Verdsreligionane – hinduismen

Hinduisme er ein religion som begynte i India for fleire tusen år sidan. Det er 1,2 milliardar hinduar i verda. Trua har utvikla seg i mange ulike retningar.

Accessibility icon Verdsreligionane – hinduismen
Verdsreligionane:

Hinduismen

Hinduismen blei til for 4500 år sidan. Han er derfor ein av dei eldste religionane i verda. Menneska på den tida ropte til gudane sine i hymnar. Det er som ein lovsong. Fleire av desse blir framleis brukte i hinduismen.

Vi veit ikkje kven som starta hinduismen. Ein hindu kan tilbe éin gud, mange gudar, eller ingen gudar. Hinduismen er som ei blanding av ulike religionar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hindu gudestatue
Hindu gudestatue

Omfang 

15 prosent av alle folk i verda er hinduar. Dei fleste av dei bur i India. Men det finst hinduar mange stader i verda. Hinduismen er ei blanding av fleire religionar. Hinduar trur blant anna på atterføding. Det betyr at menneske og dyr blir fødde på ny etter at dei døyr.
Hellige blomster i en hånd ved elven Ganges
Hellige blomster i en hånd ved elven Ganges

Sentrale skikkelsar 

Hinduismen har mange gudar. Nokre av dei viktigaste heiter Shiva, Krishna og Ganesha. Gudane kan vise seg som menneske, kalt avatarar.

Mahatma Gandhi var ein stor politisk leiar i India på 1930-talet. Mahatma betyr «stor sjel», ein heilag mann. Det vil seie at han nesten blei hylla som ein hinduistisk gud.

Hinduar er like ulike som alle andre, men det er nokre ting som er felles for dei aller fleste hinduar.

Hinduane kallar trua si for sanatana dharma, den evige lova. Hinduar trur på atterføding og på karma. Karma betyr at alle handlingar i dette livet vil få følgjer i det neste livet. Målet for ein hindu er å sleppe å bli fødd på ny.

For hinduar er det viktig å ikkje bruke vald.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hinduguder
Hinduguder

Heilage stader 

India har mange heilage byar og heilag natur som skog, fjell og elvar. Ganges er den mest heilage elva, og Varanasi er den mest kjende av dei sju heilage byane i India. Hinduar besøkjer desse stadene for å kome nærmare gudane.

For det meste tilber dei gudane heime, men også i tempel der gudane bur.

Heilage skrifter 

Dei heilage skriftene i hinduismen blir kalla Veda-skriftene. Dei er skrivne på eit språk som ikke lenger er i bruk. I Veda-skriftene står blant anna dei gamle hymnane til gudane, som du las om tidlegare.

I dag blir dei same hymnane sungne av brahmanane, som er hinduistiske prestar. Dei truande trur at hymnane kjem frå gudane.

Sanskrit
Sanskrit

Høgtider 

Hinduane har mange høgtider, og to av dei er divali og holi.

Divali er ein lysfest som blir feira om hausten. Når hinduane feirar divali, tenner dei mange små lys. Det er for å helse Lakshmi velkommen. Ho er gudinna for lukke og rikdom.

Holifestivalen er ein fargefest som feirar at  fargane og kjærleiken har sigra over det svarte og mørke. Festen går føre seg om våren for å hylle  vårblomstringa.

Under festen kastar dei fargepulver og sprutar fargevatn på kvarandre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung jente feirer Holif
Ung jente feirer Holif

Symbol 

Hinduismen har mange fargerike gudestatuar. Dei finst både i templa og i heimane. Å tilbe gudestatuane er viktig for mange hinduar.

Ein av gudane, Ganesha, har eit elefanthovud.

Elefantguden Ganesha kan gje lukke til hinduar. Han beskyttar mot ulukker. Viss du er på ein asiatisk restaurant, kan du ofte finne eit lite altar for Ganesha. Der blir det sett fram mat, lys og blomstrar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Guden Ganesha
Guden Ganesha

Ritual 

For hinduar er handlingar viktigare enn det dei trur på. Derfor er rituala svært viktige. Eit ritual er noko vi gjentar ofte og etter visse tradisjonar. Eit dagleg ritual for ein hindu kan vere å tilbe ein gudestatue.

Guden blir behandla som ein konge eller ein ærefull gjest. Gudefiguren blir vaska rein, underhalden med song, og det blir sett fram eit måltid. Ritualet blir kalla puja.

Hinduane har også mange ritual når folk blir fødde, giftar seg eller døyr.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kunst og bygningar 

Templa kan vere store bygningar, eller eit lite hus på eit gatehjørne. Det er ofte omgitt av ein høg mur med vakre portar.

Templa er rikt utsmykka med gudefigurar. Dei skal alltid vere vakre å sjå på. Men ein gudefigur kan også vere liten nok til at ein hindu kan ha han med seg i lomma.

Hindutempel
Hindutempel

Hinduisme i Noreg 

I Noreg kan det vere så mange som 20 000 hinduar. Å vere hindu er noko personleg, og ikkje alle er aktive i ei forsamling. Dei fleste hinduar i Noreg er frå Sri Lanka og India, eller har bakgrunn fra desse landa.

Visste du at yoga har sitt opphav i hinduismen? Hinduar bruker yoga for å møte gudane og for å oppnå frelse. Frelse vil seie at dei slepp å bli fødde på nytt.

Yoga er også ulike øvingar for å stresse ned, puste roleg og ta bort alle tunge tankar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Norsk hindu kultursenter festival 2012
Norsk hindu kultursenter festival 2012

Kjelder:

  • Jacobsen, Knut A.: divali i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/divali
  • Jacobsen, Knut A.: Ganesha i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 30. april 2021 frå https://snl.no/Ganesha
  • Jacobsen, Knut A.: Holi i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/Holi
  • Kværne, Per og Jacobsen, Knut A.: hinduisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/hinduisme
  • Kværne, Per og Jacobsen, Knut A.: yoga i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 30. april 2021 frå https://snl.no/yoga

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Ida Tolgensbakk (CC BY-SA 3.0) / NRK Skole