Ytringsfridom – kan vi seia kva vi vil?
Ytringsfridommen gir oss retten til å seia kva vi meiner. Men kan vi seia akkurat kva vi vil?
Kva er ytringsfridom?
Tenk viss du ikkje fekk lov til å seia det du meiner i klassen. Tenk om du kunne bli straffa viss du skreiv noko på sosiale medium.
I Noreg treng vi ikkje å vera så redde for dette. Vi bur i eit demokrati som passar på ytringsfridommen.
Ytringsfridom er retten du har til å:
- Ytra, altså seia, meininga di – så lenge ho ikkje er hatefull eller diskriminerande (å behandla nokon dårlegare enn andre)
- Ta imot og gi informasjon
Ytringsfridommen er verna av artikkel 19 i FNs verdserklæring om menneskerettar, som blir støtta av heile verda.
Forklaring
Er ytringsfridommen trua?
I mange land blir politikarar og journalistar altså sensurerte fordi dei kritiserer regjeringa. Dei kan ikkje skriva akkurat det dei vil. Då kan dei hamna i fengsel.
Fleire journalistar frå Russland har blitt trua fordi dei skriv kritikk mot president Vladimir Putin. Miljøaktivisten Greta Thunberg har også opplevd truslar for det ho seier om klimaendringane.
Je suis Charlie
Også i land som liknar meir på Noreg, blir ytringsfridommen trua.
Her er det oftast ulike grupper som vil skremma folk til ikkje å seia det dei meiner.
I 2015 blei tolv menneske drepne i Paris fordi dei hadde publisert vitseteikningar av den muslimske profeten Muhammed. Dei drepne jobba for avisa Charlie Hebdo.
Korleis kan vi forsvara ytringsfridommen?
Det er fleire måtar å forsvara ytringsfridommen på.
Statsleiarar i alle land bør bli einige om like lover. Journalistar bør ha lov til å skriva det dei vil, så lenge det ikkje er hatefulle ytringar.
I tillegg er det viktig å melda hatefulle ytringar, og ikkje vera redd for å snakka med nokon om det.
Kjelder:
- FN Sambandet (05.09.2019): Menneskerettigheter
https://www.fn.no/tema/menneskerettigheter/Menneskerettigheter
- Politiet (2020): Hatefulle ytringer på internett
https://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet/hatefulle-ytringer-pa-internett/
- Faktisk.no (31.08.2020): SIAN brente ikke Koranen på demonstrasjonen i Oslo i helgen. https://www.faktisk.no/artikler/26l/sian-brente-ikke-koranen-pa-demonstrasjonen-i-oslo-i-helgen
- Amnesty (2020): Ytringsfrihet
https://amnesty.no/ytringsfrihet?gclid=EAIaIQobChMIgure2fz36wIVlKmyCh2gmwVEEAAYASAAEgI9ufD_BwE
- Orgeret, K (29.07.2020): Charlie Hebdo
Henta frå https://snl.no/Charlie_Hebdo
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
FN
-
Getty Images
-
Sébastien Amiet (CC BY 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-