Vi ere en nasjon vi med

Det er slett ikkje tilfeldig at du skriv og snakkar på den måten du gjer i dag. Språket vårt er eit resultat av historie, kultur, påverknad og politikk. Språk markerer tilhøyr, og for eit land er språket noko som bind menneska saman. Språk er òg ein identitetsmarkør. Språket du snakkar og skriv, er ein del av identiteten din. Mange har sterke kjensler knytte til språket sitt. Slik har det òg vore i Noreg. Språket har gjennom tidene vore gjenstand for både debatt, diskusjonar og konflikt. Det er jo litt snodig å tenkje på at ein diskusjon som starta for over 200 år sidan, har konsekvensar for språket du skriv og snakkar. Ja, til og med for karaktersnittet ditt. Korleis blei det eigentleg slik?

Accessibility icon Vi ere en nasjon vi med

Noreg på 1800-talet

Du bur i eit fritt land. Men det har ikkje alltid vore slik. La oss skru tida ca. 200 år tilbake. Noreg er i ein heilt spesiell situasjon. Dei nasjonalromantiske tankane har nådd landet vårt.

📷   «Stedje i Sogn» av Johan Christian Dahl / KODE

Det var først og fremst teorien til den tyske kulturfilosofen Johann Gottfried von Herder engasjerte nordmenn lét seg inspirere av. Han hadde ein idé om «Volksgeist» eller «Volksseele», som betyr at eit folk eller eit land har ei felles sjel eller ånd. Ved å studere språk, litteratur og kultur kunne ein finne landets nasjonale identitet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.

Noreg, eit kulturelt u-land

Dei nasjonalromantiske tankane når vesle, undertrykte Noreg i rett tid. Ein del av desse tankane var at alle nasjonar hadde rett til sjølvstyre. Vesle Noreg, som har vore i union med Danmark i mange hundre år, er på mange måtar eit u-land, både økonomisk, kulturelt og språkleg.

📷   «Haugianerne» av Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

I 1814 markerer vi sjølvstendet vårt med ei eiga norsk grunnlov. Men kva med den felles nasjonalånda vår? Eksisterte det ei slik etter hundrevis av år med undertrykking?

Inspirert av von Herders tankar startar engasjerte nordmenn ei omfattande jakt på ein felles norsk nasjonal identitet. Dette arbeidet blei eit viktig ledd i nasjonsbygginga på 1800-talet. Vi ønskte å markere for Sverige og Danmark at vi var ein sjølvstendig nasjon med eige styre, eigen kultur og eige språk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.

Jakta på ein nasjonal identitet

Det var først og fremst embetsmenn, altså eliten og overklassa i det norske samfunnet, som starta arbeidet med å kartleggje kva den felles nasjonale identiteten vår kunne vere. Journalistar, kunstnarar, forfattarar og vitskapsmenn tok del i dette omfattande arbeidet. Dei fann mange ting, og dei bestemte tidleg at tradisjonane og levemåten i bondekulturen skulle vere grunnlaget for heile Noregs felles kultur.

📷   «Brureferda i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

Maleriet «Brureferda i Hardanger» av Tidemand og Gude er eit godt eksempel på nasjonalromantikken i Noreg. Måleriet viser eit festleg lag med bønder i flotte folkedrakter, omgitt av vakker natur.

Tidemand og Gude måla bilete som representerte norsk folkeliv og bondesamfunnet. I 70 år arbeidde dei med å definere kva som gjorde oss til ein nasjon. Mange ting vi i dag tenkjer på som typisk norsk, stammar frå førestillingane om det norske som voks fram på 1800-talet. I tillegg til bonden som symbol på nasjonen blei  det viktig å fokusere på naturen, folkediktinga og mangfaldet i språket vårt i arbeidet med å finne den nasjonale identiteten vår.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude

Språksituasjonen i by og bygd

Så kva språksituasjon stod vi i på byrjinga av 1800-talet? Det var stor skilnad på by og bygd. I byane, blant eliten, snakka dei det som blei kalla «danna daglegtale», og dei skreiv på dansk. På landsbygda, der dei aller fleste budde, snakka folk ulike dialektar. Men skrive, nei, det kunne ikkje bonden og barna hans.

