Når vêret blir ein fare

I Noreg har vêret alltid vore ei kraft vi må forhalde oss til. Det formar landskapet, påverkar kvardagen og er ein naturleg del av samtalane våre. Men med eit varmare klima blir vêret ikkje berre meir ekstremt, det blir ein direkte trussel mot liv, infrastruktur og økosystem.

Ekstremvêr er ikkje lenger eit unntak. Det er eit uttrykk for ein ny normal i ein atmosfære i endring, og når meteorologane sender ut raude varsel og gir namn til lågtrykka, då veit vi at ekstremvêr er på veg.

Kva er ekstremvêr?

Meteorologisk institutt definerer ekstremvêr som ei vêrhending med stort skadepotensial, som kombinerer høg intensitet, lang varigheit og alvorlege konsekvensar.

Slike hendingar kan skape både akutte og langvarige utfordringar i samfunnet. Det handlar ikkje berre om store nedbørmengder eller sterk vind, det handlar om korleis vêret påverkar samfunnet når vi blir trefte på feil stad, til feil tid og med stor kraft.

Ekstremvêr i Noreg

Ekstremvêr i Noreg kan arte seg som:

  • Lågtrykk med styrke orkan eller storm som gir store øydeleggingar på bygningar og skog
  • Langvarig ekstremnedbør og styrtregn som overbelastar avløpssystema i byane
  • Vinterstormar og snøskred som stengjer fjellovergangar og isolerer bygder 
  • Langvarige hetebølgjer som pressar energisystem, aukar risiko for skogbrann og svekkjer folkehelsa

Dette er konsekvensar av dynamiske prosessar i atmosfæren, men også av menneskeskapte klimaendringar. Når tidlegare sjeldne hendingar skjer oftare, må vi forstå både dei fysiske mekanismane og dei samfunnsmessige konsekvensane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ekstremvêr og klimaendringar

Atmosfæren fungerer som eit dynamisk og kjenslevart system, og den responderer raskt på temperaturendringar. Eit grunnleggjande fysisk forhold, kjent som Clausius-Clapeyron-relasjonen – seier at for kvar grad temperaturen aukar, kan lufta halde på omtrent 7 % meir vassdamp. Denne ekstra vassdampen gir atmosfæren meir energi å jobbe med – og det fører til kraftigare regn, meir intens snøsmelting og i mange tilfelle auka flaumfare.

Vi ser også meir varmeenergi i hava, som bidreg til å forsterke lågtrykk og auke fordamping. Når fuktig luft blir løfta og kondenserer, blir det frigjort latent varme – ein energiprosess som igjen forsterkar vêrsystemet. Dette gir ein slags sjølvforsterkande effekt, der ekstreme hendingar blir både hyppigare og meir intense.

CICERO og Bjerknessenteret peikar på dette som ein klar konsekvens av menneskeskapte utslepp. Ekstremvêr er dermed ikkje berre tilfeldige hendingar, men eit signal om at det globale klimasystemet er i ubalanse.

📸 Lokale temperatursvingingar på jorda i 1880-åra (til venstre) samanlikna med i dag (til høgre).
Foto: NASA Scientific Visualization Studio, gjengitt i Forskning.no (2022).

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Dagmar, Gyda og Hans

Dei siste åra har du sikkert lagt merke til at ekstremvêra i Noreg får eigne namn, som Dagmar, Gyda og Hans. Det er ikkje tilfeldig. Meteorologisk institutt begynte med dette i 1994 for å gjere det lettare for befolkninga, media og beredskapsetatar å forhalde seg til alvorlege vêrsituasjonar. Namna skal gjere kommunikasjonen tydelegare og auke samfunnet si forståing for beredskap.

Det første ekstremvêret som fekk namn i Noreg, var «Agnes», eit kraftig uvêr som ramma Sør-Noreg i januar 1994. Hendinga markerte starten på ein ny æra i norsk vêrvarsling.

Kven bestemmer namnet?

