Verdsreligionane:

Islam

Ein mann som heitte Muhammad grunnla islam rundt 570 e.Kr. Han blei fødd i byen Mekka som ligg i Saudi-Arabia. Ifølgje muslimar fekk Muhammad ei befaling frå Allah. Han skulle forkynne at det fanst berre éin gud. Så flytta Muhammad til Medina. Her blei islam ein religion.

Verdt å vite om islam:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stor moske i solnedgang

Omfang 

Islam er den nest største religionen i verda. Det er rundt 1,7 milliardar muslimar i verda. Dei fleste muslimar bur i Pakistan, Bangladesh og India. I Europa er det også mange muslimar, blant anna på grunn av innvandring.

Etter at Muhammad døydde, blei det krangel om kven som skulle bli leiar. Det førte til at islam blei delt i to hovudgrupper: sunniislam og sjiaislam. Dei aller fleste muslimar er sunnimuslimar. Heile det islamske fellesskapet blir kalla «umma».

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Blå moske

Sentrale skikkelsar 

Profeten Muhammad er den viktigaste personen i islam. Han grunnla religionen, og forkynte at det fanst berre éin gud. Muhammad var eit historisk menneske, og han blir ikkje dyrka som ein gud.

Muhammed rir inn i Mekka
Papir bakgrunn

Heilage stader 

Byen Mekka i Saudi-Arabia er den heilagaste staden i islam. Her blei profeten Muhammad fødd. Når muslimar i heile verda ber, vender dei seg mot Mekka.

Muslimar er også pålagde å reise til Mekka éin gong i livet. I Mekka ligg Kaba, den største heilagdomen i islam. Det er ein stor, svart kube som muslimane går rundt sju gongar.

Kyrkja til muslimane heiter moské. Presten som leiar bøna, blir kalla imam.

Nokre moskear har minaretar, som er høge tårn. Frå desse tårna blir dei truande kalte inn til bøn. Fredagsbøna er ekstra viktig. Då samlar muslimane seg til bøn i moskeen.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kaba i Mekka

Heilage skrifter 

Koranen er den heilage boka i islam. Ho inneheld det Muhammad ville lære menneska. Boka er skriven på arabisk, og inneheld 114 kapittel, også kalt «surar». I tillegg til bodskapet om den eine Gud inneheld Koranen mange påbod og forbod. Dette blir kalla «sharia», den religiøse lova.

Koranen

Høgtider 

Id eller eid er ein religiøs fest som muslimane feirar når fastemånaden er over. Under fasta er det ikkje lov til å ete på dagtid. Festen begynner med bøn og preike i moskeen. Folk har på seg festklede, og dei gir kvarandre gåver. Det er viktig å besøkje familie og venner.

Den andre store høgtida heiter id al-adha. Denne feirar muslimane når dei har besøkt Mekka.

I tillegg har muslimar mange ritual gjennom livet. Eit ritual er noko ein gjer mange gongar i livet, ofte i samband med ulike tradisjonar. Eit av rituala er å kviskre truvedkjenninga inn i øyret til den nyfødde. Litt som når kristne døyper barna sine med vatn.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Familie spiser iftar

Symbol 

I islam er det ikkje vanleg å bruke symbol og teikningar av dyr eller menneske. Det er berre Allah som skal dyrkast. Halvmåne og stjerne er vanlegvis symbol på islamsk tru. Ifølgje muslimar er månen viktig fordi han bestemmer den islamske kalenderen.

Moske i Sudan

Ritual  

Ramadan er eit viktig ritual for muslimar. Under ramadan skal ein ikkje drikke eller ete frå sola står opp til ho går ned. Fasta er til for at muslimane skal fokusere mest mogleg på si eiga tru.

Under ramadan blir dei truande oppmoda om å være ekstra gode og snille. Under pandemien ordna nokre muslimar i Oslo gratis mat til familiar med dårleg råd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Iftar

Kunst og bygningar 

Muslimane har mange fantastiske byggverk og mykje vakker kunst. Moskeane er dei viktigaste bygningane. Men det finst også vakre slott og palass. Islamsk kunst ser vi ofte som utsmykningar på bygningar eller som dekorasjon i bøker.

Moské i Cairo

Islam i Noreg 

Den muslimske befolkninga er stort sett innvandrarar eller flyktningar frå den muslimske verda. Mange av muslimane er dermed fødde i Noreg.

Norske muslimar er ei svært variert gruppe menneske, frå mange ulike land. Islam i Noreg er i sterk vekst.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Muslim ber i snøen

Kjelder:

  • Vogt, Kari: islam i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/islam
  • Vogt, Kari: Kaba i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/Kaba
  • Vogt, Kari: Mekka i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/Mekka

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images / NRK Skole
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images