Verdsreligionane – Islam

Islam er den yngste av verdsreligionane og den nest største. Dei truende blir kalla muslimar. Dei trur på Allah, som betyr Gud på arabisk.

Accessibility icon Verdsreligionane – Islam
Verdsreligionane:

Islam 

Ein mann som heitte Muhammad grunnla islam rundt 570 e.Kr. Han blei fødd i byen Mekka i det noverande Saudi-Arabia. Ifølgje muslimar fekk Muhammad ei befaling frå Allah. Han skulle forkynne at det fanst berre éin gud.

Så flytta Muhammad til Medina. Her blei islam ein religion. Profeten Muhammad var flink til å tale, og han var ein stor politikar og hærførar. Då han døydde, var han ein suveren herskar over store delar av Midtausten.  

Stor moske i solnedgang
Stor moske i solnedgang

Omfang 

Islam er den nest største religionen i verda etter kristendommen. Det er rundt 1,7 milliardar muslimar i verda.

Sjølv om Midtausten er kjerneområdet for islam, bur det flest muslimar i Pakistan, Bangladesh og India. I Vest-Europa er islam etter måten noko nytt, og det heng saman med innvandring. Av vesteuropeiske land har Frankrike flest muslimar med sine fem millionar.

Etter at Muhammad døydde, krangla etterfølgjarane hans om kven som skulle ta over. Det førte til at islam delte seg inn i to hovudgrupper: sunniislam og sjiaislam.

Dei aller fleste muslimer er sunnimuslimar. Heile det islamske fellesskapet blir kalt «umma».  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Blå moske
Blå moske

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!