Namna blir bestemde av Meteorologisk institutt, som har ei liste med både gute- og jentenamn. Hovudregelen er at namna vekslar mellom kjønn, slik at viss eitt ekstremvêr har eit gutenamn, får det neste eit jentenamn, og omvendt. MET følgjer alfabetet utover i sesongen (men hoppar over enkelte bokstavar, som Q, X og Z). Dette er inspirert av den internasjonale praksisen for tropiske syklonar og stormar, der namna også følgjer alfabetet og kjønnsvariasjon.

Dersom eit lågtrykk eller stormsystem bevegar seg over fleire land, bruker dei nasjonale vêrinstitutta ofte same namnet for å sikre einskapleg varsling. Det er FNs meteorologiorganisasjon (WMO) som koordinerer namngivinga på tvers av land og regionar. Tropiske stormar fekk først kvinnenamn, men etter kritikk om kjønnsdiskriminering vart det i 1979 innført alternasjon mellom manns- og kvinnenamn.

I Europa har fleire nasjonale meteorologiske institutt (som dei i Tyskland, Frankrike, Spania og Noreg) innført eigne system for namngiving av lågtrykk og stormar. I nokre regionar samarbeider institusjonar for å bruke same namnet på tvers av landegrenser, slik at befolkninga ikkje blir forvirra av ulike namn på same uvêr. Til dømes samarbeider MET med meteorologiske institutt i Sverige og Danmark.

Likevel kan nokre stormar få ulike namn i ulike land. Dette skjedde til dømes med stormen Nina i Noreg i 2015, som vart kalla Elon i Sverige.

Ekstremvêret «Hans», august 2023

Søndag 6. august 2023 begynner regnet å falle over Austlandet. I løpet av få døgn får delar av Innlandet og Buskerud over 100 mm nedbør fleire stader. Dette er nedbørsmengder som svarer til ein heil månads regn.

Kombinasjonen av gjennomvåt jord etter ein regnfull sommar og intens nedbør fører til at jordsmonnet ikkje lenger kan absorbere vatnet, og resultatet blir overflateavrenning, der elvane fløymer over, og jord- og leirskred riv med seg vegar og hus. Store delar av jernbanenettet stengjer, og over 800 personar blir evakuerte.

Styresmaktene omtaler situasjonen som ekstraordinær. Regnet fell ikkje berre intenst, men treffer altså ei allereie metta jord på grunn av den våte sommaren. Når vatnet ikkje lenger klarer å trekkje ned i bakken, strøymer det i staden ukontrollert over land.

I Glomma stig vasstanden raskt, og hydrologiske modellar, som HBV-modellen, varslar om aukande vassføring. Operatørane ved kraftverket Braskereidfoss ser seg nøydde til å opne flaumlukene for å unngå ein fullstendig flaum.

Samtidig fører vassmassane til flaum og jordskred i område som tidlegare ikkje har vore rekna som særleg utsette. Karta stemmer ikkje lenger heilt med røyndommen, og mange blir tekne på senga av kreftene som blir utløyste. Situasjonen vart raskt klassifisert som ei nasjonal krise.

Ekstremvêret «Hans» blir eit tydeleg døme på korleis klimaendringar påverkar vêret, og korleis vi må tilpasse oss ein røyndom med meir og villare vatn. Hendingar som før var «ekstreme» eller «eingongshendingar», oppstår no oftare. Vi står midt i ei klimaomstilling der både nedbørsmønster og hydrologiske risikoar må revurderast.

📸 Stupetårnet sett frå Koigen, Hamar under Hans 2023. Foto: Kari Svelle Reistad /NVE

Her kjem ekstremvêret Hans til Noreg:

Lenke til NRK:

https://www.nrk.no/video/her-kommer-ekstremvaeret–hans-til-norge_3ecc24b5-bbc9-4387-a9cf-7daf18f638a8

Forrige avsnitt

1 / 8

Neste avsnitt

Kva skaper ekstremvêr?

