Vår vakre verd – Asia

Verda har mange mystiske og vakre stader. Naturen har igjennom millionar av år forma landskapet rundt oss. Vi menneske har busett oss og krydra landskapet med imponerande arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre få eksempel frå Asia. Dette er ti av dei mest spesielle stadene på kontinentet!

1. Shiraz | Iran

Iran er kanskje ikkje det mest populære reisemålet, men landet har mykje å by på. Dette vakre landet har fått eit dårleg rykte sidan revolusjonen i 1979. Men no er det stort sett trygt å reisa dit.

Iran har nokre av dei eldste landemerka i verda. Byen Shiraz ligg midt i hjertet av alt. Det kanskje flottaste å sjå i Shiraz er regnbogeglaset i Nasir al-Mulk-moskeen. Når du står ved dei vakre glasmåleria og ser lyset skinna inn, er det som å vera inne i eit smykkeskrin. Moskeen blei bygd seint på 1800-talet.

Like i nærleiken ligg gravkammeret Shah Chéragh. Det blei bygd på 1100-talet. Inne i den blå kuppelen er det eit smaragdgrønt kammer fylt med bitte små speglar som glitrar når dei fangar lyset. Dette er ei av dei vakraste opplevingane i heile den islamske verda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Moskeen i Shiraz

2. Pamukkale | Tyrkia

Det finst meir enn 1000 verdsarvstader i heile verda! Berre eitt av dei er ei fantastisk samling av kvite kalksteinsdammar som renn ut i ein landsby. Dette er Pamukkale.

Pamukkale ligg vest i Tyrkia og er eit utruleg syn. I 14 000 år har naturlege, varme kjelder pumpa vatn med kalsium opp til overflata. Etter kvart har vatnet som rann nedover, fordampa og danna dei kvite «trinna» av kalkstein.

Desse trinna skapte naturlege terrassar ned gjennom dalen. Han fekk namnet Pamukkale av lokalbefolkninga. Ordet tyder «bomullsslott» på tyrkisk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pamukkale i Tyrkia

3. Burj Khalifa | Dubai

I mange år har ein diskutert kva som var den høgaste bygningen i verda. Var det World Trade Center, det høgaste bygningspunktet i verda? Eller var det Sears Tower, den høgaste etasjen i verda i bruk? Og kva er det som definerer ein bygning?

Så var det ein bygning som i 2010 bestemte at nok var nok. Denne bygningen blei verdas høgaste av alt og stakk av med alle rekordane. Høgaste bygning, høgaste etasje i bruk, mest nervøse vindaugsvaskarar – heile greia! Den bygningen var Burj Khalifa i Dubai, med leilegheiter, kontor, symjebasseng, ein restaurant og ni verdsrekordar.

Burj Khalifa strekker seg 828 meter opp i vêret. Det er meir enn 60 prosent høgare enn den førre høgaste bygningen, Taipei 101. Til samanlikning er Taipei 101 i sin tur 61 prosent høgare enn Chrysler-bygningen. Dette var den høgaste bygningen i verda i 1930.

Sjå desse galningane hoppa med fallskjerm frå Burj Khalifa:

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Burj Khalifa i Dubai

4. Petra | Jordan

Byen Petra ligg ved fjellet Jebel al-Madhbah mellom Raudehavet og Daudehavet i Jordan. Dette er ein magisk by i rosa stein.

Petra blei først busett for rundt 11 000 år sidan. Men den verkelege utviklinga starta då ei stamme arabiske nomadar slo seg ned frå år 400 f.Kr. Dei blei rike på handelsrutene som kryssa landet deira. Nomadane handla med kinesisk silke, indisk krydder og bomull. Dei skapte ein praktfull verdsby som er kjent for dei vakre bygningane og hagane sine.

Det finst fleire utskorne gravkammer langs det som er kjent som fasadegata. Det er meir enn 40 slike gravkammer spreidde over eit stort område!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Petra i Jordan

5. Ha Long-bukta | Vietnam

Det er lett å forstå kvifor den vietnamesiske folketrua meiner øyene i Ha Long-bukta er skapt av gudane. Vinden kastar regnet gjennom morgontåka. Store skulpturar stig opp av det turkise vatnet. Plutseleg opnar himmelen seg, og sola bryt gjennom. Det kan kjennest som om vi stirer inn i sjølve skapinga.

Ifølgje historia var vietnamesarane ofte plaga av invasjonar via sjøvegen frå nord. Gudane var til slutt så lei av denne plaga at Mordraken blei sendt for å hjelpa saman med barna sine.

