ikkje finst maken til nokon stad i verda. I motsetnad til mange stader ein kan besøka på denne kloden, er Himalaya ein stad med villskap som blir smelta om til venleik. Ulike menneskekulturar har tilpassa seg nokre av dei barskaste vêrforholda mennesket kjenner, og gjort Himalaya til heimen sin.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ghandruk i Nepal
Ghandruk i Nepal

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images / Skydive Dubai – Youtube
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images