I Noreg blir danna mykje av ekstremvêret i møte mellom fuktig atlanterhavsluft og kald luft over Skandinavia. Dette møtet fører til kraftige lågtrykk og frontsystem. Når slike lågtrykk får ekstra energi frå varme hav og fuktig luft, oppstår ekstremnedbør og storm. Dette blir kalla ein baroklin ustabilitet. Det er ein tilstand der temperatur- og trykkgradientar driv lågtrykksutvikling. Når slike lågtrykk får ekstra energi frå varme hav og høg luftfukt, blir konveksjonen intensivert, og det blir danna kraftige frontsystem med store nedbørmengder. Atmosfæren «blir skvisa» og svarer med kraftig vêr.

Dynamikken i slike system blir forsterka av global oppvarming. Havoverflatetemperaturen aukar, og dermed også fordamping og energitilførsel til stormsystema. Dette er særleg relevant for fenomen som atmosfæriske elvar, der smale band av fuktig luft blir frakta over lange avstandar og kan gi enorme nedbørsmengder når dei treffer land.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kven overvaker ekstremvêr?

Meteorologisk institutt (MET) har ansvar for vêrvarsling i Noreg. Dei bruker vêrmodellar som AROME og HARMONIE-AROME, satellittbilete, radar og tusenvis av målepunkt. Når eit lågtrykk ser ut til å kunne bli farleg, varslar MET ekstremvêr. Samtidig utarbeider NVE varslar om flaum og jordskred gjennom tenesta varsom.no. Det er derimot Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som koordinerer nasjonal beredskap og risikovurdering.

Fargekoda varslingssystem

Noreg har også etablert eit fargekoda varslingssystem:

  • Gult nivå: krevande situasjon
  • Oransje nivå: fare for skadar
  • Raudt nivå: stor fare og alvorlege konsekvensar

Ved varsla ekstremvêr blir kommunal og regional beredskap aktivert. Skulane kan stengje, vegane blir sikra, og innbyggjarane får beskjed om å førebu seg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis førebur vi oss på ekstremvêr

Når ekstremvêret blir varsla, handlar det ikkje lenger berre om meteorologi og prognosar, det handlar om korleis samfunnet fungerer. For at vi skal tole dei stadig kraftigare utbrota av vind, regn og snø, må vi planleggje betre og tilpasse oss dei nye realitetane.

I byar og tettstader jobbar ingeniørar og byplanleggjarar med å byggje større og smartare overvassanlegg som kan ta unna styrtregn før gatene blir fylte med vatn. Døme på dette er blågrøne tak og permeable dekke.

Blågrønne tak – naturbasert overvasshandtering

Blågrøne tak er ein kombinasjon av grøne tak (vegetasjonsdekke) og blå komponentar for vasshandtering. Dei fungerer som lokale vassreservoar som held tilbake og forseinkar avrenning frå takflater under kraftig nedbør. Dette er spesielt viktig i byar og tettbygde strøk der tette flater fører til auka overvatn og fare for flaum. Når regnvatnet blir fanga opp i ulike lag på taket, blir trykket redusert på avløpssystema, og faren for flaum minkar.

Eit typisk blågrønt tak består av fleire funksjonelle lag: vegetasjonslag med til dømes gras eller andre plantar, eit vasslagringssystem (ofte med lettvektmateriale som kan halde på vatn), dreneringslag og vasstette vernelag. Saman sørgjer dette for både fordryging og filtrering av vatnet, samtidig som taket bidreg til auka biologisk mangfald i byane.

Blågrøne tak har også andre effektar. Dei bidreg til å isolere husa, slik at vi får lågare energiforbruk. Dei reduserer dessutan varmestråling i bykjernane (urbane varmeøyer) og skaper betre mikroklima. På grunn av klimaendringar med hyppigare ekstremnedbør og hetebølgjer, blir blågrøne tak tilrådde som eit klimatilpassingstiltak i mange kommunale og statlege planar.

Permeable dekke – opne flater som dempar flaum

Permeable dekke er gjennomtrengjelege overflater der regnvatnet kan renne direkte ned i grunnen, i staden for å renne over harde flater og belaste avløpssystemet. Slike dekke er eit viktig klimatilpassingstiltak i tettbygde område der det er mykje tette flater som asfalt og betong. Døme på permeable dekke er porøs asfalt, belegningsstein med opne fuger, grasarmering og grus.

