The Beatles

Fire gutar frå Liverpool med oppsiktsvekkjande frisyrar danna eit band. The Beatles revolusjonerte ikkje berre musikken, men også pop-industrien. Manageren deira meinte at dei var nest størst, etter Elvis Presley.

Accessibility icon The Beatles

Fire gutar frå Liverpool

Mange ungdommar i dag tenkjer på fotball når dei høyrer namnet Liverpool, men byen er òg kjend for eit av dei største rockebanda i verda: The Beatles. Bandet bestod av John Lennon, Paul McCartney, George Harrison og Ringo Starr. Dei spelte saman i berre 10 år, men skapte musikk som aldri kjem til å bli gløymd. Dei fire kompisane forandra heile musikkhistoria.

Visste du at …?

The Beatles hadde 17 såkalla number ones i Storbritannia, og 20 topplasseringar på Billboard-lista i USA. Dette er framleis rekord for eit rockeband.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
The Beatles ankommer USA, Kennedy Airport 1964
The Beatles ankommer USA, Kennedy Airport 1964

Frå gjennomsnittlege til gjennombrot

The Beatles debuterte med singelen «Love Me Do» i 1962. Han vart ikkje nokon stor hit den gongen, men viste at bandet hadde eit særpreg på låtane sine. Først med singelen «Please Please Me» i 1963 toppa dei listene i England. Den store rock and roll-stjerna, Little Richard, vart stor fan. Han hadde aldri høyrt ein slik «sound» frå eit engelsk band. Han sa at hadde han ikkje sett dei, hadde han trudd dei var afroamerikanarar.

Visste du at …?

«Please Please Me» skulle opphavleg ha vore på B-sida på debutsingelen «Love Me Do». Då ville songen sannsynlegvis aldri blitt så populær. Tilfeldigheiter gjorde at han vart gitt ut som eigen singel, og som følgje av dette vart han gjennombrotslåten til bandet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Platespiller
Platespiller

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!