Kva er godt “vêr”?

Korleis påverkar vêret naturen og oss menneske?

Accessibility icon Kva er godt “vêr”?

Vêr og klima

Når vi snakker om vêret, meiner vi gjerne korleis temperatur, vind og nedbør er akkurat no. Viss vi tenkjer oss korleis vêret har vore over ein lang tidsperiode, snakkar vi om klima.

Men kva er eigentleg godt vêr? Det kjem an på kvar enkelt av oss. Nokon liker regn, medan andre liker sol. Nokon elskar snø og minusgrader, medan andre føretrekkjer sol og varme på ei badestrand. Uansett kva slags vêr vi liker eller ikkje, får vi ikkje gjort så mykje med det.

Temperatur

Vi oppfattar temperatur ulikt. For å kunne fortelje kor varmt eller kaldt det faktisk er, bruker vi eit termometer for å måle temperaturen.

Temperaturen varierer veldig på jorda. I enkelte område er det veldig varmt, medan det i andre område er veldig kaldt. Temperaturen varierer òg mellom årstidene; det er varmare om sommaren og kaldare om vinteren.

Dei som bur i områda rundt ekvator, har det varmare enn dei som bur andre stader på jorda. Ekvator går rundt midten av jordkloden.

I Noreg er det varmare om sommaren enn om vinteren. Det er fordi vår del av jordkloden er nærmare sola om sommaren enn om vinteren.

Det er ikkje berre sola som avgjer temperaturen på jorda. Skyer er òg med på å halde på varmen.

Havstraumar

Havstraumar fører med seg varmt vatn mot kaldare område. Ein slik havstraum er Golfstraumen. Han fører med seg varmt vatn frå Mexicogolfen opp mot Noreg, og gjer klimaet vårt mildare enn det ville ha vore utan.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Vind, høgtrykk og lågtrykk

Lufta rundt oss bevegar seg, og vi kallar dette for vind. Vinden kan vere så sterk at han riv tak av hus og flyttar bilar. Den aller sterkaste vinden blir kalla for orkan. Vinden kan òg vere så svak at knapt eit strå bevegar seg.

Lufta veg noko

Varm luft er lettare enn kald luft, og den varme lufta stig derfor til vêrs. Det kan du undersøkje viss du måler temperatur ved golvet og taket i eit rom. Då vil du sjå at det alltid er varmare oppunder taket enn ved golvet.

På grunn av at varm og kald luft bevegar seg, blir det skapt vind.

Høgtrykk og lågtrykk

Viss vi har mykje kald luft,  blir det kalla for eit høgtrykk. Da får vi ofte pent vêr.

Når det er mykje varm luft, blir det  kalla for eit lågtrykk. Då får vi ofte dårleg vêr. Men kva er eigentleg dårleg vêr?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nedbør

All nedbør består av vatn og kjem som regn, snø, sludd og hagl. Om nedbøren kjem som regn eller snø, avheng av temperaturen. Når den varme lufta stig og blir avkjølt, ser vi vassdampen som skyer på himmelen.

Når varm luft stig og møter kaldare luft, kan det òg bli torevêr. Då vil elektriske ladningar som oppstår, utløyse lyn.

Lyn over byen St. George
Lyn over byen St. George

Kjelder:

  • Seter, Kristin: vær i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/vær
  • Dannevig, Petter: strøm – havstrøm i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå  https://snl.no/strøm
  • Pedersen, Bjørn: temperatur i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/temperatur
  • Harstveit, Knut; Sivle, Anders Doksæter; Evans, Anna Kathinka Dalland: lufttrykk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/lufttrykk

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images