Verdsreligionane – hinduismen
Hinduisme er ein religion som begynte i India for fleire tusen år sidan. Det er 1,2 milliardar hinduar i verda. Trua har utvikla seg i mange ulike retningar.
Hindu gudestatue
Omfang
15 prosent av alle folk i verda er hinduar. Dei fleste bur i India. Men det finst hinduar mange stader i verda.
Buddhismen er påverka av hinduismen. Både hinduar og buddhistar trur på atterføding. Det betyr at menneske og dyr blir fødde på ny etter at dei døyr. Hinduismen har blitt påverka av andre religionar. I dag er det mange måtar å praktisere hinduismen på.
Hellige blomster i en hånd ved elven Ganges
Hinduguder
Heilage stader
For hinduane er det mange heilage stader i India. Landet har mange heilage byar og heilag natur som skog, fjell og elvar. Ganges er den mest heilage elva, og Varanasi er den mest kjente av dei sju heilage byane i India. Hinduane valfartar til desse stadene, som ein del av det religiøse livet sitt.
Det meste av tilbedinga går føre seg i heimen. Det finst også tempel der gudane bur.
Heilage skrifter
Dei heilage skriftene i hinduismen blir kalt Veda-skriftene. Dei er skrivne på det utdøydde språket sanskrit, og er dei eldste skriftene i India. I Veda-skriftene står blant anna dei gamle hymnane til gudane.
I dag blir dei same hymnane sungne av brahmanane, dei hinduistiske prestane. Det gjer hymnane til til den eldste religiøse tradisjonen i verda. Dei truende trur at hymnane kjem frå gudane.
Sanskrit
Ung jente feirer Holif
Guden Ganesha
Kunst og bygningar
Tempelet kan vere alt frå store bygningar til eit lite hus på eit gatehjørne. Det er ofte omgitt av ein høg, firkanta mur med vakre inngangsparti. Heile tempelet blir gjerne oppfatta som eit eige univers.
Templa er rikt utsmykka med gudefigurar. Dei skal alltid vere vakre å sjå på. Men ein gudefigur kan også vere liten nok til at ein hindu kan ha han med seg i lomma.
Hindutempel
Norsk hindu kultursenter festival 2012
Kjelder:
- Daria.no (29. april 2021): Hinduismen
https://www.daria.no/skole/?tekst=2031
- I samme verden (29. april 2021): Hinduisme i sammendrag. Cappelen Damms lærenettsted.
https://isammeverden.cappelendamm.no/tekst.html?tid=1417817&sek=1150596
- Jacobsen, Knut A.: divali i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/divali
- Jacobsen, Knut A.: Ganesha i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 30. april 2021 frå https://snl.no/Ganesha
- Jacobsen, Knut A.: Holi i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/Holi
- Kværne, Per og Jacobsen, Knut A.: hinduisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/hinduisme
- Kværne, Per og Jacobsen, Knut A.: yoga i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 30. april 2021 frå https://snl.no/yoga
- NDLA (29. april 2021): Hinduismen
https://ndla.no/nb/subject:44/topic:1:198120/topic:1:198005/?filters=urn:filter:78e538a3-78bf-4db2-af00-2ca7d721cb25
- SSB (30. april 2021): Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
https://www.ssb.no/trosamf/
- Wikipedia (29. april 2021): Hinduisme
https://no.wikipedia.org/wiki/Hinduisme#cite_ref-1
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
-
Ida Tolgensbakk (CC BY-SA 3.0) / NRK Skole
-