📷  «Eventyrfortellersken» av Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

Det var ikkje før i 1860 at det kom faste skulehus, og i 1889 kom folkeskulelova. Denne slo fast at alle norske barn hadde rett til å gå sju år på skulen uavhengig av om dei høyrde til overklassa, middelklassa eller underklassa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann

Språkdebatt som engasjerte og frustrerte

På denne tida stod vi ved eit vegskilje, også når det gjaldt språket vårt. Vi var ueinige om kva for retning vi skulle ta. Dette førte til ein omfattande og til tider intens språkdebatt som starta på 1830-talet og enno går føre seg den dag i dag.

To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.
To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.

Henrik Wergeland

Forfattarane Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven var dei som først starta denne debatten. Dei var ueinige om mykje, som dikting, politikk og språk. Wergeland meinte sterkt at viss vi ønskte å vere eit demokratisk og patriotisk land, måtte vi bryte alle band med Danmark.

📷  Henrik Wergeland av Carl Peter Lehman / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
 

 

 

Portrett av Henrik Wergeland

Johan Sebastian Welhaven

Welhaven, derimot, meinte at landet burde bli styrt av eliten, og at vi hadde verdifulle kulturelle band med Danmark. Dei to leidde kvart sitt parti, Wergeland leidde «Norskdomspartiet», og Welhaven leidde «Intelligenspartiet».

📷  Johan Sebastian Welhaven av W. Tegner & Kittendorff / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Portrett av Johan Sebastian Welhaven

Peter Andreas Munch

Historikar og språkforskar Peter Andreas Munch kom med eit interessant forslag. Han foreslo å lage eit skriftspråk som likna på norrønt. Men det viste seg å vere for komplisert, for dette språket hadde folk for lengst slutta å snakke i Noreg!

📷  Peter Andreas Munch / Offentlig eiendom
 
Portrett av Peter Andreas Munch

Landsmål og riksmål

Har du høyrt om nynorsken og bokmålet sine fedrar? Vi kallar dei det, Ivar Aasen og Knud Knudsen. Aasen kjempa for landsmål og Knudsen for riksmål. Begge hadde tydelege tankar om korleis vi skulle utvikle språket vårt vidare, men dei hadde forskjellige meiningar og tilnærmingar.

Ivar Aasen og Knud Knudsen
Ivar Aasen og Knud Knudsen

Ivar Aasen

Ivar Aasen hadde en tydeleg idé om å byggje eit nytt norsk skriftspråk basert på dialektane i Noreg. Han reiste rundt i heile landet for å lære meir om dei forskjellige dialektane. Språket i byane interesserte han ikkje i det heile tatt. Han ville heller dra til landsbygda for å finne dialektar som ein kunne utvikle til eit felles skriftspråk. Han samla og organiserte dei ulike dialektane han fann, og i 1848 gav han ut «Det norske Folkesprogs Grammatik» og i 1850 «Ordbog over det norske Folkesprog».

📷  Ivar Aasen / Offentlig eiendom
Ivar Aasen, gammelt fotografi

Knud Knudsen

Knud Knudsen hadde ein annan idé. Han meinte at skriftspråket burde byggje på den daglegtalen som eliten snakka i byane. I 1845 skreiv han artikkelen «Om Lydene, Lydtegnene og Retskrivningen i det norske Sprog». Der argumenterte han for at skrivemåten skulle vere basert på korleis dei danna menneska snakka. Skriftspråket skulle vere nær dansk og ta utgangspunkt i korleis eliten i det norske samfunnet snakka.

📷  Knud Knudsen / Offentlig eiendom
Portettfotografi av Knud Knudsen

Same mål, men ulik strategi?

Knudsen og Aasen hadde ulike strategiar i språkstriden, men begge hadde det same langsiktige målet. Knudsen kallar sin eigen strategi «Gradvishetens Vej», mens han kritiserer Aasen for å ønskje «Bråhastens Vej». Knudsen peikar på at det ville ha vore urealistisk for overklassa å akseptere Aasens språkform med ein gong. Han meinte at endringar mot eit reinare norsk språk måtte skje sakte, men sikkert.