Då dei kjempa som verst, blei drakane sette fyr på av fienden! Drakane spytta ut ei mengd juvelar som danna ein forsvarsbarriere. Denne barrieren verna landet mot angrep frå nord for alltid. Desse juvelane blei seinare omdanna til det landskapet og øyene som no ligg langs kysten av Ha Long-bukta.

Det bur meir enn 200 000 menneske i provinsen Ha Long. Rundt 1000 av desse bur på vatnet i Ha Long-bukta. Husbåtane deira er spreidde over tre husbåtbyar og viser ein historisk levemåte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ha Long-bukta i Vietnam

6. Taj Mahal | India

Taj Mahal er eit vakkert byggverk, men det vakre skjuler òg ei kjærleikshistorie.

Kona til herskaren, Mumtaz Mahal, døydde i 1631 då ho fødde det 14. barnet deira. Herskaren bygde Taj Mahal til hennar minne. Taj Mahal skal vera ein kort versjon av navnet hennar og betyr «krona blant palassa». Taj Mahal er ein juvel i Indias krone.

Taj Mahal er eit av verdas sju underverk. Det er òg verdas mest besøkte landemerke. Meir enn sju millionar menneske besøker Taj Mahal kvart år. Det tok 22 år og 20 000 arbeidarar å fullføra dette meisterverket. Med ei høgd på 73 meter er Taj Mahal verkeleg eit fantastisk syn. Bygget er dekt med skinande marmor og juvelar!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Taj Mahal i India

7. Angkor Wat | Kambodsja

Byen Angkor var ein gong hovudstaden i Khmerriket. Byen er kjend for alle dei gåtefulle templa sine. Dei kambodsjanske gudekongane bygde stadig meir imponerande byggverk for å visa kor mektige dei var.

Det største av templa er Angkor Wat. Dette er eit godt bevart hindutempel som posisjonerer seg som midtpunktet i universet! Det blei bygd tidleg på 1100-talet. Det har fem tårn som ein kan sjå frå meir enn ein kilometer unna. Angkor Wat er blant dei største religiøse monumenta i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Angkor Wat i Kambodsja

8. Den kinesiske muren | Kina

Ein av dei mest kjende attraksjonane i heile verda er Den kinesiske muren. Eit besøk der vil vera eit minne for livet! Muren ligg éin og ein halv time utanfor Beijing. Muren er om lag 21 000 kilometer lang.

Byrjinga for Den kinesiske muren starta mellom år 700 og 400 f.Kr. Då tok ulike kinesiske statar til å bygga sine eigne murar for å forsvara seg. Dette heldt fram heilt til den første keisaren av Kina kopla saman murane i det tredje hundreåret f.Kr. Dette gjorde han for å hindra ein invasjon frå nord.

Mellom 1300- og 1600-talet blei det bygd vakttårn og festningar i muren for å gjera forsvaret sterkare.

Sjølv om formålet med muren var å stoppa fienden frå å invadera, så klarte han dessverre ikkje det. Djengis Khan var den første store herskaren i Mongolriket. Barnebarnet hans, Kublai Khan, erobra Sør-Kina i 1279.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Den kinesiske mur

9. Samarkand | Usbekistan

Samarkand er ei turkis perle djupt inne i ørkenen i Usbekistan. Denne byen ligg midt ute på dei ufruktbare slettene i Sentral-Asia. Byen blei bygd frå rikdommane frå Silkevegen. Men det var visjonen til ein frykteleg herskar som omskapte byen til den juvelen han er i dag.

Timur var ein nådelaus krigsherre frå middelalderen, men han var òg ein mann med store visjonar. Timur drøymde om å gjera byen Samarkand om til eit sentrum for islamsk kunnskap og kultur. Han tvinga viktige intellektuelle og handverkarar til å busetta seg i byen. Her studerte dei Koranen, matematikk, poesi og kunst.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samarkand i Usbekistan

10. Himalaya | Asia

Himalaya er eit område som er ti gonger større enn Frankrike! Fjellkjeda går gjennom India, Nepal, Bhutan, Pakistan og Kina. Himalaya tar deg med på ei reise over dei høgaste fjella og dei djupaste dalane.

Ulike kulturar har tilpassa seg nokre av dei barskaste vêrforholda mennesket kjenner, og gjort Himalaya til heimen sin.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ghandruk i Nepal

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images / Skydive Dubai – Youtube
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images