Vikingane

Handel og handverk i vikingtida

Vikingane sine plyndringar har vorte skildra som valdelege herjingar, men den fredelege handelen som gjekk føre seg i vikingtida, var omfattande.

Norrøn treskjæring
Norrøn treskjæring

Bytehandel

Vikingtida var ei brytingstid mellom den gamle økonomien (vare- og gåvebyte) og den nye økonomien (kjøp og sal). Den mest vanlege måten å skaffe seg varer på i vikingtida, var gjennom bytehandel. Ein kniv kunne bytast mot smør, eller kjøt kunne bytast mot korn, og så vidare.

Ved gåvebyte vart vennskapsband knytte eller fornya. Hovdingar og småkongar ønskte vakre gjenstandar som dei kunne gje til følgjarane sine , som kapper og gull- eller sølvringar.

For første gong i Skandinavia vart handelen også basert på kjøp og sal, uavhengig av partane sin sosiale status og dei personlege relasjonane mellom dei. Men dette kunne gå gale dersom ein kom med eit upassande forslag, som å kjøpe noko frå ein venn i staden for å byte. Då kunne det tolkast som om ein ønskte å oppheve vennskapet, og dette kunne føre til konfliktar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gullbrosje fra vikingtiden
En gullbrosje fra vikingtiden

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!