Ved å etterlikne infiltrasjonsevna til naturen reduserer permeable dekke avrenning, hindrar opphoping av overvatn og bidreg til grunnvassrestitusjon. Dei fungerer også som fordrygingssystem og kan i nokre tilfelle kombinerast med magasin eller infiltrasjonsgrøfter under bakken.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

📸 Prinsippskisse for open flaumavleiing. Når elveløpet har for liten kapasitet, kan vatnet gå over breiddene og forårsake flaumskadar. Kapasiteten kan aukast ved å senke eller utvide elva, eller ved å leie vatnet gjennom avlastande tiltak. Kjelde: NVE.

Infrastruktur og varsling i møte med ekstremvêr

For å verne samfunnet mot flaum og andre naturfarar, blir det sett i verk tekniske og strukturelle tiltak i utsette område. Elvebreiddene blir forsterka med steinsetjing eller anna erosjonssikring, og det blir bygde vollar og flaumskjermar som skal leie vatn bort frå busetnad. I nye utbyggingsområde blir byggjeteknikkane tilpassa ved at hus og vegar får heva fundament, og kritisk infrastruktur blir plassert utanfor risikosoner.

📸 Kartet viser NVEs oppdaterte varsel frå Varsom.no, med oransje nivå for jord- og flomskredfare og gult nivå for flaumfare i oktober 2025. Kjelde: NVE / Varsom.no (2025).

Samtidig investerer kraftselskap i forsterka straumnett, betre jording og robuste datasystem som toler ekstremvêr som storm og lynnedslag. Dette er viktig for å unngå langvarige straumbrot og systemsvikt i samfunnskritiske funksjonar.

På området til varslinga skjer det også ei digital utvikling. Plattforma varsom.no gir tilgang til oppdaterte varsel om flaum, jordskred, snøskred og isforhold, og er eit samarbeid mellom NVE, Meteorologisk institutt og Statens vegvesen. I tillegg sender styresmaktene ut mobilvarsel ved alvorlege hendingar, slik at folk kan ta nødvendige forholdsreglar i tide.

Men til sjuande og sist kviler mykje på oss som enkeltpersonar. Vi må forstå signala, ta dei på alvor, og vite kva vi skal gjere. Førebuingar handlar om å sikre det vi eig, men også om å verne kvarandre og vite når vi skal halde oss inne, kansellere ein tur eller ringje naboen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

Bjerknessenteret for klimaforskning (2020) Nøkkelen til ekstremvær i stratosfæren ligger i troposfæren under den Hentet fra https://www.bjerknes.uib.no/aktuelt/nokkelen-til-ekstremvaer-i-stratosfaeren-ligger-i-troposfaeren-under-den

Cicero (2019). Bedre forberedt på ekstremvær. Henta frå https://cicero.oslo.no/no/artikler/bedre-forberedt-pa-ekstremvaer

Cicero (2021). Klimaendringene øker raskere. Henta frå https://cicero.oslo.no/no/artikler/klimaendringene-oker-raskere

DSB (2024). Evaluering av ekstremværet Hans –  forebygging, beredskap og håndtering

Henta frå www.dsb.no/siteassets/rapporter-og-publikasjoner/rapporter/evalueringsrapport_hans.pdf

Norsk Polarinstitutt (2018) Klima: prosesser og drivkrefter Hentet fra https://npolar.no/tema/klima-prosesser-og-drivkrefter/

Meteorologisk institutt (2020). Hva er ekstremvær? Hentet fra https://www.met.no/vaer-og-klima/klimasvar/hva-er-ekstremvaer

Pettersen, H. (red.) (2015). Ekstremvær – vitenskapen bak de utrolige naturkreftene. Orage forlag

Sintef (2021) Unngå skader på blågrønne tak Hentet fra https://www.sintef.no/siste-nytt/2021/unnga-skader-pa-blagronne-tak-nytt-rammeverk-for-prosjektering/

Varsom.no. (2024). Om varsling av naturfare. 

Henta frå https://www.varsom.no

 

Close Icon

Loading...