Når vêret blir ein fare
I Noreg har vi alltid levd med vêr. Vinden riv i veggene, regnet slår mot rutene, og snøen pakkar fjellovergangar og dalbotnar inn i stilla. Men i eit endra klima er ikkje vêret lenger berre eit samtaleemne, det blir ein naturfare. Når meteorologane sender ut raude varsel og gir namn til lågtrykka, då veit vi at ekstremvêr er på veg.
Ekstremvêr og klimaendringar
Eit varmare klima fører til at atmosfæren held på meir fukt. Dette gir auka risiko for intens nedbør, flaum og skred. Samtidig fører høgare temperaturar til lengre tørkeperiodar og meir intense hetebølgjer. Det vi kallar Clausius-Clapeyron-relasjonen fortel at vi får 7 % meir vassdamp i atmosfæren per grad temperaturauke. Ifølgje Bjerknessenteret og CICERO er det ein tydeleg samanheng mellom global oppvarming og auka hyppigheit og intensitet av ekstremvêr.
📸 Lokale temperatursvingingar på jorda i 1880-åra (til venstre) samanlikna med i dag (til høgre).
Foto: NASA Scientific Visualization Studio, gjengitt i Forskning.no (2022).
Kva skaper ekstremvêr?
I Noreg blir mykje av ekstremvêret danna i møte mellom fuktig atlanterhavsluft og kald luft over det europeiske kontinentet eller Skandinavia. Dette møtet fører til kraftige lågtrykk og frontsystem. Når slike lågtrykk får ekstra energi frå varme hav og fuktig luft, oppstår ekstremnedbør og storm.
Også klimaendringar speler ei viktig rolle. Eit varmare klima held meir fukt i atmosfæren, slik vi har forklart over. Når denne fukta fell som nedbør, blir regnet kraftigare, og tørre periodar kan følgjast av flaum og skred.
📸 Prinsippskisse for open flaumavleiing. Når elveløpet har for liten kapasitet, kan vatnet gå over breiddene og føre til flaumskadar. Kapasiteten kan aukast ved å seinke eller utvide elva, eller ved å leie vatnet gjennom avlastande tiltak. Kjelde: NVE.
Kan vi besøke stader som arbeider med ekstremvêr?
Meteorologisk institutt i Oslo tilbyr digitale ressursar og samarbeider gjerne med vidaregåande skular. I tillegg har NVE, Statens vegvesen og fleire forskingsmiljø, som CICERO og Bjerknessenteret, undervisningsopplegg laga for elevar. Det finst også vêrstasjonar og hydrologiske målestasjonar langs elvar og fjellovergangar, som klassar kan besøkje for å lære korleis data blir samla inn og brukte.
📸 Kartet viser NVEs oppdaterte varsel frå Varsom.no, med oransje nivå for jord- og flaumskredfare og gult nivå for flaumfare i oktober 2025. Kjelde: NVE / Varsom.no (2025).
Kjelder:
Bjerknessenteret for klimaforskning (2020) Nøkkelen til ekstremvær i stratosfæren ligger i troposfæren under den Hentet fra https://www.bjerknes.uib.no/aktuelt/nokkelen-til-ekstremvaer-i-stratosfaeren-ligger-i-troposfaeren-under-den
Cicero (2019). Bedre forberedt på ekstremvær. Henta frå https://cicero.oslo.no/no/artikler/bedre-forberedt-pa-ekstremvaer
Cicero (2021). Klimaendringene øker raskere. Henta frå https://cicero.oslo.no/no/artikler/klimaendringene-oker-raskere
DSB (2024). Evaluering av ekstremværet Hans – forebygging, beredskap og håndtering
Henta frå www.dsb.no/siteassets/rapporter-og-publikasjoner/rapporter/evalueringsrapport_hans.pdf
Norsk Polarinstitutt (2018) Klima: prosesser og drivkrefter Henta frå https://npolar.no/tema/klima-prosesser-og-drivkrefter/
Meteorologisk institutt (2020). Hva er ekstremvær? Henta frå https://www.met.no/vaer-og-klima/klimasvar/hva-er-ekstremvaer
Pettersen, H. (red.) (2015). Ekstremvær – vitenskapen bak de utrolige naturkreftene. Orage forlag
Sintef (2021) Unngå skader på blågrønne tak Hentet fra https://www.sintef.no/siste-nytt/2021/unnga-skader-pa-blagronne-tak-nytt-rammeverk-for-prosjektering/
Varsom.no. (2024). Om varsling av naturfare.
Henta frå https://www.varsom.no