En sti som deles til to stier i en skog
En sti som deles til to stier i en skog

Viktige vedtak

I 1885 skjedde det eit viktig historisk vedtak om skriftspråket vårt. Det heitte jamstillingsvedtaket. Det betydde at nynorsk og bokmål skulle bli likestilte skriftspråk. Stortinget stemte over dette, og 78 personar stemte for.

I diskusjonen om språk var skulen viktig. Tidlegare underviste lærarane nesten berre på dansk-liknande språk. Elevane fekk beskjed om å ikkje bruke sin eigen dialekt på skulen. Men i 1887 endra det seg. Eit vedtak sa at lærarane skulle undervise på elevane sitt eige talespråk. Dette bygde på tanken om at dialektane var det ekte norske. I 1892 blei det òg bestemt at kvar kommune kunne velje om lærebøkene i skulen skulle vere på nynorsk eller bokmål.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Klasserom fra tidlig 1900-tallet
Klasserom fra tidlig 1900-tallet

Språkdebatten held fram og held fram

På 1800-talet var språkdebatten viktig for frigjering og nasjonsbygging. Sjølv etter at Knudsen og Aasen var døde, heldt debatten fram. På 1900-talet var det òg mange debattar om språket. Tanken om å smelte saman dei to skriftspråka til éi målform som blei kalla samnorsk, blei mykje diskutert.

Men det skjedde ikkje, og jamstillingsvedtaket frå 1885 gjeld enno. Somme er glade for det, mens andre er frustrerte. I dag jobbar mange hardt for å verne om språket vårt og ta vare på dialektane. Dette arbeidet er viktig i politikken og lovverket.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover

Språkloven og Språkrådet

I språklova står det at bokmål og nynorsk er like viktige språk som skal brukast overalt i samfunnet. Offentlege organ må bruke begge skriftspråka likt. I Noreg har vi eit eige språkråd som jobbar for å styrkje det norske språket og språkmangfaldet. Språkrådet sikrar at språkopplæringa følgjer språkpolitikken.

Alle har ansvar for språkpolitikken og språklova. For at språklova skal fungere, må vi alle vere bevisste på og prioritere arbeidet med språket. Det betyr ikkje at alle skal bli som Knud Knudsen og Ivar Aasen, men at vi skal fremje språkleg mangfald som noko positivt. Det er vi som bruker det norske språket, som må kjempe for å bevare det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Språk er identitet

Noreg er eit lite land med ein rik språkarv. Nynorsk eksisterer framleis, og det minner oss om korleis Noreg braut banda med Danmark og stod stolt på eigne bein som nasjon. Vi leitte i alle krokar av landet for å finne kva det vil seie å vere norsk – bondekulturen, naturen, folkedikting og folkemusikk. Og ikkje minst det mangfaldige norske språket. Språkdebatten viser kor viktig språket er for folk. Det kan knyte oss saman og skape ein felles identitet.

Multikulturell gruppe med ungdommer
Multikulturell gruppe med ungdommer

«Vi ere en nasjon vi med»

Språket vårt er eit symbol på den store frigjeringskampen Noreg stod i på 1800-talet. Kampen for språket var en viktig del av det å oppnå sjølvstende. Etter mange års kamp kunne vi endeleg stolt seie: «Vi ere en nasjon vi med!»

📷  Foto frå barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908 / Nasjonalbiblioteket
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.

Kjelder:

  • Johannes Nymark; Rolf Theil: Dei ukuelege språka (2011)
    Oslo. Fagbokforlaget.

Bilde- og videorettar:

    1. Johan Christian Dahl / Offentlig eiendom
    2. Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    3. Adolph Tidemand og Hans Gude/ Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    4. Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    5. Getty Images
    6. O. F. Knutsen / Riksarkivet / Offentlig eiendom
    7. W. Tegner & Kittendorff / Gyldendalske Boghandels Forlag / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
    8. Offentlig eiendom
    9. Skolerom
    10. Carl Christian Wischmann, 1871 / Oslo museum / Offentlig eiendom
    11. Cappelen / Offentlig eiendom
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. AdobeStock
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom